Søk i denne bloggen

lørdag 18. august 2012


Fra Morgan Freeman:
Always give 100 %, unless you`re donating blood


Det beste er å gi

Eg liker livet mitt akkurat no. Det er fint å vite at eg bidrar med noko, uansett kor lite det måtte vere. Har kanskje ein sentimental periode: Kan plutselig sitte med tårer i augo når eg ser andre behandler kvarandre bra. Feks når Marthe og Trond-Åge krangler om kven som skal få lov til å spille med kun den andres beste i tankene, eller når eg les gode bøker om flotte folk, som three cups of tea og a perfect hostess. Eg prøver å bidra på min måte, og eg elsker følelsen når eg ser andre føle lykke og glede når dei har fått til noko, uansett om det er å lage eit flott måltid, har vunne noko som betyr noko eller fordi dei berre er glad for å vere til. Vi må tenke over dette litt av og til. Alle seier det, men vi gløymer det lett. Til meir man gjer det, til meir blir det automatikk. Eg syns det er viktig å sei kva man tenker, har nokon en egenskap eller seier noko du har sansen for, gi tilbakemelding på dette. Alle kan så mykje, og gjer heile tida noko dei kunne trengt å få anerkjennelse for. Blant anna spelte eg med ei 13 år gammal jente idag som var kjempeintelligent! Særlig etter 22 juli har dette blitt sentralt. Korleis held vi ut når vi veit om ondskapen som kan oppstå? Med å gjere alt vi kan for at det skal bli eit godt samfunn, for at det meste skal vere trygt og fint, for at folk skal kjenne så mykje glede som det er mogeleg, og også søke trøst om negative hendelser oppstår.

Med dette ønsker eg alle ein fin lørdags-kveld. Ta vare på kvarandre, for det er så viktig.

                                     Fantastisk bok om ein mann som ville
                                       bygge ein skule og som endte opp med å
                                       skape ei ny verd for mange barn i midtøsten.
                                        For eit mot og ein dedikasjon!


Translate

La vita è bella

About me: