Søk i denne bloggen

søndag 16. september 2012

Dag to: morgenstund

 Morgenstund

Dag 2 i Tyrkia Eg og Torunn vakna litt vel tidlig Idag, særlig med tanke på at vi snakka nokre timer før vi sovna igår kveld. Men på tross av at klokka norsk tid er sju no, føler eg meg relativt pigg. Det er noko som skjer med meg på ferie trur eg, kroppen slapper meir av på dagtid og har kanskje dermed ikkje like stort behov for søvn. Igår kveld tok vi dessutan eit tradisjonelt tyrkisk bad, med sauna, skrub, innsåping, ansiktsmaske og massasje, så kroppen fikk mykje pleie. Etterpå glinsa vi om kapp med sola, og følte oss ganske avslappet generelt sett. Vi fikk og spist god mat, eg en omelett med vel mykje jalapenos (spesielt med tanke på at eg ikje liker det) og kyllingsuppe på kvelden, mens Ingvild og Astrid hoppa rett på noko dei begge hadde gleda seg til: Biff på la luna. Vi fikk og handla inn litt frokost på ei lokal sjappe, så no har eg allereie fått i meg en forholdsvis sunn frokost til syden og vere.  

Idag er planen enkel: Strand, god mat og enda meir avslapning. På slutten av denne turen kjem vi til å vere så late at vi kanskje ikkje gidd å ta flyet tilbake :) Det er godt å ha det slik nokre dager; Ein sjelden luksus man ikkje får gjort så mykje av i kvardagen! 

Ingen fridde i Jølster - Sigmund Falch - Innbundet (9788251658041) » Bokklubben

Translate

La vita è bella

About me: