Søk i denne bloggen

torsdag 7. juni 2012

Dialog i mørke Hong Kong

Hong kong kan by på så mangt, og ikveld var ikkje noko unntak. Litt usikker og nysgjerrig møtte eg opp til dialouge in tre dark, som guideboka rosa og som dermed måtte prøves ut. Ein skulle egentlig møte opp tjue minutter før, men da kart har en tendens til å forvirre heller enn å klargjere i tillegg til at shopping hjertet mitt igjen banka litt for heftig, var oppmøte femten min seinare enn planlagt. Vi var ei gruppe på sju stk som venta spent på oppstart. Det einaste vi visste var at vi skulle få utdelt blindestokker som vi måtte føle oss fram med. Vi måtte under ingen omstendigheter miste den på golvet og plukke den opp, fordi det visstnok var veldig farlig. Eg begynte eit hundredelssekund å lure på om forestillinga heitte dangerous in the dark og ikkje dialouge In The dark, men kom til at dei nok ikkje sendte sju personer i den sikre død. Utstyrt med stokker blei vi så leda mot ei dør. Vi visste ingenting om kva som befant seg bak der Anna enn totalt mørke. Vi gikk i samla flokk og fikk beskjed om å følge stemma til Henry, som var guiden vår. Det var mykje klussing med bruk sv blindestokken og fomling med henda, for vi såg virkelig ingenting. Vi blei leda gjennom mørket på denne måten. Heile tida stilte han spm om kva vi la merke til og kor vi sannsynligvis var. Vi var iløpet sv turen innom både ein båt der vi i blinde måtte sette oss i stoler som så vibrere mens sjø-lyder blei avspilt, på en marknad der vi måtte gjette kva som blei solgt ved å identifisere varene i blinde, og i en mørk bar, kor vi bestilte drikke og drakk uten at vi såg nokon ting. Det var særdeles merkelig å gå rundt på denne måten. Det blei mange bråstopp når eg gikk i folk foran meg, og eg var kanskje litt vel ivrig med blindestokken nokre ganger. Guiden vår er faktisk blind og har vore det sidan han blei født, og turen ga oss en liten smakebit på korleis eit slikt liv faktisk må vere. Ein ting eg fort la merke til svar korleis ein automatisk benytta seg meir av andre sanser. Teen eg kjøpte smakte forunderlig mykje betre når eg ikkje såg nokonting enn det den vanligvis gjer. Dette var en annerledes og morsom turist-attraksjon som eg nok vil huske lenge. Ellers har eg og opplevd den fantastiske øya CHeung chau, som ligg en halvtime utanfor der eg bur. Det mest fascinerende var kanskje kor utrulig tom for turister den vAr, særlig med tanke på at den hadde ei nydelig Strand og eit rolig og avslappet miljø. Det blei faktisk ein lenger gå-tur opp til øyas utkikkspunkt, som virkelig var vakkert. Resten av dagen bestod av avslapning på stranda, noko som var høgst nødvendig etter mykje vandring dei forutgående dagene. Føttene mine har virkelig fått gjennomgå, men eg trur no også at dei er fornøgde med tanke på kor urovekkende lite dei har blitt brukt det siste året. Eg har faktisk ikkje handla så mykje her, da kinesere et bittesmå mennesker som treng tilsvarende kle, men det har vore moro å gå rundt in gatene likevel. Idag fann eg eit heilt shopping-senter kun for brudeting! No er det snart ut for å få i seg noko mat, forhåpentligvis uten nudler denne gangen.. Ellers blir det fly til BAngkok tidlig imorgen, som betyr at eg er klar for enda fleire eventyr. Håper alt er fint i NOrge og at dokke nyt smaken av grovt brød, leverpostei og brunost!

Translate

La vita è bella

About me: