Søk i denne bloggen

mandag 11. juni 2012

Masserende stress

Akkurat no sitt eg og får pedekyr etter en halvtime med massasje. Er egentlig litt stressa, sidan eg ikkje finn lommeboka som eg veit eg hadde istad. Den skal vere her, men fant den ikkje etter ein særs kort leiteseanse som innebar at eg måtte inn igjen i massasje rommet eg kom fra. Det ordner seg nok.

Massasjen var sånn middels bra. Det er akkurat som om dei aldri treff dei punkta i nakken eg håper på. Det beste var nok hovud-massasjen, der eg virkelig slappa godt av. Idag har forsåvidt vore en ganske rolig dag. Vi tok bussen til sentrum, og gikk så på grand places. Det var veldig fint! Masse glam i alle farger, så godt fornøgd med det.

Eg trur den pedikyren virkelig trengtes, ser det er en del død hud til overs. Litt ilt innimellom, men som min mor sa: En må lide for skjønnheten. Dessuten trur eg føtta mine er bra lei av diverse mishandling gjennom gåing på hard asfalt. Igår fikk dei for eksempel virkelig brukt seg mens meg var på Bangkok sitt største marknad. Eg fant dessverre ingen kle, men kjøpte en del småting. Det var først etter å ha gått rundt i strøket til hostellet at eg fann nokon plagg. Håper berre dei ikkje fell fra kvarandre med en gang. En kan aldri vere heilt sikker på kvaliteten. 

Skal fortsatt handle litt idag, og så må det pakkes om. Planen er å sette igjen masse ting til langtidslagring, og reise lett etter det. Hostellet har oppbevarings-mulighet, så det skal nok  gå veldig fint. Dei neste dagene blir mest sannsynlig strandliv. Vær-meldingene er litt variable, men så langt har vær-meldinga vore til dårlig hjelp, så har komme fram til at den ikkje kan stoles på!

Litt seinare no. Etter det eg skreiv leita eg etter lommeboka mi saman med alle dei ansatte. Den var sporløst forsvunne. Eg fikk sperra kortet mitt og måtte erklære den for tapt. Det var heldigvis ikkje mykje penger i den, og eg har reservekort, så det ordner seg. Det mest irriterende var rett og slett tida som blei kasta bort på leiting og venting. Sånt skjer på tur, så det er berre og legge det bak meg, eg er fortsatt like heil og ved godt mot:)

Translate

La vita è bella

About me: