Søk i denne bloggen

søndag 8. juli 2012

Pass me luck

You lose some, you win some. Sannsynligvis en av dei mest sanne setningene g har hørt. Turen min har nemlig så langt bestått av en del uflaks. Nokon ville kanskje sagt at det er fordi eg er distré og klumsete, sidan eg sjeldent passer på tinga mine og kor eg går, men eg syns eg har vore litt i overkant uheldig også. Det har ikkje gjort så mykje, sidan penger ikkje betyr like mykje som før lenger, men når det begynner å gå utover ferien min, da blir det for mykje. Det ironiske er at vi har vore veldig flinke til å passe på passa så langt, eg har heile tida fått spm om kor eg har det hen og måtte alltid sjekke at det låg der. Når ein slakker på oppmerksomheten, skjer der visst, så i framtida skal eg definitivt passe på igjen. Det var altså passet mitt som forsvann denne gangen, noko eg naturligvis ikkje oppdaga før vi hadde komme oss til vien Vang, som låg fire timer unna der eg mista det.

Vi skulle egentlig ut å ete med gruppa da eg oppdaga at det var vekke. Gikk gjennom heile bagasjen, men kunne ikkje forstå kor det var blitt av.  Fortalte det til Brett, reiselederen, som sa eg måtte tilbake dit vi kom fra for å få midlertidig reisetillaelse. Istedenfor å vere med på aktiviteter i vien Vang, kor dei skulle på noko som heiter tuibing og kunne velge mellom klatring, sykling og atv, måtte eg stå opp tidlig for å ta buss tilbake der eg kom fra. Fire timer med mini-van som køyrte meg til det norske kongress-senteret der en danske jobba. Han hadde dessverre lang lunsj-pause når vi kom, som førte til at vi måtte vente meir. Han kunne skrive ut et midlertidig reisebevis, men eg trengte også politi-attest for at eg skulle komme meg over grensa. Dessverre køyrte tuk-tuken oss til feil plass, som tok lang tid før eg fant ut, og derfor blei det overnatting i vientienne til dagen etterpå. Var ok resten av dagen, sjølv om eg savna gruppa og tenkte på at eg kanskje ikkje kunne vere med på resten av turen. Kjøpte høgtaler til ipoden min, og såg etter digital-kamera. Fikk også endelig klipt håret mitt og tatt en etterlengTa dusj. 

Neste dag stod eg opp tidlig for å ordne dei siste detaljene for å få midlertidig pass og gikk igjen til immigration office kor eg ikkje likte meg. Dette fordi dei som jobbA der dagen før begynte å le når eg sa eg hadde mista passet og var generelt lite høflige. Han eine sa eg burde ha komme til dei tidligere, sjølv om eg ikkje hadde mulighet til å komme før. Neste dag vAr dei litt hyggeligare. Eg fylte ut skjema, og leverte to pass-foto, og så sa dei at eg måtte vente en og en halv time fordi sjefen måtte underskrive. Imens eg venta ringte Brett for å fortelle en god nyhet: Dei hadde funne passet mitt på flyplassen. Når eg kom tilbake til immigration office for å forklare dei dette, venta det meg en ny overraskelse: passet var på deira kontor! Offiseren forklarte at han budde nær en av dei ensatte på flyplassen, og at han derfor hadde fått overlevert passet mitt med instruks om å kontakte meg. Det var flaks i uflaks. Hadde eg ikkje hatt uflaks med tida dagen før, ville eg ikkje overnatta g dermed hatt større problem med å få tilbake passet mitt. VAr veldig fint å få det tilbake igjen.

Seinare på dagen tok vi fly til luang prabang, kor resten av gruppa vAr. Flyet var forsinka, så vi var ikkje framme før sju. Kjempefint å sjå alle igjen, og å kunne fortsette turen. Brett erta meg litt for passet og har i etterkant alltid minna resten av gruppa på at vi må ta vare på passet vårt. 

Luang prabang var en kjempefin liten landsby. Dagen etter eg kom, reiste vi til en park der det var bjørner og fossefall. Mange bada og gikk heilt opp til toppen av fossefallet. Eg kom meg ikkje heilt opp siden eg hadde glatte sko som eg sklei utav og som førte til at eg fallt i den bratte bakken. Var likevel en fin tur med eit vAkkert landskap. Det var også godt at det var så stille, sidan vi nettopp hadde vore i Hanoi, som vAr en veldig bråkete by kor en ikkje følte seg trygg i trafikken. I luang prabang var det derimot grønt, mange dyr, hyggelige folk og lite mas. På kveldstid gikk vi dessuten på noko som heiter bit brother, kor vi hjalp lokale tenåringer med engelsken deira. Eg snakka hovedsakelig med ein Gutt som var seksten og ei som var fjorten. Han hadde øvd på engelsk i tre år, ho litt mindre. Dei stilte masse smp, og kunne snakke ganske godt engelsk. Vi fikk og vite mer om dei og deira kultur, noko som var veldig interessant.

Kvelden blei avslutta med mat og volleyball på en resturant kalla utopia. Gikk ganske tidlig heim siden vi skulle tidlig opp dagen etterpå for å reise videre. Akkurat no sitt eg på en elvebåt som skal ta oss over Grensa til Thailand. Vi brukte heile dagen på båten igår og, kor eg fikk lest litt bok og vi alle spilte kort og resistace. Vi overnatta i nokre nydelige hytter inne på land, som viste seg å ha et tett toalett, men det var ok siden vi dere skulle vere der berre ei natt. Vi måtte stå opp enda tidligere idag, sidan vi må komme til grense-overgangen ganske tidlig. Har vore fint å slappe av litt etter mange hektiske reise-dager, men no er eg klar for mange aktiviteter igjen. 

Ellers er alt fint. Veldig bra gruppe, kor alle snakker med alle og er kjekke og smarte folk. No er det berre seks dager igjen av turen, og eg skal nyte ldei siste dagene til fulle. 

Translate

La vita è bella

About me: