Søk i denne bloggen

mandag 7. mars 2011

Nordfjord

Ny kort oppdatering. Denne helga var eg på Nordfjordeid, og det var kjempekos. Det blei ei fin feiring av mor til Erlend, og eg fekk helsa på mange slektninger. Søndag fikk eg og reist innom Edel og besøkt mine to søte småsøsken. Dei har vokst kjempemykje sidan sist eg såg dei, og Alexander (den minste) kan allereide gå/springe omkring. Ellers fikk eg og henta nokre av dei siste tinga som var på Jølster, dermed er det kun et par ikkje så viktige ting igjen i byn. Eg har mange ganger tenkt at eg må bli flinkare til å kaste ting. Kva skal eg med gamle skrivebøker fra 3 og 4 klasse? Men det blir stort sett alltid med tanken, og det gjer flytting til et stort prosjekt. En dag SKAL eg ta en opprydning, og eg skal og (kanskje) kaste en masse ting som eg ikkje treng lenger. Dersom dette blir for smertefullt får eg heller prioritere litt meir enn vanlig og gi bort en del av det eg egentlig ikkje brukar lenger.

Ellers gleder eg meg veldig til neste helg. Da står Bergen for tur igjen og denne gangen blir det ekstra stas sidan mi gode venninne Mariann fyller år. Det blir kjempefint å sjå ho att, og om tida strekk til skal eg også møte venninner fra eks-kullet.

Eg avsluttar nok engang med bilder. Denne gangen fra fagre Nordfjordeid!

Translate

La vita è bella

About me: