Søk i denne bloggen

søndag 25. november 2012

you don`t yet know What I Did Last (evening) Summer.



Klokka er 21.23, Monica, Cathrine og eg har sett Hysteria (som faktisk var morsom) og åte masse pop-corn. Så finn eg etter nokre glas med Raspberry Mojito ut at det er ein lur idè med chatting før vi vender nasa mot Førde sentrum.

Eg begynner litt usammanhengande å snakke om kor mange ting eg vil, her er korleis det fortset:


                       C.Vil ka?







9:23pm


Nina ErHer:Alt :)








9:24pm


C.:Og det vil sei? Fordi alt kan bety mykje rart




Eg skjønner ikkje heilt ka du meiner..
9:28pm


Nina ErHer:At verda er en fin plass :)









9:28pm


C:Stemmer det ;-)








9:32pm


Nina ErHer:Ja!








9:33pm


C.:Ikkje at setningane din henger logisk sammen.. Men heldigvis er eg snill :)

Eg hadde det ellers meget underhaldende igår, på tross av at eg ikkje fant leg. når vi skulle avgårde (fant den på soveromsgolvet idag, verdas mest logiske plass). Sidan tresken var litt i overkant strenge (eg er da trossalt 27 år!) gikk eg for å prøve lykken på Pikant, og der fikk eg heldigvis komme inn i varmen. Kom rett inn på avslutninga av eit turnus-lege julebord, og fekk helsa på fleire hyggelige smartinger. Dei skulle på tresken, så gjensynsgleden var kortvarig, men oppe møtte eg på enda to kjente gladlerker, som eg var med resten av kvelden. 


Livet er hardt for små kattepuser
Når eg vakna idag tidlig, var ikkje humøret like ekstatisk lenger; Hovudet ga klar beskjed om at alkohol er en uting, og kvalmen ville også ha sin del av oppmerksomhets-kaka. Etter vimsete rydding og ståande spising av min egenkomponerte spinat og kylling-pai, kom formen seg gradvis. Når eg endelig fann nøkkelen og kortlommeboka mi, var lykkenivået igjen på eit meir tålelig nivå, og når eg no både har fått svømt og fått spist egg rulla i masse usunt salt, føler eg meg ganske så normal att. Planen for resten av dagen er å få gjort italiensk-leksene mine (som eg endelig har begynt å sette meg ned med), få scrappa litt og kose med den beste av alle; Vesle Amadeus, som akkurat no sitt ved sidan av meg og sukker dramatisk på skikkelig kattevis. Han er krølla saman til ein lodden puse-ball, og maler som ein sprek motor. Det er nesten slik at eg ikkje har lyst til å røre på meg, sidan eg sitt i ei lun og behagelig boble. Men eg kan ikkje snike meg unna gramatikken for alltid, skal eg virkelig lære det vakraste språket i verda, må eg kanskje gjere ein innsats også, eg kan ikkje legge lit til at hjernen min knekk gramatikk-koden på eigenhand. Eg set inn nokre fine bilder her, sidan dokke kanskje syns det var så kjekt å lese dette, at dokke skulle ønske det kom meir. Ordtaket anbefaler jo bilder heller enn ord, så eg tar sjansen på at det demper litt av lese-suget.

Ha en strålande søndag, alle menn og kvinner!

Kle og noko attåt.

You turn me upside down




Fra Pinterest.
http://pinterest.com/ninjafighter/

Translate

La vita è bella

About me: