Søk i denne bloggen

søndag 26. august 2012

I natt jag drømde

Eg les idag Firda med stadig større fortvilelse. Det er slagsmål, kasting av flasker, biler som køyrer i fjellveggen, og generelt mykje fyll. Sjølv jobber eg til daglig med å halde motet oppe hos mennesker som syns livet kan vere tungt. Det eg ser, både på overordna og individ-nivå er at det mangler lim. Lim som binder oss saman til kvarandre og gir oss meining: Felleskap. 


Suu kyi protesterte mot undertrykking ved ikkje-vald. Vi kan seie kva vi meiner og samtidig  ikkje undertrykke andre. Ser man saman om noko og viser samtidig korleis en vel å stå saman, kan endringer skje.
Det er mykje vondt i verda. Eg les boka morgen i Jenin, reiser til Kambodsja og oppdager kva ein dårlig leder kan gjere med et heilt folk og følg med på 22 juli. Korleis forheld man seg til denne typen svikt i verda? At folk gyv løys på kvarandre heller enn å finne løysingar? Eg har valt å sjå mot nokre av mine idol: Gandhi, suu kyi og Mortensen (Three chips of tea) gir meg mot. Det alle har til felles, er en holdning som fremmer samhald på en ikkje valdeleg-måte. Det viser seg at dei som står fram med meninga sine utan å knuse andre sin rett til å tale, kan komme langt. Mortensen er spesielt inspirerende for meg, da han dedikerte livet sitt på å bygge skuler i midt-østen, og personlig reiste rundt og snakka med dei lokale. Han holdt løfter og respekterte kulturen dit han kom, som gjorde andre meir åpne for nye idear. 

Tilbake til Sogn og fjordane. Vi ser at fleire unge flytter ut, dei finn seg ikkje til rette. Eg har sjølv møtt mange som seier : det skjer ingenting her. Folk resignerer og flytter. Eg har sjølv vore på pikant ein fredags kveld og undra meg: I store byer ville dette vore annleis. Folk går ut og møter nye folk, eller treff gamle, så ofte som råd. Eg trur egentlig det er mange der ute som ønsker meir kontakt, men det er vanskelig å vere den første som tar steget. 

Gruppa aktiviteter i Førde prøver å samle folk. Vi arrangerer ting der alle kan vere med, ofte utan dei store utgiftene. På fredag var vi tolv personer på pikant, alle folk som ønsker å vere sosiale, men som ofte ikkje får muligheten om dei ikkje er friluftsmennesker. Det blei en fin kveld. Vi fokuserte på samhald og alle var åpne for samtaler med ukjente folk. Stemninga var god: Eg blir alltid glad når eg ser folk ha det trivelig. 

Med dette vil eg oppfordre andre om bli en del av felleskapet. Vi kan gjere det, noko som Rosetog etter den 22.juli viser. Vi bryr oss jo alle, egentlig, vi treng berre sjansen til å vise oss fra vår beste side.

http://www.facebook.com/groups/forde.aktivitet/


Translate

La vita è bella

About me: