Søk i denne bloggen

lørdag 30. juni 2012

Luftig eventyr

No er eg begynt på en ny del av turen, nemlig den meir sosiale delen. Akkurat no er eg i ho chi minh city på andre dagen. Så langt har tida blitt brukt på handling, og eg er klar til å la visa-kortet få velfortjent kvile for ei stund. Har sett alle som skal vere med på turen, sidan dei kom til hotellet og skulle sjekke inn. Dei fleste har vore med på turen fra Kambodsja og kjenner kvarandre nok litt bedre,men det er også to nye jenter fra Storbritannia, som blir med fra idag. Greit å ikkje vere dei einaste so er nye. Sitt i sola ute no.  Det er over tretti grader, og svetten renn. Eg har på en måte nesten blitt vant med det, så har gitt opp og tørke den vekk heile tida, men behagelig har det ikkje blitt.

Det var kjekt møte gruppa. Jentene fra storbritannia var søstre og veldig åpne og pratsomme. Den eine jenta, Gemma, har nettopp avslutta utendlandssemester i nord -Korea, og studerer psykologi. Hanna, lillesøstra, elsker fotografering men jobber no i barnehage. Den første timen satt vi og snakka med guiden om praktiske ting, før vi alle gikk til felles middag, som blei både en velkomst og avskjedsmiddag da en skulle forlate gruppa. Når vi gikk til middagen styrtregna det. Verken vi eller resten av gruppa hadde opplevd regn hittil, så det var ganske overraskende. Vi måtte dele paraply med noen som hadde,eg gikk under med neven fra Canada.sidan vi snakka heile veien og gikk bak med to andre, mista vi dei andre og rota oss litt bort. Heldigvis blei en sendt ut for å finne oss, så det gikk veldig bra. Kvelden gikk fint, og det var skikkelig godt å vere sosial igjen.


Litt tid har gått sidan sist gang. Ho chi min var en god opplevelse. Dagen gikk med til å føle på huda korleis krigen måtte ha vore, ved at vi besøkte skyttergravene og krmuseum med bilder fra dei som var skadelidende. Akkurat no sitt eg på senga til nattogey, som egentlig skulle vore framme klokka ni, men som er tre timer forsinka. Romma har plass til fire senger, eg fikk heldigvis ligge nederst. Vi er på vei til hue som er eit shopping og matparadis. Her blir det og aktiviteter som buffalo-ridning, matskule, sykling og motorsykkeltur. Ikkje heilt bestemt meg kva eg skal enda, så får sjå det litt an. Vi var nettopp i nga trang, kor det blei to dager med strandliv. Ganske behagelig og berre slappe av, men den andre dagen blei eg veldig solbrent På tross av at eg var raus med solkremmen.  Det som var aller kjekkast var at eg turte noko som eg egentlig var redd for på stranda. Det heile var alt Anna enn planlagt, men det er ofte slik dei beste opplevelsene blir til. Egentlig låg eg og sola meg og kosa meg med ei god bok da to gutter fra gruppa kom gående forbi. Dei hadde oppdaga eit skilt med vannsport-aktiviteter, og snakka ivrig om det. Eg sa heile tida at eg definitiv ikkje kom til å utsette meg for en nærdød-opplevelse, men dei var veldig insisterende, og sidan eg ytte sterk motstand hadde eg plutselig pruta ned prisen så mykje at det ville vore dumt og ikkje gå. Det vi skulle, var å få på seg fallskjerm som var knytta til ein båt som altså skulle dra oss ut på havet. Eg skulle altså vere høgt oppe i lufta, festa til eit tau som eg berre måtte stole på var trygt. Eg var i bunn og grunn veldig skeptisk, men hadde man bestemt seg, var det jo egentlig berre å hoppe iuti det. Dei festa meg godt, spurte om eg var klar og så bad det avgårde. Eg småsprang mot vatnet og fallskjermen gikk raskt opp i lufta bak meg. Når eg var komt til vannkanten var eg allereie over bakken, og før eg visste ordet av det var eg høgt, høgt oppe. Det avr skikkelig skummelt først, men når eg først var oppe og registrerte ta eg fortsatt levde var det fAktisk gAnske ok. Eg kunne sjå langt utover, menneska på stranda blei bittesmå og sjøen var berre glitrende og vakker på avstand. Eg hadde det fint mesteparten av den fem minutter lange turen, som gikk fra høgt til endra høgre, i tillegg til at båten køyrte saktere tre ganger slik at føttene kom nedi vatnet. Sidan en fortsatt blei dratt bortover, måtte eg springe i vatnet. Første gangen gløymte eg det, og blei berre dratt bortover, men dei to andre gangene fikk eg det til, og da var det veldig moro!  Det som var mindre moro var det å skulle lande. Når vi nærma oss land igjen og eg fortsatt var alt for høgt oppe, tenkte eg dette kan aldri gå bra. Det blei ikkje bedre av at plasseringa i lufta vAr omtrent rett ovenfor ein stor påle som såg veldig lang og spiss ut. Eit halvt sekund lurte eg på om mitt siste åndedrag skulle tas på toppen av verdens største grillspyd, men heldigvis gikk det bra. Landinga var heller ikkje så verst, eg klarte og stå på beina uten for mange rare begavelser, og var gAnske stolt over meg sjølv. Det er så lenge sidan eg har turt noko som innebærer litt risiko, og det var igrunn herlig å kjenne hjertet slå og føle adrenalinet i kroppen.

Resten av dagen var og fin. Gruppa vår hadde felles middag og gikk på bar etter at vi var gode og mette. Snakka masse med ei som heiter NAtasja, og ellers to gutter fra Calgary som er veldig hyggelige folk. Gruppa er veldig åpen, og dei fleste snakker med alle. Vi gjer likevel ofte aktiviteter i mindre grupper, så fungerer ganske bra så langt.

Ellers er dagene ganske hektiske. Det blir mykje pakking, forflytning og lite søvn, men det føles faktisk mindre stressende ut no enn før, sidan eg slepp og stå for planlegginga. Det er herlig at bussen som skal ta deg til neste plass, står klar og venter, og at det ikkje blir mykje bæring og slit. I tillegg står mykje av bagasjen igjen i bangkok på langtidslagring, så eg reiser lett og prøver å ikkje kjøpe så mykje Anna enn små suvenirer. Har funne ut at det nok er lurast, da kvaliteten på det som kjøpes er ganske dårlig. Har allereie kasta to topper og eit skjørt fordi det begynte og revne etter ekstremt kort tid, og eit par med sko eg kjøpte gikk faktisk opp i liminga så lite som en time etter eg brukte dei første gangen. Men det er en del av det, og eg tar det ikkje særlig tungt. Fokuset mitt no er og berre kose meg, som før! 

Håper alle koser seg masse i Norge, eg tenke på dokke og gleda meg og til å komme heim :) 


mandag 18. juni 2012

To inntrykksfulle dager i SIem Riep

Flatt så langt auget rekk. Den gode, gamle følelsen av ro legg seg over meg. Sit akkurat no på bussen som skal ta meg til siem riep. Der venter det seks dager med luksus som begynner på eit fire-stjerners hotell. Ganske annerledes enn kva eg så langt har budd på med andre ord. For det første har det ikkje engang vore hotell, for det andre har eg opplevd alt fra små, koselige maur med oversTadig begeistring for intimitet med mennesker og iplader, Steingolv som ga føttene mine en lekker sot-aktiv finish, toalett der det var forbudt å hive toalett-papir i do og kvadratmeter som har har gitt kreativiteten min mange spennende utfordringer. 

Eg kom meg relativt uskada gjennom turen til Kambodsja. Som nevnt i mitt tidligere innlegg hadde eg lest diverse på nettet som passa fint inn i mitt paranoide tankesett som fint klarer å tenke ut dei mest Spektakulære mareritt-akti ve tankene  kan tenke seg. Stephen king ville vore stolt av meg. Men det gitt altså fint, bortsett fra klønete ting fra mi side grunna trøtthet. For eksempel klarte eg å snuble så lang eg var når eg skulle gå eit lite trinn opp, men glømte at foten også må dragast med, i tillegg til å gi meg et nydelig kaffi-påført brannmerke på låret etter et dårlig forsøk på å sette meg på det vesle buss-setet. Det som var igjen av kaffien blei bannlyst, sidan dei produserte fleire problem enn den løyste, men ellers var Bussturen til grensa heilt grei, bagasjen kom med, og visumet koM mykje raskare enn nettet hadde advart mot. Eg var likevel nervøs når vi skulle ta gratis-shuttle Bus til bussterminalen, og lurte på eit tidspunkt på om dei som lever av å lure folk faktisk kunne ha laga til en falsk turist-buss og buss-terminal.  Eg blei ytterligere engstelig når tidspunktet for når bussen skulle gå, blei til fem, ti, en halvtime og så 45 min etter det opprinnelige tidspunktet. Heldigvis var det en ekte buss,  med ekte afrikansk tenkemåte omkring tid.

Framme ved buss-stasjonen blei vi møtt av guiden vår og hans sjåfør. Vi hadde på veien møtt en slovaker, som fikk sitte på med oss ned til byen. Hotellet var veldig fint, med heilt anna standard enn det vi så langt har vore vant til. Lobbyen var som ein ball-sal, og smilende pikkoler gjorde alt for at vi skulle vere fornøgde. Vi fikk velkomst-drink og blei plassert i djupe stoler mens guiden fortalte om planen for dei to neste dagene i SIem Riep. Koffertene blei bært opp på rommet, som også var over all forventning. Det var til og med ein liten veranda der, med utsikt til eit flott svømmebasseng. Den første middagen var på hotellet, kor fisk og grønnsaker blei servert. Når eg såg brokkoli ligge på tallerkenen, fikk eg lyst til å utføre ein jubeldans! Middagen var god, og dei ansatte gjorde iGjen Alt dei kunne for å forsikre seg om at ingenting mangla. Må innrømme at eg følte meg litt brydd nokon ganger når eg ikkje fikk gjort noko særlig sjølv, særlig frokosten dagen etter der dei var raske med å bære fat til meg og spurte om alt mulig.  Den første dagen var forøvrig over all forventning. Vi begynte kl ni og blei guida heile dagen fram til kl halv fire. Vi fikk sjå forskjellige templer, kor høydepunktet var ankor wat og tempelplassen som var overgrodd av tre og planter (Tomb raider blei filma der).  Guiden fortalte også mykje om krigen dei siste hundre åra og om Kvardagslivet til folk flest. Om kvelden var det ny middag som denne gangen var ein stor buffet med forskjellig mat. Eg prøvde å smake litt på alt, og fant en del gode ting, men også smaker eg måtte slåss meir med. Den største utfordringa var ein rett som nesten hadde eg såpe-aktig smak.  Det skulle vise seg at denne retten var ganske typisk, så det blei ikkje første gangen eg ikkje åt opp det som blei servert, noko som stort sett var like greitt, sidan det alltid kom et stort antall retter på bordet. 

Middagen blei ellers avslutta med tradisjonell dans fra Kambodsja. Denne bestod for det meste av lite bevegelse, bortsett fra med henda, som heile tida rotete i unaturlige vinkler. Guiden sa i ettertid at alle måtte øve på dette når dei gikk på skulen, fingrene skulle vere mest mulig fleksible, og det var stor ære for  den som fra naturens side hadde meir bøyelige ledd. Etter dansen følte vi for å vere modige, og prøvde noko guiden ivrig hadde anbefalt, nemlig fiske-skrubb. I anbefalinga si hadde han spøkte med at vi kom til å bli renska til beinet, noko eg ikkje heilt klarte å le av. Skrubben var ein stor tank plassert midt på gata, med masse små fisker i. Poenget var å ta føttene nedi, slik at fiskene fikk mulighet til å ete opp død hud på føttene. Eg sleit veldig med å ta føttene nedi. Første gang eg prøvde, og ein glsd fisk kom svømmende, gikk føttene mine opp igjen som eit lyn. Etter ei stund med slik vingling bestemte eg meg for å berre gjere det, og ho ved sidan av meg ga meg heller ikkje noko anna valg, sidan ho var svært behjelpelig med å trykke føttene nedover. Fiskene kom med ein gang og begynte med suttinga si. Det var ein sær opplevelse. Det kitla, krible og eg veit ikkje ka meir. Eg smålo på en merkelig måte, og følte meg generelt rar. Reklame-plakaten som lova at en ville føle seg funny and happy, var ikkj så langt fra sannheten, sjølv om eg ikkje heilt veit om eg var spesielt happy. Eg holdt det gåande i heie to min, til eg fikk nok og brakte beina mine i trygghet. Erlend var derimot mykje tøffere, og blei sittande heile femten min mens fiskene forsynte seg grådig av festmåltidet. Han fikk også gratis massasje på lkjøpet, noko som ikkje akkurat gjorde saken verre. 

Det blei også litt karaoke etter opplevelsen. I Asia leiger man eit rom for seg sjølv, og syng så lenge hjertet lyster. Herlig! 

Dagen etterpå var den beste. Da var fokus kambodsja og dagliglivet, og vi fikk både sett floating village og korleis folk budde. Floating village består av mange hus som er bygd på bambusstokker på vatnet. Dette er fordi monsoontida innebærer flod, og dermed må dei kunne flytte på husa for å kunne overleve. Husa var veldig primitive, og dei hadde kun det mest nødvendige. Dei lev og ein ganske isolert tilværelse, med få nye inntrykk. Det Vanlige var at lokale gifta seg med kvarandre. Alt vAtnet dei brukte kom fra elva, til og med drikkevannet, på tross av at dette var det samme vatnet som blei brukt som toalett. Landsbyen viste virkelig kontraster verdt og tenke over. 

Den siste delen av dagen fikk vi sitte på med vogn dratt av to okser. Dette var og gjennom en landsby med enkle kår, og vi blei etterpå invitert inn i huset til familien som eigde oksene. Vi hilste på alle familiemedlemmene, inkludert ei koselig gammel bestemor som ikkje kunne eit ord engelsk, men som likevel lo og lo med verdens mest smilende og uttryksfulle ansikt. En kjempefin måte å sei adjø til ein by som ga meg mange fine minner.

torsdag 14. juni 2012

Etappe to

Typisk at en våkner tidlig når en ny reise står for tur. Klokka er berre litt over fem no, og eg har gitt opp og krype inn igjen i drømmeland. Min overaktive fremre del av hjernen har tydeligvis sitt og seie, og siden den meiner det er veldig viktig og fortelle meg ting når eg egentlig skal sove og sidan den ikkje lar seg lure av mine fantastiske psykologiske virkemiddel akkurat no, så heiser eg det kvite flagget og overgir meg. Som nevnt skal vesle meg ut i den store verda igjen. En burde kanskje tru at eg har blitt vant til hyppige forflytninger allereie, da det no nærmer seg en mnd på tur, men nei! Eg trur kanskje det til og med er viktig for meg og ha slike stunder med undring innimellom, det er ein måte eg får tid til å tenke over alle inntrykka så langt og får mulighet til å glede meg til det som fortsatt skal skje. Den delen av turen som eg begynner på no markerer dessutan en overgang. Så langt har ferien nemlig ikkje vore veldig sosial, med nokre unntak. Den neste delen, eller etappe to av Asia-opplevelsen blir heilt annerledes sidan det da blir felles organisert tur med kilroy.  Eg er veldig spent,  noko som min tidlige oppvåkning viser. Det minner litt om natta før europaturen i 2000. Den natta sov eg riktignok ingenting, men det var ei særs minneverdig natt, i og med at eg la meg under stjerne-klar himmel heime og filosoferte over det eine og det andre. Eg husker også kva nokre av mine tidligere kull-venninner sa etter deira Asia-tur : det var veldig fint og reise, men nokon ganger fikk en nesten ikkje tid til å bearbeide alle inntrykka. Eg merker sjølv økt behov for å skrive og tenke gjennom ting.

Idag går turen videre til Kambodsja. Det blir buss fra Bangkok, og turen kjem til å ta ca ti timer. På nettet blir det gitt mange tips om korleis komme seg til målet, og det virker rett og slett litt travelt. Ein må ikkje under nokon onstendigheter snakke med folk som prøver å tilby billige turer på grensa, då man fort risikerer og bli køyrt til feil plass og lurt for mykje penger. En må bytte transportmiddel fleire ganger, særlig ved grenseovergangen, og nettet beskriv at dette ofte blir varme og ubehagelige turer. Eg er fornøgd så lenge målet nås før alt for seint ikveld, så krysser fingrene for at reisepenger følger meg på veien. Ofte er ein avhengig av en del flaks:  Når eg var i Agadir (marokko) og vi skulle videre til marrakech med buss, var det nokre marokkanske menn som slengte bagasjen sin inn i deira buss. Dei snakka så klart ikkje engelsk, og det fantes ingen informasjon ellers på stasjonen som skapte anna enn total forvirring. Heldigvis var det en lokal student der som kom bort og hjalp oss frivillig. Koffertene blei fjerna fra bussen og plassert på nytt inn i den bussen vi skulle ta. Gudene veit kor vi hadde havna uten hans hjelp. Tilsvarende flaks hadde vi og i Hong kong, da hostellet skulle oppsporast. Det befant seg nemlig inne i ein stor marknadshall som vi nok hadde gått forbi om det ikkje var for ei jente som hadde vore på samme buss som oss og som viste oss veien til heisen vi måtte ta opp ti etasjer for å komme fram.  Folk kan vere veldig snille, så det er gull verdt når ærlige mennesker dukker opp. Kambodsja skal visst vere kjent for å ha veldig mange lommetyver, så no blir det viktigere enn nokon gang å passe på tinga sine. Det meste blir forøvrig stående her. Eg har kun med meg nødvendige toalettsaker, kle for ni dager, nokre bøker, speil-refleks og nokre andre småting som må vere med. Resten blir stående her på hostellet til eg er tilbake om ein mnd. Dei fleste tinga eg har handla får dermed vere ifred. Det blir veldig godt og reise med mi ndre bagasje, så eg trur på mange måter at den neste månaden ikkje blir alt for slitsom. 

Eg ønsker også å bruke litt plass til å skrive om maten på turen, sidan eg vakna opp med lyst på ei nybakt, varm og grov skjeve med masse smør og brunost eller leverpostei på. Eg hadde ein mistanke om at brød kom til å bli eit stort savn, og rett fikk eg. Frokosten her på hostellet består av corn-flakes, loff og tynn te utan smak. Av pålegg kan hostellet friste mellom to valg: appelsinmarmelade eller jordbærsylte. Det er sannsynligvis sju år sidan sist , men som eg allereie har lært av min gode venn Jan fra Singapore, så er søte ting Veldig normalt til frokost i Asia. Ellers består måltider av mykje ris og nudler, også tilbehør som eg ofte utelukker i Norge. Men syns i utgangspunkt et maten her er meir tiltalende enn i Kina, der alt var 'spicy'  og dermed umiddelbart erklærte krig mot smaks-løkene og appetitten min. Det hjalp heller ikkje at vanlige 'små snacks' som kunne kjøpes fra utallige boder, ofte bestod av illeluktende supper som ein ikkje ville vite kva inneholdt. Som Nils Martin sa før reisa: En spør ikkje før etterpå kva ein faktisk har stappa i seg.  Nokre ganger føles det som eg har landa midt i en episode av Robinson-ekspedisjonen. 

 Det skal også seiast at eg har åte gode ting og. Flymiddagen fra Hk til Bangkok står fram som eit glitrende eksempel, i tillegg til skikkelig kinesisk and i Beijing. Maten her er også fullt etande, og eg har fått tak i tilnærma grovt brød en eller to ganger. Det minner meg ofte på kor glad eg er i heimlandet mitt og Europa generelt,  og eg skjønner kor heldig eg er som har alt eg treng og meir til i mitt lille land. Klisje, men dog en alle bør oppleve for å få litt perspektiv på ting.

Det får bli alt for denne gang. Trøttheten innhenter meg, så eg skal synke under dyna litt til før eg står opp til neste etappe på turen min! 

mandag 11. juni 2012

Masserende stress

Akkurat no sitt eg og får pedekyr etter en halvtime med massasje. Er egentlig litt stressa, sidan eg ikkje finn lommeboka som eg veit eg hadde istad. Den skal vere her, men fant den ikkje etter ein særs kort leiteseanse som innebar at eg måtte inn igjen i massasje rommet eg kom fra. Det ordner seg nok.

Massasjen var sånn middels bra. Det er akkurat som om dei aldri treff dei punkta i nakken eg håper på. Det beste var nok hovud-massasjen, der eg virkelig slappa godt av. Idag har forsåvidt vore en ganske rolig dag. Vi tok bussen til sentrum, og gikk så på grand places. Det var veldig fint! Masse glam i alle farger, så godt fornøgd med det.

Eg trur den pedikyren virkelig trengtes, ser det er en del død hud til overs. Litt ilt innimellom, men som min mor sa: En må lide for skjønnheten. Dessuten trur eg føtta mine er bra lei av diverse mishandling gjennom gåing på hard asfalt. Igår fikk dei for eksempel virkelig brukt seg mens meg var på Bangkok sitt største marknad. Eg fant dessverre ingen kle, men kjøpte en del småting. Det var først etter å ha gått rundt i strøket til hostellet at eg fann nokon plagg. Håper berre dei ikkje fell fra kvarandre med en gang. En kan aldri vere heilt sikker på kvaliteten. 

Skal fortsatt handle litt idag, og så må det pakkes om. Planen er å sette igjen masse ting til langtidslagring, og reise lett etter det. Hostellet har oppbevarings-mulighet, så det skal nok  gå veldig fint. Dei neste dagene blir mest sannsynlig strandliv. Vær-meldingene er litt variable, men så langt har vær-meldinga vore til dårlig hjelp, så har komme fram til at den ikkje kan stoles på!

Litt seinare no. Etter det eg skreiv leita eg etter lommeboka mi saman med alle dei ansatte. Den var sporløst forsvunne. Eg fikk sperra kortet mitt og måtte erklære den for tapt. Det var heldigvis ikkje mykje penger i den, og eg har reservekort, så det ordner seg. Det mest irriterende var rett og slett tida som blei kasta bort på leiting og venting. Sånt skjer på tur, så det er berre og legge det bak meg, eg er fortsatt like heil og ved godt mot:)

torsdag 7. juni 2012

Dialog i mørke Hong Kong

Hong kong kan by på så mangt, og ikveld var ikkje noko unntak. Litt usikker og nysgjerrig møtte eg opp til dialouge in tre dark, som guideboka rosa og som dermed måtte prøves ut. Ein skulle egentlig møte opp tjue minutter før, men da kart har en tendens til å forvirre heller enn å klargjere i tillegg til at shopping hjertet mitt igjen banka litt for heftig, var oppmøte femten min seinare enn planlagt. Vi var ei gruppe på sju stk som venta spent på oppstart. Det einaste vi visste var at vi skulle få utdelt blindestokker som vi måtte føle oss fram med. Vi måtte under ingen omstendigheter miste den på golvet og plukke den opp, fordi det visstnok var veldig farlig. Eg begynte eit hundredelssekund å lure på om forestillinga heitte dangerous in the dark og ikkje dialouge In The dark, men kom til at dei nok ikkje sendte sju personer i den sikre død. Utstyrt med stokker blei vi så leda mot ei dør. Vi visste ingenting om kva som befant seg bak der Anna enn totalt mørke. Vi gikk i samla flokk og fikk beskjed om å følge stemma til Henry, som var guiden vår. Det var mykje klussing med bruk sv blindestokken og fomling med henda, for vi såg virkelig ingenting. Vi blei leda gjennom mørket på denne måten. Heile tida stilte han spm om kva vi la merke til og kor vi sannsynligvis var. Vi var iløpet sv turen innom både ein båt der vi i blinde måtte sette oss i stoler som så vibrere mens sjø-lyder blei avspilt, på en marknad der vi måtte gjette kva som blei solgt ved å identifisere varene i blinde, og i en mørk bar, kor vi bestilte drikke og drakk uten at vi såg nokon ting. Det var særdeles merkelig å gå rundt på denne måten. Det blei mange bråstopp når eg gikk i folk foran meg, og eg var kanskje litt vel ivrig med blindestokken nokre ganger. Guiden vår er faktisk blind og har vore det sidan han blei født, og turen ga oss en liten smakebit på korleis eit slikt liv faktisk må vere. Ein ting eg fort la merke til svar korleis ein automatisk benytta seg meir av andre sanser. Teen eg kjøpte smakte forunderlig mykje betre når eg ikkje såg nokonting enn det den vanligvis gjer. Dette var en annerledes og morsom turist-attraksjon som eg nok vil huske lenge. Ellers har eg og opplevd den fantastiske øya CHeung chau, som ligg en halvtime utanfor der eg bur. Det mest fascinerende var kanskje kor utrulig tom for turister den vAr, særlig med tanke på at den hadde ei nydelig Strand og eit rolig og avslappet miljø. Det blei faktisk ein lenger gå-tur opp til øyas utkikkspunkt, som virkelig var vakkert. Resten av dagen bestod av avslapning på stranda, noko som var høgst nødvendig etter mykje vandring dei forutgående dagene. Føttene mine har virkelig fått gjennomgå, men eg trur no også at dei er fornøgde med tanke på kor urovekkende lite dei har blitt brukt det siste året. Eg har faktisk ikkje handla så mykje her, da kinesere et bittesmå mennesker som treng tilsvarende kle, men det har vore moro å gå rundt in gatene likevel. Idag fann eg eit heilt shopping-senter kun for brudeting! No er det snart ut for å få i seg noko mat, forhåpentligvis uten nudler denne gangen.. Ellers blir det fly til BAngkok tidlig imorgen, som betyr at eg er klar for enda fleire eventyr. Håper alt er fint i NOrge og at dokke nyt smaken av grovt brød, leverpostei og brunost!

søndag 3. juni 2012

Kina for Nina?

no er det alt for lenge sidan sist eg har skreve, saa da tenkte en gyllen mulighet til å begynne paa igjen, var rett og slett at bloggen midlertidlig blir brukt som reiseblogg. No har eg nemlig begynt paa en tomånaders lang reise gjennom sør+øst asia! Akkurat no har eg komme meg saa langt som til hong kong, er no paa andre dagen, og sit her i senga med min splitter nye ipad 2 som eg allereie har eit intenst forelskelses-forhald til. Ikkje berre er den kvit og ekstra-ordniær nydelig, den er så praktisk at eg ikkje forstår kvifor eg først har skaffa meg den no. Men no er den altså i min bestittelse, og gir meg dermed mulighet til litt fleire oppdateringer enn halvslappe hilsninger fra facebook. Hong Kong er, på lik linje med Shanghai og Beijing, så stor by med menneskemengder så overveldande store at man straks blir filosofisk og forundra ovenfor egen eksistens og heimland. Når du i tillegg er så heldig å sjå noko av dette ovenifra, blir ein virkelig slått litt i bakken. Dagene går og litt i surr. Fra min vante tilværelse der søndager er einsbetydande med null busser, nokre få kjernesunne Førdianerer og omhyggelig stengte butikker, blir Hong Kong litt av en kontrast. Den første gangen eg gikk ut for å sjekke shopping-mulighetene føltes det som p@ å gå i verdens mest malplasserte syttande mai tog. Ein annan ting som er vanskelig å venne seg til, er alle Asiaterene. Mitt inntrykk av dei så langt, er litt blanda, særlig syns eg det er forskjell på Kinesere i Beijing og Hong Kong. Det mest åpenbare er engelsk-kunnskapene, kor Kongene får eit klart poeng. Det andre er nysgjerrighet, der Beijing-mennesker virkelig tar kaka. Eg haR aldri blitt stirra etter så mykje som der,nokon ganger føltes det som om den første Afrikanske gutten i Norge må ha kjent det da han kom til ei lita bygd på Veslandet. Det tredje er grad av renslighet, kor ingen er spesielt høgt oppe på lista målt etter vestlige standarder, men eg må likevel berømme kongerene for å vere dei flinkaste så langt. Det har så langt vore mange mindre hyggelige møter med toalett og spise-plasser,men eg har funne eit triks for å handtere det: Dersom en knip auga litt igjen og stirrer på et av dei reinaste punkta, så kjem man seg gjennom alt toalett-Kina måtte prøve seg på. Det høyres kanskje som om eg lev eit snuskete liv akkurat no, men heilt ærlig går det veldig fint.Reint bortsett fra nokre førstegangs-bommerter som frosk, svine-labber og så sterk mat at eg ikkje klarte å ete det, er maten ganske god. Den sprøstrekte anda i Beijing var spesielt god. Ellers har eg også falt for dumplings, når eg først lærte meg teknikken for å spise dei utan at alt havna på golvet. Spisepinner er for pyser! I tillegg til å tilfredsstille smaks-løkene, har det også blitt mykje standard sightseeing, som gjennomgåande har vore etter forventningene. Idag blei det for eksempel Victorias Peek, som hadde utsikt over heile Hong Kong island. Nydelig! Gikk tur rundt heile fjellet, og følte meg som ein sannsynligvis har det i junglelen. Har også handla ein del idag, og er allereie litt trist for at kofferten ikkje er større enn den er. Men det fins da større problem i verda. Eg er forøvrig glad for at det meste av turen har vore problemfri så langt. Det lett å finne fram dit ein skal,folk hjelper en med det ein måtte lure på sjølv når dei ikkje kan engelsk, og dei fleste er ærlige sjølv når det er tydelig at dei prøver å få en alt for høg pris av deg. Den første dagen i Beijing kom de blant annan ein kar som utga seg for å vere kunst-student, som solgte bilder som viste seg å vere kopier i etterkant. Sjølv om han var uærlig om ein del ting, var han likvel vennlig, og viste kor den forudte by var, kaffa billig frokost og viste vei til minibank. Den samme banken som riktignok slukte kortet mitt, men det var ikkje hans feil. Heldigis ar det nok ein snill mann fra Hostelle som hjalp meg med å få det tilbake. Eg har og opplevd å gløyme igjen poser med varer på en butikk, kor dei ansatte kom springande med dei slik at eg fikk dei. Ei kvinne som var bak meg i rulletrappa såg at kjolen min hadde hengt seg opp i uksa mi og dro den derfor rett og slet på plass. Alt i alt så langt mange gode opplevelser, og har og sett og opplevd mykje. Det blir alt for idag, men skal præve å oppdateere jevnlig !

Translate

La vita è bella

About me: