Søk i denne bloggen

tirsdag 30. oktober 2012

Lyden av dagen derpå (after the storm)

Lyden av dagen derpå

Gårsdagen var fyllt av vind, regn og orkan, som framkalla redsel og bekymring for kva livet vil bringe. Erlend var i New Jersey med reiselinja, og nyhetene gjorde jobben sin og skremte meg grundig. Eg fikk sove, heldigvis, og vakna klokka fire med bankande hjarte. Hadde det gått bra? Kva visst ikkje? Tenk om..? For å stoppe tankene mine fra å lamme meg, stod eg skjelvande opp i kulda og sjekka mailen min. Lettelsen bølga over meg: Dei var trygge, og stormen var over.

Eg sovna, og sov så djupt at eg forsov meg, noko som eg sjeldant gjer. Trudde dette betydde en stressende dag, men i bunn og grunn var det veldig fint. Eg fikk nemlig ikkje med meg morgenundervisninga, og kunne dermed sette meg ned å planlagge dei to første timene eg skulle ha den dagen.

Lang jobbhistorie, kort fortalt: Timene med tre av mine favoritt-pasienter var skremmande spesielle. Eg trur eg var så overfokusert på det eg gjorde, at alt berre "klikka" på plass. Det er som når alt berre var staka ut på forhånd og vi fulgte veien, og kom til plasser vi ikkje heilt visste eksisterte. Den siste pas. sa "Du traff ei nerve"., og dette fra nokon som trudde at det ikkje fantes følelser der i det heile.


Etter jobb skunda eg meg på hotellet, for å svømme, og så skulle eg noko eg lenge hadde tenkt på: Nemlig prøvesynge for koret surround.

Må berre fortelle korleis eg følte meg, for eg var nemlig ekstremt nervøs, meir enn eg har vore nokon gang før (nesten). Tok kjempelang tid før eg klarte å synge, sjølv om det berre var ho der og sjølv om eg har sunge foran folk mange ganger før. Men orda ville berre ikkje komme ut, det satt så langt inne. Sikkert fordi eg har tenkt så mykje på dette: Ka om eg egentlig syng heilt forferdelig? Er det verdt det? Eg tør ikkje! Masse sånne tanker, men tilslutt tvang eg megsjølv til å synge. Begynte med foolish games av Jewel, og det gikk som venta, heilt elendig. Eg skalv meg gjennom første linje, hadde feil tempo og klarte ikkje å roe meg sjølv ned. Måtte gi meg når eg hadde sunge gjennom referenget ein gang. Eg tok nokre djupe magadrag, og begynte på sang 2 ganske fort, fordi eg var på stadiet da eg egentlig berre ville ha alt overstått. Det begynte vaklande, også der, men blei i alle fall litt betre etterkvart. Fortsatt mista eg tempo nokre ganger, eg måtte sjå på teksten, som eg prøvde å pugge fem min før eg skulle synge, og klarte ikkje å gjennomføre det som eg ville. Men, målstreken var der uansett, og det einaste eg kunne tenke på var at det snart var overstått. 

Slutten kom, og eg utbraut: Dette var helit forferdelig samtidig som eg tok ein svingete bevegelse rundt meg sjølv som sikkert var eit uttrykk for opphopa energi som måtte ut (Gudsjelov at eg ikkje hadde drukke kaffi idag, tør ikkje å tenke på kor oppskrudd eg ville vore da). Eg trakk fram en stol, og deisa letta ned i den. No kunne dommen komme, det viktigste var at eg endelig var ferdig med marerittet. Eg var veldig spent, men hadde heldigvis ikkje tid til å tenke for mykje på det. Så begynte ho å snakke, samtidig som hjertet mitt banka unormalt fort.

Eg blei overraska over kor mykje fint ho sa, særlig med tanke på korleis eg syns det gikk, men ut strømma det setninger som festa seg til hjartet mitt med ballonger og løfta det opp. Stemma mi hadde ein spesiell klang som ho blei veldig interessert i, en slik klang som er vanskelig å finne, særlig på dei mørke partia. Det var akkurat det dei har lite av i koret, og det var også ei stemme som passar som hånd i hanske til pop-sanger. Ho trudde stemma mi har potensiale: At dersom eg får lært meg å bruke den riktig, kan det virkelig bli noko flott. At det var en kraft i den som førte til at eg i bunn og grunn kunne synge alt, sjølv om eg ikkje trur det sjølv. Eg rista litt overrumpla på hovudet, dette kunne ho ikkje meine? For å overbevise den som sjeldant lar seg overbevise, lot ho meg rett og slett prøve med å gå lenger og lenger opp i toneart. Eg måtte på slutten nesten holde meg for øyra, fordi eg syns det var fælt å synge så høgt. Eg tenkte heile tida: No må ho slutte å gå opp, dette går ikkje bra, no blir det skjærande falskt og fælt, men ho pusha meg til eg trudde det virkelig skulle briste (og ga seg heldigvis der, siden eg okka og oya meg som om verda skulle gå under). Ho spurte: Har du nokon gang sunge så høgt før? Eg rista forundra på hovudet og sa spontant: "Nei"!

Etterpå sa ho kva ho tenkte om det eg nettopp hadde gjort: At eg hadde komme meg opp dit ho tok meg, uten «effort» og at dette fortalte ho at eg hadde veldig godt gehør, og nok engang at ho trudde mykje kunne oppnås. Eg kunne vere ein «Alt-sopran», som eg ikkje skjønte betydninga av før ho forklarte det som at eg var en slags varm brukbar potet. Eg fikk litt bakoversveis, og smilet stod ut til alle kanter. Dette var det siste eg hadde venta å høyre, eg hadde forventa å ligge på slaktebenken kor bit for bit blei kasta i restavfallet.

Dette betyr ikkje at ho var heilt fornøgd; Ho sa det fortsatt var mykje å lære, spesielt med tanke på at eg tenderer til å synge nasalt innimellom. Ho viste nokre rare munnbevegelser eg måtte øve meg på, som utløyste en usammanhengande og forvirrande forklaring om at eg ikkje klarer å speile bevegelser særlig godt. Da ansikts-mimikken henna blei meir spesiell for kvart snakkande sekund, nøya eg meg til slutt med å nikke fint med hovudet, og seie at jada, eg skal øve. Og det skal eg. Til øyrene mine sprekk av toner i både lavt og høgt toneleie. Eg gleder meg; No skal eg få gjere enda meir av det eg liker på fritida mi, og musikk har jo alltid vore en av dei store drømmene mine. Det føles nesten for godt til å vere sant, og eg forbereder meg no på ein eller annan stor skuffelse. Men: BRING IT ON, no skal eg ta det som kjem med fire and without foolish games :)

Hurra for livet, og at eg turte å ta sjansen på alt.

Mine "Audition-sanger"
Foolish games- Jewel


Set fire to the rain- Adele

Translate

La vita è bella

About me: