Søk i denne bloggen

søndag 8. juli 2012

Pass me luck

You lose some, you win some. Sannsynligvis en av dei mest sanne setningene g har hørt. Turen min har nemlig så langt bestått av en del uflaks. Nokon ville kanskje sagt at det er fordi eg er distré og klumsete, sidan eg sjeldent passer på tinga mine og kor eg går, men eg syns eg har vore litt i overkant uheldig også. Det har ikkje gjort så mykje, sidan penger ikkje betyr like mykje som før lenger, men når det begynner å gå utover ferien min, da blir det for mykje. Det ironiske er at vi har vore veldig flinke til å passe på passa så langt, eg har heile tida fått spm om kor eg har det hen og måtte alltid sjekke at det låg der. Når ein slakker på oppmerksomheten, skjer der visst, så i framtida skal eg definitivt passe på igjen. Det var altså passet mitt som forsvann denne gangen, noko eg naturligvis ikkje oppdaga før vi hadde komme oss til vien Vang, som låg fire timer unna der eg mista det.

Vi skulle egentlig ut å ete med gruppa da eg oppdaga at det var vekke. Gikk gjennom heile bagasjen, men kunne ikkje forstå kor det var blitt av.  Fortalte det til Brett, reiselederen, som sa eg måtte tilbake dit vi kom fra for å få midlertidig reisetillaelse. Istedenfor å vere med på aktiviteter i vien Vang, kor dei skulle på noko som heiter tuibing og kunne velge mellom klatring, sykling og atv, måtte eg stå opp tidlig for å ta buss tilbake der eg kom fra. Fire timer med mini-van som køyrte meg til det norske kongress-senteret der en danske jobba. Han hadde dessverre lang lunsj-pause når vi kom, som førte til at vi måtte vente meir. Han kunne skrive ut et midlertidig reisebevis, men eg trengte også politi-attest for at eg skulle komme meg over grensa. Dessverre køyrte tuk-tuken oss til feil plass, som tok lang tid før eg fant ut, og derfor blei det overnatting i vientienne til dagen etterpå. Var ok resten av dagen, sjølv om eg savna gruppa og tenkte på at eg kanskje ikkje kunne vere med på resten av turen. Kjøpte høgtaler til ipoden min, og såg etter digital-kamera. Fikk også endelig klipt håret mitt og tatt en etterlengTa dusj. 

Neste dag stod eg opp tidlig for å ordne dei siste detaljene for å få midlertidig pass og gikk igjen til immigration office kor eg ikkje likte meg. Dette fordi dei som jobbA der dagen før begynte å le når eg sa eg hadde mista passet og var generelt lite høflige. Han eine sa eg burde ha komme til dei tidligere, sjølv om eg ikkje hadde mulighet til å komme før. Neste dag vAr dei litt hyggeligare. Eg fylte ut skjema, og leverte to pass-foto, og så sa dei at eg måtte vente en og en halv time fordi sjefen måtte underskrive. Imens eg venta ringte Brett for å fortelle en god nyhet: Dei hadde funne passet mitt på flyplassen. Når eg kom tilbake til immigration office for å forklare dei dette, venta det meg en ny overraskelse: passet var på deira kontor! Offiseren forklarte at han budde nær en av dei ensatte på flyplassen, og at han derfor hadde fått overlevert passet mitt med instruks om å kontakte meg. Det var flaks i uflaks. Hadde eg ikkje hatt uflaks med tida dagen før, ville eg ikkje overnatta g dermed hatt større problem med å få tilbake passet mitt. VAr veldig fint å få det tilbake igjen.

Seinare på dagen tok vi fly til luang prabang, kor resten av gruppa vAr. Flyet var forsinka, så vi var ikkje framme før sju. Kjempefint å sjå alle igjen, og å kunne fortsette turen. Brett erta meg litt for passet og har i etterkant alltid minna resten av gruppa på at vi må ta vare på passet vårt. 

Luang prabang var en kjempefin liten landsby. Dagen etter eg kom, reiste vi til en park der det var bjørner og fossefall. Mange bada og gikk heilt opp til toppen av fossefallet. Eg kom meg ikkje heilt opp siden eg hadde glatte sko som eg sklei utav og som førte til at eg fallt i den bratte bakken. Var likevel en fin tur med eit vAkkert landskap. Det var også godt at det var så stille, sidan vi nettopp hadde vore i Hanoi, som vAr en veldig bråkete by kor en ikkje følte seg trygg i trafikken. I luang prabang var det derimot grønt, mange dyr, hyggelige folk og lite mas. På kveldstid gikk vi dessuten på noko som heiter bit brother, kor vi hjalp lokale tenåringer med engelsken deira. Eg snakka hovedsakelig med ein Gutt som var seksten og ei som var fjorten. Han hadde øvd på engelsk i tre år, ho litt mindre. Dei stilte masse smp, og kunne snakke ganske godt engelsk. Vi fikk og vite mer om dei og deira kultur, noko som var veldig interessant.

Kvelden blei avslutta med mat og volleyball på en resturant kalla utopia. Gikk ganske tidlig heim siden vi skulle tidlig opp dagen etterpå for å reise videre. Akkurat no sitt eg på en elvebåt som skal ta oss over Grensa til Thailand. Vi brukte heile dagen på båten igår og, kor eg fikk lest litt bok og vi alle spilte kort og resistace. Vi overnatta i nokre nydelige hytter inne på land, som viste seg å ha et tett toalett, men det var ok siden vi dere skulle vere der berre ei natt. Vi måtte stå opp enda tidligere idag, sidan vi må komme til grense-overgangen ganske tidlig. Har vore fint å slappe av litt etter mange hektiske reise-dager, men no er eg klar for mange aktiviteter igjen. 

Ellers er alt fint. Veldig bra gruppe, kor alle snakker med alle og er kjekke og smarte folk. No er det berre seks dager igjen av turen, og eg skal nyte ldei siste dagene til fulle. 

torsdag 5. juli 2012

Falling for Vietnam

Vakre, fantastiske Vietnam. For deg som ikkje har vore der, reis dit. Det er så flott at det tar pusten fra sjølv den barskaste sunnfjording, og faktisk kurerer litt av heimlengselen i tillegg, spesielt om en reiser til halong bay. Uforberedt som eg vAr, visste eg særs lite om kva den organiserte turen skulle gå utpå. Det var også litt av poenget: NUll planlegging & go with the flow. Eg hadde hørt mange sEi at Vietnam vAr fint, men ingen vil nokonsinne kunne klare å beskrive det ein ser fullt ut. I tillegg har gruppa vår vore ekstremt heldige. Guiden vår, BRat, seier han aldri har opplevd å sjå landskapet så klart før, og dei fleste bilda folk tar fra Halong bAy, er grunna dårlig sikt ofte tåkete, mens vi no har fått heilt klart vær.

Akkurat no sitt eg på ein to-etasjer båt som tar oss med rundt omkring i Halong bay. Vi har åte lunsj, som bestod av kjøtt, sjømAt og noko vegetar-mat, samtidig som vi kunne sjå ut på landskApet. Det er fullt av masse fjell som stikk opp av vatnet. Vi har også fått padla innimellom desse fjella og kom oss inn i ei slags stor grotte omkransa av fjell, med blå himmel rett over oss. Det var kjempefint! Padlinga var litt slitsom for hendene mine, men dete vAr kjekt å få trena litt igjen. Faktisk har eg vore ganske flink til å gjere aktive ting sidan vi kom på kilroy turen, særlig dei tre siste dagene. Det har og blitt mykje reising på kort tid. Fra nga trang reiste vi til hoi an kor vi vAr to dager. Etter dette gikk turen til Hue, der vi berre var ei natt. Vi tok natt-toget for å komme til halong bay, og så til siste del av vIetnam: hovudstaden hanoi. Det har blitt mange minner og opplevelser allereie, og grunna ràsk forflytning fra en plass til ein annan blir det av og til vanskelig å huske kva som skjedde når og kor. Det har vore mykje bra, men også en del småuhelll på turen. Eksempel fra Vietnam er Tap av romnøkkel med påfølgende ekstraomkostninger, og at eg mista iPaden i golvet Slik at den fikk to lange sprekker i skjermen, sko som falt fra kvarandre etter første bruk, og som medførte et avsindig ekstrabeløp for kjøp Av nye. Det har og vore  småting som å gå seg litt bort, men det største uhellet var når eg hadde eit ganske uelegant fall fra min nyleigde sykkel. Det meste har eg klart å ta med eit smil og latter, og særlig sykkelturen har eg kun gode minner fra. 

Sykkelturen tok vi i Hoi An, en fin liten by der eg fikk laga en del figursydde kle. Den første dagen vi kom fram, litt over tolv lokal tid, brukte vi dagen til å gjere oss kjent med byen. Ei gruppe av oss havna fort hos skredderen, kor vi bladde i brosjyrer og søkte på nettet etter kle vi ønska oss. Eg brukte ganske lang tid før eg fant ut kva eg skulle ha, men endte til slutt opp med to skjørt, to kjoler og ei jakke. Fikk velge farge og stoff sjølv, før eg så blei målt i alle ender. Neste dag kom vi tilbake for å få prøve litt Av kleda, som måtte syns inn her og der, før dei kunne leveres på hotellet før avreise. Eg var fornøgd med alt bortsett fra den eine kjolen som ikkje falt heilt i smak. Etter skredderen åt vi mat, som etter mi meining smakte såpe (fikk vite seinere at dette er krydderet koriander) før det blei en time med båttur langs elva. Klokka var rundt seks-halv sju og solnedgangen var veldig fin. Resten av kvelden blei brukt til sosialisering. Nokon gikk ut, men eg valgte den rolige varianten sidan en del var sjuke, solbrente og trøtte. Det var ellers fint og sykle rundt, sidan området var veldig flatt. Litt skummelt nokre ganger når trafikken var som verst, men ingen uhell den første kvelden. Dagen etter blei heile gruppa med  på en lengre sykkeltur. I motsetning til kvelden før, kor eg og ei jente som heiter Hanna, sykla bakerst, og eg holdt meg på trygg avstand fra andre for å unngå krasjing, var eg no ganske langt framme i rekka kor eg storkosa meg. En del av syklinga foregikk på landeveien, som kunne vere humpete og smal. Vi stoppa av og til for å gjere forskjellige ting, som å sjå korleis bondelivet fungerte, og for å sitte på en svart buffalo. En del turte også å ri  på beistet, eg valgte og sjå på da eg fortsatt var litt skjelven etter sykkeluhellet mitt.

Eg var fortsatt ganske langt framme i rekka da vi kom til en plass med gAnske holete grusvei. Eg blei umiddelbart ganske nervøs, og tenkte at eg måtte halde meg langt unna eit ganske vidt hol eg kunne sjå lenger framme. I det samme eg innsåg at no måtte balansen min for en gangs skyld spele på lag, hadde den tydeligvis fått angst, for før eg visste ordet av det, begynte eg og vagle på sykkelen samtidig som eg nærma meg holet.  Kanskje det ikkje er så lurt og halde blikket festa på det en ønsker å unngå, for plutselig var sykkelen min der den ikkje skulle vere, det samme med meg. Eg husker ikkje så veldig detaljert kva som skjedde dei neste sekundene, men dei bak meg sa det var som å sjå eit fall i sakte film. Eg holdt fast i sykkelen under heile fallet, og stoppa med den på meg og tinga i den vesle vogna på styret, spredd rundt meg. Kroppen min var på dette tidspunktet solbrent fra dagene før, så en av mine første tanker var 'Å, nei, ikkje den brente huda mi!' etter nokre sekunder med forvirring, klarte eg etterkvart og røyse meg. Eg hadde grunna holet i veien, mista balansen og køyrte deretter rett utenfor kanten. Heldigvis var ikkje fallet spesielt langt, og eg kom meg raskt opp igjen. Både meg og sykkelen var innhylla i planter, noko eg særlig merka på små tagger som hadde satt seg fast i klea mine. Eg brukte resten av dagen på å dra desse ut, og på å forsikre andre om at det faktisk gikk bra med meg. Brett var særlig sympatisk: Han måtte heile tida le, og kommenterte at det var eit under at eg ikkje havna på sjukehus, og at sykkelturen vi hadde valgt, var en av dei lettaste og tryggaste som fantes. I etterkant syns eg at det var litt symbolsk og vakkert; eg falt bokstavelig talt for Vietnam, og angrer ikkje eit sekund på at eg våga meg ut på ukjent terreng. Faktisk blei eg så modig etter dette at eg også blei med på motorsykkeltur i neste by, men da som avslappa passasjer. Dette var også over all forventning, og eg har lært at det verste som kan skje når en gjer noko ein ikkje tørr,som regel er minner man kan le av i etterkant. 

Når vi kom tilbake fra turen reiste dei fleste andre på matlagingskurs. Eg var i bunn og grunn fornøgd med dagen, og tok derfor en rolig kveld. Måtte låne penger med Brett da lommeboka mi var blitt med på kurs, og brukte dei på spa og middag med Nish og Nev. Sidan eg fortsatt Var solbrent, valgte eg body Wrap, som i bunn og grunn er en type massasje der diverse kremmer blir smurt godt inn i huda. Eg fikk ikkje lov til å ha på nokon kle, som var litt rart sidan massøren stilte meg en del spm som Sunnfjordinger reserverer til møte seks eller sju. Dette kan naturligvis vere en kulturell forskjell, i vietnam er det kanskje like normalt å vite om du er gift som kor du kjem fra. Det var likevel en behagelig time, som blei avslutta med eit bad fyllt med roseblad og frukt. Middagen blei inntatti godt selskap like etterpå. Planen var egentlig å gå tidlig tilbake til hotellet for å treffe dei som hadde vore på kurs, men plutselig hadde timene flydd, og kun sendetid gjenstod. 

Tilbake til notida, i HAlong Bay, føles det allereie ut som om minna har skjedd i ein annan tidsalder. Når ein opplever mykje, og raskt forflytter seg fra ein stad til ein annan, blir tidsperspektivet annerledes. Kvar dag har si historie, og kanskje har ein til og med forandra seg litt som menneske neste gang man vakner. Eg ser på menneska rundt meg og smiler. Det er glade mennesker, som trives med at dei no lever ut en av sine drømmer. Det er slik det skal vere, og eg er veldig glad for at eg bestemte meg for å delta på denne turen. 

Då er det tid for å pakke ned iPaden for denne gang. Ha ein fin dag alle nordmenn :)

Translate

La vita è bella

About me: