Søk i denne bloggen

fredag 22. april 2011

påskekrim

Eg og mi vakre og kloke søster Eva har alltid likt å skrive. Min karriere som skribent begynte vel så fort eg skjønte at tastatur og datamaskiner var en god oppfinnelse som kunne hjelpe meg med å formidle tanker og til og med gjere dei klarare i prosessen. Mitt første spenstige romanforsøk tipper eg oppstod rundt 13-14 års-alderen. Det første spenstige forsøket var en 50-sider lang "nervepirrende" roman med det overbevisande navnet "Blitzen langt ned". Med stor entusiasme prøvde eg å overbevise min vakre og smarte venninne Torunn om at eg hadde skreve et stort mesterverk, en one-hit wonder som alle ville få stor fornøyelse av. Eg meinte til og med at vi måtte prøve å filme underverket, og med iver og mot skulle eg altså omskape alt til manus. Slik er det å vere 14 år med et drøymande hjerte. Det er morsomt å lese det som eg hadde skreve då idag. Sidan den gang har eg skreve litt, men ikkje så mykje. Det blei nokre fleire romaner, halvveis påbegynt og aldri med nokon slutt. Men meg og Eva har då ikkje gitt opp ånden heilt (Justering; Eva sin skriveånd er fortsatt veldig oppegåande, mens min heller er litt slapp i fisken). Den våkner til rundt påske, og vi har dei siste åra gjort det til eit prosjekt å skrive påskekrim. Krimmen fra ifjord blei vi ikkje heeilt ferdig med, men i år gjer vi nok eit forsøk, og dersom vi kjem fram til en høveleg morder skal resultatet publiseres på kvar vår blogg. Sidan vi skriv kvar vår del hersker det fortsatt forvirring rundt morderens identitet. Det blir interessant å sjå resultatet. Skal skrive på min del imorgon, og før det kanskje publisere starten.


Ha ei god påske så lenge!

Translate

La vita è bella

About me: