Søk i denne bloggen

torsdag 24. februar 2011

På plass (sånn ca)


Nokre ganger lurer eg på kor fort det er mulig for tida å gå. Sidan dette er eit velkjent og ferdigdiskutert tema skal eg ikkje gå vidare innpå kor mykje fortare tida går etterkvart som åra går sin gang, men nøye meg med å påpeike at her har vi endå eit tilfelle at det samme. Idag har vi komt til slutten av februar, og det er ganske lenge sidan sist eg skreiv. Eg skylder på energinivået mitt, som har vore overraskande lågt dei siste vekene. Det på tross av at eg både natt til mandag, tirsdag og onsdag sov 9 timer kvar natt! Men i natt, då eg faktisk har klart meg med 7,5 timer søvn, kom energien plutselig fram igjen!
Dette kan også skyldes at ting virkelig begynner å falle på plass; Lista over livets nødvendigheter fylles stadig ut. Leiligheten er fortsatt ikkje ferdigmøblert, men eg trur at eg får skaffa og henta mange ting i Bergen denne helga. Det andre punktet som befinn seg på lista er at eg har skaffa meg bil! Det skal bli ufattelig herlig med fridommen dette innebærer. Eg kan reise oftare til Jølster, eg kan kjøpe tunge ting på butikker, og kan sove bittelitt lenger om morningen. Ellers er det enda et lyspunkt på lista, nemlig at Erlend kjem på besøk heile neste veke. Etter helger som har gått alt for fort, får vi endelig litt meir tid med kvarandre. Med andre ord, no mangler det få ingredienser før lista er komplett, noko eg er særs tilfreds med. I forhold til Førde tar det nok enda litt tid før eg får like mange positive assosiasjoner som eg har mot byen med de syv fjell, men det finnes då sjarmerande trekk med denne plassen og. Blant anna er det mange hyggelige folk her, både på jobb og ellers. Sjølv om det ikkje skjer allverda her, så finnes det faktisk quiz-kveld på onsdager og kinoen er også oppegåande (sjølv om eg dessverre hadde sett filmen som gikk forrige veke). Det finnes også treningsstudio, basseng og butikker. Eg har tenkt å benytte meg av førstnevnte og sistnevnte, og så får vi sjå korleis resten blir etterkvart!

Det blir alt for denne gang. Ha ein fin kveld alle sammen!

Translate

La vita è bella

About me: