Søk i denne bloggen

søndag 4. november 2012

Lyden av travle dager som trekker pusten

Dei siste to vekene


Roen senker seg, til slutt. Eg har begynt på episode 2 av downtown Abbey, har satt knekkebrød i ovnen, er ferdig med rydding og vasking for denne gang, har svømt på hotellet og er klar for ei ny veke på jobb.

Jobb er fint. Forrige uke var spesielt kjekt, med samtaler som eg trur gleda både meg og personene som satt ovenfor meg. Følelsen når folk tar sine første nølande skritt på en sti som leder en mot et bedre liv, er alltid like nervepirrende. Man spenner seg i kroppen, krysser av for positive tanker tenkt og sagt, og overlater resten til viljen og motivasjonen. Den finns alltid der, visst ikkje hadde det ikkje vore nokon i stolen min, ord hadde ikkje komme ut av munnen og blinka vore senka. Når energien begynner å strøyme igjen, er det merkbart. Det er eit heva hovud, bestemte skritt og mot der det før var sorg og smerte. Ein må alltid tenke at det går an, at det aldri er for seint, uansett kva det gjeld.

Dei to siste vekene har vore travle og innhaldsrike for meg. I tillegg til jobb, som allereie nevnt, kor eg har blitt utfordra og har måtte bruke alt eg har, har eg også funne på mykje på fritida. Eg har vore på jentekveld på Marcel der bloggeren Synnøve Sorthe sminka, kommenterte på antrekk og tok bilder av oss som var der. Det eine bildet blei mitt nye profilbilde, eit av dei få bilda tatt med speilrefleks, som faktisk fallt i smak.
Eg har vore på italiensk-kurs og fryda meg over gåsehud-framkallande ord, kjent den herlige ettersmaken av ei god treningsøkt i bassenget, og møtt mange fine folk igjen. Det beste var tapas ved sidan av pikant for to veker sida, kor både Andrine, Astrid, Torunn, Ingvild,Ole Kristoffer og Kent var med, alle kom langvegs fra. I tillegg var det en del fra gruppa, så vi var over 20 personer til slutt, som kosa oss med velsmakende retter fra det spanske kjøkkenet, og til dessert gode cupcakes som vi hadde fått tak i tidligere på dagen. Vi prøvde sjølv å lage nokre kopier, men eg kan nok ikkje med hånda på hjertet, påstå at det var det samme.

Eg har også jobba hardt for gruppa Aktiviteter i Førde. Var på eit veldig givande møte med Johan Bengtson, som jobber på Førdehuset, og kom med masse flotte idear til framtidig samarbeid. Eg skal kanskje få presentere gruppa offentlig, og vi får mulighet til å leige lokale i kjellaren på huset. I tillegg fikk vi snakka om ting som kunne vere kjekke å starte opp, f.eks teatergruppe og stress-mestrings kurs. Vi snakka og om kva som skal til for å få folk med: At det å gjere noko ilag er sjølve nøkkelen til fellesskap og vidare samarbeid, og det at dei som tør å møte første gangen på et nytt arrangement, alltid dukker opp på nye, vitner om at det vi gjer faktsik har meining. Førde er nok ein plass der folk har grodd litt fast i gamle rutiner beståande av jobb, middag, aktiviteter til barma og nokre timer foran skjermen. Men dei fleste lengter etter noko meir, og det er aldri for seint å begynne med ting som er annerledes og inkluderende.
Fine gamlegjengen, endelig samla igjen (bortsett fra to jenter, som vi så klart sakna der). Fra v. Torunn, Ingvild, Andrine, Astrid og meg.


Eg har også fått tid til å lese boka «En dåre fri» som eg virkelig elska fra første til siste side. Det å kunne lese om noko psykologisk på ein slik sår og ekte måte, samtidig som språket tilfredsstiller gleden sine smaksløker, heler sjela. Når eg lukka boka sat eg med ein følelse av at denne burde alle lese, litt som etter eg las «kvinnen som kledte seg naken for sin elskede».


Fleire og fleire småting har også blitt fiksa. Eg har no etablert meg som privat psykolog, men har foreløbig kun har hatt en pasient. Eg har brukt nesten alle pengene vi fikk fra frifond, og kan sjå tilbake på flettekurs, tre sosiale treff med mat, planlagt hukommelses-kurs med sjølvaste Oddbjørn By, hekle og strikkekurs. Det har vore kjekt, eg har fått gjort veldig mykje forskjellig.

No er eg straks klar for en roligere periode, som kanskje blir fylt med meir ettertanke. Ikkje alt har vore bra den siste tida, men som eg nettopp høyrte på Downtown Abbey: "We all have chapters we rather not publish". Det som har skjedd må knyttast saman til resten av livshistoria mi, denne litt travle og veldig sosiale meg, må flettast inn med meir rolige dager som har kjenneteikna livet mitt før. Det er fint å kunne vere i begge univers, og foreløbig syns eg kanskje det universet kor mykje skjer, er det mest innhaldsrike.
Veien til toppen

Translate

La vita è bella

About me: