Søk i denne bloggen

lørdag 30. juni 2012

Luftig eventyr

No er eg begynt på en ny del av turen, nemlig den meir sosiale delen. Akkurat no er eg i ho chi minh city på andre dagen. Så langt har tida blitt brukt på handling, og eg er klar til å la visa-kortet få velfortjent kvile for ei stund. Har sett alle som skal vere med på turen, sidan dei kom til hotellet og skulle sjekke inn. Dei fleste har vore med på turen fra Kambodsja og kjenner kvarandre nok litt bedre,men det er også to nye jenter fra Storbritannia, som blir med fra idag. Greit å ikkje vere dei einaste so er nye. Sitt i sola ute no.  Det er over tretti grader, og svetten renn. Eg har på en måte nesten blitt vant med det, så har gitt opp og tørke den vekk heile tida, men behagelig har det ikkje blitt.

Det var kjekt møte gruppa. Jentene fra storbritannia var søstre og veldig åpne og pratsomme. Den eine jenta, Gemma, har nettopp avslutta utendlandssemester i nord -Korea, og studerer psykologi. Hanna, lillesøstra, elsker fotografering men jobber no i barnehage. Den første timen satt vi og snakka med guiden om praktiske ting, før vi alle gikk til felles middag, som blei både en velkomst og avskjedsmiddag da en skulle forlate gruppa. Når vi gikk til middagen styrtregna det. Verken vi eller resten av gruppa hadde opplevd regn hittil, så det var ganske overraskende. Vi måtte dele paraply med noen som hadde,eg gikk under med neven fra Canada.sidan vi snakka heile veien og gikk bak med to andre, mista vi dei andre og rota oss litt bort. Heldigvis blei en sendt ut for å finne oss, så det gikk veldig bra. Kvelden gikk fint, og det var skikkelig godt å vere sosial igjen.


Litt tid har gått sidan sist gang. Ho chi min var en god opplevelse. Dagen gikk med til å føle på huda korleis krigen måtte ha vore, ved at vi besøkte skyttergravene og krmuseum med bilder fra dei som var skadelidende. Akkurat no sitt eg på senga til nattogey, som egentlig skulle vore framme klokka ni, men som er tre timer forsinka. Romma har plass til fire senger, eg fikk heldigvis ligge nederst. Vi er på vei til hue som er eit shopping og matparadis. Her blir det og aktiviteter som buffalo-ridning, matskule, sykling og motorsykkeltur. Ikkje heilt bestemt meg kva eg skal enda, så får sjå det litt an. Vi var nettopp i nga trang, kor det blei to dager med strandliv. Ganske behagelig og berre slappe av, men den andre dagen blei eg veldig solbrent På tross av at eg var raus med solkremmen.  Det som var aller kjekkast var at eg turte noko som eg egentlig var redd for på stranda. Det heile var alt Anna enn planlagt, men det er ofte slik dei beste opplevelsene blir til. Egentlig låg eg og sola meg og kosa meg med ei god bok da to gutter fra gruppa kom gående forbi. Dei hadde oppdaga eit skilt med vannsport-aktiviteter, og snakka ivrig om det. Eg sa heile tida at eg definitiv ikkje kom til å utsette meg for en nærdød-opplevelse, men dei var veldig insisterende, og sidan eg ytte sterk motstand hadde eg plutselig pruta ned prisen så mykje at det ville vore dumt og ikkje gå. Det vi skulle, var å få på seg fallskjerm som var knytta til ein båt som altså skulle dra oss ut på havet. Eg skulle altså vere høgt oppe i lufta, festa til eit tau som eg berre måtte stole på var trygt. Eg var i bunn og grunn veldig skeptisk, men hadde man bestemt seg, var det jo egentlig berre å hoppe iuti det. Dei festa meg godt, spurte om eg var klar og så bad det avgårde. Eg småsprang mot vatnet og fallskjermen gikk raskt opp i lufta bak meg. Når eg var komt til vannkanten var eg allereie over bakken, og før eg visste ordet av det var eg høgt, høgt oppe. Det avr skikkelig skummelt først, men når eg først var oppe og registrerte ta eg fortsatt levde var det fAktisk gAnske ok. Eg kunne sjå langt utover, menneska på stranda blei bittesmå og sjøen var berre glitrende og vakker på avstand. Eg hadde det fint mesteparten av den fem minutter lange turen, som gikk fra høgt til endra høgre, i tillegg til at båten køyrte saktere tre ganger slik at føttene kom nedi vatnet. Sidan en fortsatt blei dratt bortover, måtte eg springe i vatnet. Første gangen gløymte eg det, og blei berre dratt bortover, men dei to andre gangene fikk eg det til, og da var det veldig moro!  Det som var mindre moro var det å skulle lande. Når vi nærma oss land igjen og eg fortsatt var alt for høgt oppe, tenkte eg dette kan aldri gå bra. Det blei ikkje bedre av at plasseringa i lufta vAr omtrent rett ovenfor ein stor påle som såg veldig lang og spiss ut. Eit halvt sekund lurte eg på om mitt siste åndedrag skulle tas på toppen av verdens største grillspyd, men heldigvis gikk det bra. Landinga var heller ikkje så verst, eg klarte og stå på beina uten for mange rare begavelser, og var gAnske stolt over meg sjølv. Det er så lenge sidan eg har turt noko som innebærer litt risiko, og det var igrunn herlig å kjenne hjertet slå og føle adrenalinet i kroppen.

Resten av dagen var og fin. Gruppa vår hadde felles middag og gikk på bar etter at vi var gode og mette. Snakka masse med ei som heiter NAtasja, og ellers to gutter fra Calgary som er veldig hyggelige folk. Gruppa er veldig åpen, og dei fleste snakker med alle. Vi gjer likevel ofte aktiviteter i mindre grupper, så fungerer ganske bra så langt.

Ellers er dagene ganske hektiske. Det blir mykje pakking, forflytning og lite søvn, men det føles faktisk mindre stressende ut no enn før, sidan eg slepp og stå for planlegginga. Det er herlig at bussen som skal ta deg til neste plass, står klar og venter, og at det ikkje blir mykje bæring og slit. I tillegg står mykje av bagasjen igjen i bangkok på langtidslagring, så eg reiser lett og prøver å ikkje kjøpe så mykje Anna enn små suvenirer. Har funne ut at det nok er lurast, da kvaliteten på det som kjøpes er ganske dårlig. Har allereie kasta to topper og eit skjørt fordi det begynte og revne etter ekstremt kort tid, og eit par med sko eg kjøpte gikk faktisk opp i liminga så lite som en time etter eg brukte dei første gangen. Men det er en del av det, og eg tar det ikkje særlig tungt. Fokuset mitt no er og berre kose meg, som før! 

Håper alle koser seg masse i Norge, eg tenke på dokke og gleda meg og til å komme heim :) 


Translate

La vita è bella

About me: