Søk i denne bloggen

lørdag 29. september 2012

Anja's Kortkreasjoner: Kurs 2012

Anja's Kortkreasjoner: Kurs 2012: Velkommen til kurs Kunne du tenke deg å komme på kurs i høst og/eller vinter?? - Bamble - Førde - Sogndal -  SE HER ...

fredag 21. september 2012

Si nei til mer gift i maten din - Framtiden.no

Si nei til mer gift i maten din - Framtiden.no

Eg har nok ikkje tatt dette alvorlig nok.. Kjem til aa vere Meir bevisst det framover. Lager PDF fil om sunn mat no, send gjerne Meir info til meg dersom du har tips om sunne, Gode matvarer og kva det helper mot!

søndag 16. september 2012

Dag to: morgenstund

 Morgenstund

Dag 2 i Tyrkia Eg og Torunn vakna litt vel tidlig Idag, særlig med tanke på at vi snakka nokre timer før vi sovna igår kveld. Men på tross av at klokka norsk tid er sju no, føler eg meg relativt pigg. Det er noko som skjer med meg på ferie trur eg, kroppen slapper meir av på dagtid og har kanskje dermed ikkje like stort behov for søvn. Igår kveld tok vi dessutan eit tradisjonelt tyrkisk bad, med sauna, skrub, innsåping, ansiktsmaske og massasje, så kroppen fikk mykje pleie. Etterpå glinsa vi om kapp med sola, og følte oss ganske avslappet generelt sett. Vi fikk og spist god mat, eg en omelett med vel mykje jalapenos (spesielt med tanke på at eg ikje liker det) og kyllingsuppe på kvelden, mens Ingvild og Astrid hoppa rett på noko dei begge hadde gleda seg til: Biff på la luna. Vi fikk og handla inn litt frokost på ei lokal sjappe, så no har eg allereie fått i meg en forholdsvis sunn frokost til syden og vere.  

Idag er planen enkel: Strand, god mat og enda meir avslapning. På slutten av denne turen kjem vi til å vere så late at vi kanskje ikkje gidd å ta flyet tilbake :) Det er godt å ha det slik nokre dager; Ein sjelden luksus man ikkje får gjort så mykje av i kvardagen! 

Ingen fridde i Jølster - Sigmund Falch - Innbundet (9788251658041) » Bokklubben

lørdag 15. september 2012

Bestilt ro

Flyet: 

No sitt eg, kl halv åtte på vei til Tyrkia. Auga mine er ganske trøtte, men eg føler meg egentlig heilt fin ellers. Rekner med at air-con lufta kan ta deler av skylda for at eg føler meg litt tørr og slitt i kantane. Overnatta på Torunn sin sofa, og sovna veldig fort etter eg hadde lagt meg. Klokka kan ikkje ha vore så mykje meir enn halv ti, og vi sto opp litt før fire. Det blei en kjapp kattevask og munnskyll, pluss en liten frokost-bar i bilen. Vi hadde litt dårlig tid, men klarte å få sjekka inn med ni min margin. Litt stress på slutten, sidan det begynte å regne som førte til springing til vi kom under tak. Denne turen har eg vore litt meir føre var, og pakka berre en liten koffert, så kjøper eg ikkje masse Tull og tøys. Treng definitivt ikkje fleire sommerkle eller sko som rakner i sømmene så fort foten kjem i kontakt med dei (ja, det er faktisk mulig). Eg kjøper kanskje noko på tax-freen, feks skikkelig sminke og drikke/snop, men det blir nok det. Har heller tenkt å bruke pengene på frisør, så får eg endelig farga det (når man har tenkt og snakka om det i eit år, da er det på tide). 

Har nett spist flyfrokust, som var ganske Ok. Eggerøre, rundstykker, frukt, juice og kaffi. Nok rundstykker til å lage mini-niste til bussen etterpå. Det tar tre timer fra flyplassen til kemer, så eg håper det er air-condition på bussen. Idag tidlig var det 26 grader der nede, og eg Rekner med det varer ved. Tviler sterkt på at eg får mykje til farge, sidan Asia ikkje ga meg Anna enn solbrenthet og solkrem-svette, men det blir godt å ikkje fryse ei stund. Skal også svømme masse, og snike til meg sårt tiltrengt trening på den måten. Torunn har dessutan tenkt å kjøpe skikkelig trenings-bukse, så eg lurer på å kaste meg på fitness-bølgen med fullt vigør. Eg ser for meg slappe, late meg, med kul treningsshort, løpende langs stranda med bølger som kjærtegner kvart skritt framover. Realiteten er kanskje ikkje så rosenrød, men om Forstillingsbilde kan gi meg motivasjon og pågangsmot, tar eg takknemlig imot. 

Foran meg er det en utrulig søt unge. Eg har tatt et snik-bilde allereie, og mistenker det blir fleire. Ho er en blanding av kvit og mørk, og har dermed ein utrulig vakker hudfarge. Med smokken plassert trygt i munnen, har prikken blitt tydelig plassert over j-en i kategorien hjerteknuser. Eg trekk det forresten litt tilbake, sidan ho nettopp begynte å sutre kraftig. Det er fint å berre vere observatør, da kan man nyte det søte og nusselige utan bi-effektene. 

Det får bli alt for denne gang, eg skal prøve meg på en liten lur så lenge:)

Top 20 Real Pictures Made Famous by the Internet

Stilige bilder. Sitter og surfer på Stumble upon, som raskt har utvikla seg til å bli særs avhengighetsskapande. Venter på at klokka skal bli elleve, da skal eg ned til Førde for å ta bussen som går til Bergen 11.45. Skal helse på Karen Elise og Mattias (søt baby på eit år) som eg ikkje har sett på ei stund. På bussen skal eg kose meg med bok og ipad :D
Top 20 Real Pictures Made Famous by the Internet

fredag 14. september 2012

Til regn og sol

Da er det faktisk fredag kl fire, og eg er nett ferdig med jobb og middag. Denne gangen er det ikkje berre helg, men faktisk tur til Bergen for så ei veke til Tyrkia. Gleder meg veldig, skal bli. Så godt med sol og avslapning sammen med venninner! Ikveld er det og konsert i regi av høgskulen, både donkeyboy og samsaya, som eg kanskje skal gå på, og imorgen blir det kokkeli Monke på aspendos, så det blir nok kos. Meg og Torunn skal sove ilag i leilighet som ho har kjøpt, eg glede meg til å sjå den ! Ellers gjenstår det berre å ønske folk en good weekend! 

Avslutter med bilder fra en eg vil savne i Tyrkia, min vesle Amadeus:




onsdag 12. september 2012

Anne Vikens Blogg: Rapport frå opning av nytt kunstmuseum i Førde - h...

Anne Vikens Blogg: Rapport frå opning av nytt kunstmuseum i Førde - h...: Igår var det opning av kunstmuseet i Førde. Eg trappa opp iført eit kulturelitetilpassa antrekk med hipstersko og tilbehør. Den første fyre...

Eg skal sjølv også legge inn bilder etterkvart:)

Translate

La vita è bella

About me: