Søk i denne bloggen

fredag 9. november 2012

Energi-tilførsel

Klokka er halv sju, det er november og mørkt ute. Små regndråper drypper mot taket, men ellers er det stille rundt meg. Eg har laga meg ein kopp te og drukke juice; Frokosten får vente litt enda. Amadeus har vore ute på ein kort utforskingstur, men mista fort piffen sidan regnet blei for sterk kost. Han har vore en skikkelig uskikkelig pusekatt i det siste: Først pilar han ut mellom beina mine, og må motstrebendes bærast tilbake i huset etter ei intens jakt som han oppfatter som ein morsom leik. I tillegg har han lært seg kloringen kunst, og krydra dette med biting på toppen. Resultatet er små røde streker over heile armen, så no er eg særdeles lekker.


 
Små troll veks til
Ellers har det vore ei ganske rolig    veke. Jobb kvar dag, og har fått svømt  to ganger. Ein av gangene med  Ingebjørg, som viste seg å vere ein knallhard trenings-intruktør. Det blei fleire intervaller, som bestod av  uklassiske    bevegelser, høg puls og ein følelse av å slite seg heilt ut, som i bunn og grunn ganske herlig. Eg har og vore og svømt med finaste Maria og Amina (datra), som også alltid er like kjekt. Maria har vore ei klippe, som seier akkurat dei tinga eg treng å høyre. Andre har også vore heilt supre i det siste, og nokre har dessverre forsvunne. Då tenker eg spesielt på Nils, som no har flytta til Oslo kor han skal begynne å forske på følelser i terapi. Ein hyggelig og flink psykolog     

som kjem til å gjere det stort i Oslo, det er eg overbevist om. Eg har og snakka mykje med Kjersti, som seier ting som "Må man alltid gjere ting så perfekt?" og får meg til å føle meg hakket meir avslappa og rolig. Eg er også veldig stolt av min fine søster, som stortrives i Bergen og virka veldig fornøgd. Eg skal også snart heim til Årdalen, og helse på småttingane som berre blir mindre og mindre små for kvar dag som går. 

Decoupage
Har og lagt inn bilde av mitt nye hobby-prosjekt: Decoupage. Limer inn masse småting fra blad og aviser, pynter med forskjellig materiale fra min rikhaldige scrapbook-samling, og limer over alt dette slik at det held seg fint i lang tid. Etterpå heng eg dei ferdige bilda opp på veggen. Har begynt på mange, som eg ikkje er ferdig med, men har mange halvferdige, og tre heilt ferdige som no dekorerer kjøkkenskap med oppskrifter og bilder av sunn mat. Får også sjansen til å scrappe i sosiale lag, sidan pandura no har begynt med hobbykveld ein gang i månaden. Dei fleste lager kort, men nokon driv med scrapbooking, og eg altså med dette. Det ser nok litt spesielt ut; Dei fleste har organisert sine ting i stilige vesker og bokser, mens eg kjem med ein slitt rema-1000 pose kor alt er blanda saman i ein lapskaus. Til mitt forsvar var dette ein stor fordel: Finn fram, klæsj noko ned og VOILA, så har eg fått gjort noko, samtidig som eg er sosial og fokusert på andre, utan at det går utover kvaliteten på arbeidet (i alle fall ikkje veldig mykje). Dette blir en av dei tinga eg kjem til å dille med idag, i tillegg til å forhåpentligvis få vaska stova. Skal også lese litt, om tida tillet det, noko som den forhåpentligvis gjer om eg klarer å ikkje surfe så mykje på pinterest og ellers let fingrane vere i ro. Seinare skal eg opp og sjå Andrine sin nye leilighet saman med Astrid, som er heime fra Leikanger (Hurra!). Vi reiser muligens på "byen" etterpå, så om nokon skal ut i Førde er det berre å sei fra.

                  
      Ha ein strålande og energifylt dag, alle saman!

Ha ein riktig spenstig dag

Translate

La vita è bella

About me: