Søk i denne bloggen

tirsdag 30. oktober 2012

Lyden av dagen derpå (after the storm)

Lyden av dagen derpå

Gårsdagen var fyllt av vind, regn og orkan, som framkalla redsel og bekymring for kva livet vil bringe. Erlend var i New Jersey med reiselinja, og nyhetene gjorde jobben sin og skremte meg grundig. Eg fikk sove, heldigvis, og vakna klokka fire med bankande hjarte. Hadde det gått bra? Kva visst ikkje? Tenk om..? For å stoppe tankene mine fra å lamme meg, stod eg skjelvande opp i kulda og sjekka mailen min. Lettelsen bølga over meg: Dei var trygge, og stormen var over.

Eg sovna, og sov så djupt at eg forsov meg, noko som eg sjeldant gjer. Trudde dette betydde en stressende dag, men i bunn og grunn var det veldig fint. Eg fikk nemlig ikkje med meg morgenundervisninga, og kunne dermed sette meg ned å planlagge dei to første timene eg skulle ha den dagen.

Lang jobbhistorie, kort fortalt: Timene med tre av mine favoritt-pasienter var skremmande spesielle. Eg trur eg var så overfokusert på det eg gjorde, at alt berre "klikka" på plass. Det er som når alt berre var staka ut på forhånd og vi fulgte veien, og kom til plasser vi ikkje heilt visste eksisterte. Den siste pas. sa "Du traff ei nerve"., og dette fra nokon som trudde at det ikkje fantes følelser der i det heile.


Etter jobb skunda eg meg på hotellet, for å svømme, og så skulle eg noko eg lenge hadde tenkt på: Nemlig prøvesynge for koret surround.

Må berre fortelle korleis eg følte meg, for eg var nemlig ekstremt nervøs, meir enn eg har vore nokon gang før (nesten). Tok kjempelang tid før eg klarte å synge, sjølv om det berre var ho der og sjølv om eg har sunge foran folk mange ganger før. Men orda ville berre ikkje komme ut, det satt så langt inne. Sikkert fordi eg har tenkt så mykje på dette: Ka om eg egentlig syng heilt forferdelig? Er det verdt det? Eg tør ikkje! Masse sånne tanker, men tilslutt tvang eg megsjølv til å synge. Begynte med foolish games av Jewel, og det gikk som venta, heilt elendig. Eg skalv meg gjennom første linje, hadde feil tempo og klarte ikkje å roe meg sjølv ned. Måtte gi meg når eg hadde sunge gjennom referenget ein gang. Eg tok nokre djupe magadrag, og begynte på sang 2 ganske fort, fordi eg var på stadiet da eg egentlig berre ville ha alt overstått. Det begynte vaklande, også der, men blei i alle fall litt betre etterkvart. Fortsatt mista eg tempo nokre ganger, eg måtte sjå på teksten, som eg prøvde å pugge fem min før eg skulle synge, og klarte ikkje å gjennomføre det som eg ville. Men, målstreken var der uansett, og det einaste eg kunne tenke på var at det snart var overstått. 

Slutten kom, og eg utbraut: Dette var helit forferdelig samtidig som eg tok ein svingete bevegelse rundt meg sjølv som sikkert var eit uttrykk for opphopa energi som måtte ut (Gudsjelov at eg ikkje hadde drukke kaffi idag, tør ikkje å tenke på kor oppskrudd eg ville vore da). Eg trakk fram en stol, og deisa letta ned i den. No kunne dommen komme, det viktigste var at eg endelig var ferdig med marerittet. Eg var veldig spent, men hadde heldigvis ikkje tid til å tenke for mykje på det. Så begynte ho å snakke, samtidig som hjertet mitt banka unormalt fort.

Eg blei overraska over kor mykje fint ho sa, særlig med tanke på korleis eg syns det gikk, men ut strømma det setninger som festa seg til hjartet mitt med ballonger og løfta det opp. Stemma mi hadde ein spesiell klang som ho blei veldig interessert i, en slik klang som er vanskelig å finne, særlig på dei mørke partia. Det var akkurat det dei har lite av i koret, og det var også ei stemme som passar som hånd i hanske til pop-sanger. Ho trudde stemma mi har potensiale: At dersom eg får lært meg å bruke den riktig, kan det virkelig bli noko flott. At det var en kraft i den som førte til at eg i bunn og grunn kunne synge alt, sjølv om eg ikkje trur det sjølv. Eg rista litt overrumpla på hovudet, dette kunne ho ikkje meine? For å overbevise den som sjeldant lar seg overbevise, lot ho meg rett og slett prøve med å gå lenger og lenger opp i toneart. Eg måtte på slutten nesten holde meg for øyra, fordi eg syns det var fælt å synge så høgt. Eg tenkte heile tida: No må ho slutte å gå opp, dette går ikkje bra, no blir det skjærande falskt og fælt, men ho pusha meg til eg trudde det virkelig skulle briste (og ga seg heldigvis der, siden eg okka og oya meg som om verda skulle gå under). Ho spurte: Har du nokon gang sunge så høgt før? Eg rista forundra på hovudet og sa spontant: "Nei"!

Etterpå sa ho kva ho tenkte om det eg nettopp hadde gjort: At eg hadde komme meg opp dit ho tok meg, uten «effort» og at dette fortalte ho at eg hadde veldig godt gehør, og nok engang at ho trudde mykje kunne oppnås. Eg kunne vere ein «Alt-sopran», som eg ikkje skjønte betydninga av før ho forklarte det som at eg var en slags varm brukbar potet. Eg fikk litt bakoversveis, og smilet stod ut til alle kanter. Dette var det siste eg hadde venta å høyre, eg hadde forventa å ligge på slaktebenken kor bit for bit blei kasta i restavfallet.

Dette betyr ikkje at ho var heilt fornøgd; Ho sa det fortsatt var mykje å lære, spesielt med tanke på at eg tenderer til å synge nasalt innimellom. Ho viste nokre rare munnbevegelser eg måtte øve meg på, som utløyste en usammanhengande og forvirrande forklaring om at eg ikkje klarer å speile bevegelser særlig godt. Da ansikts-mimikken henna blei meir spesiell for kvart snakkande sekund, nøya eg meg til slutt med å nikke fint med hovudet, og seie at jada, eg skal øve. Og det skal eg. Til øyrene mine sprekk av toner i både lavt og høgt toneleie. Eg gleder meg; No skal eg få gjere enda meir av det eg liker på fritida mi, og musikk har jo alltid vore en av dei store drømmene mine. Det føles nesten for godt til å vere sant, og eg forbereder meg no på ein eller annan stor skuffelse. Men: BRING IT ON, no skal eg ta det som kjem med fire and without foolish games :)

Hurra for livet, og at eg turte å ta sjansen på alt.

Mine "Audition-sanger"
Foolish games- Jewel


Set fire to the rain- Adele

fredag 26. oktober 2012

Å puste usynlig luft.: Fra vitenskap til kunst

Fine blogg:)
Å puste usynlig luft.: Fra vitenskap til kunst: (avsnitt i grønt er for spesielt interesserte, det er fint mulig å la være å lese de og få med hovedpoengene med innlegget) Det er noe und...

torsdag 25. oktober 2012

https://plus.google.com/u/0/
Google + sida mi, la nett ut bilde fra VIP-kveld på Marcel (mandag 22.10)

Snø

Det snør

Snøen daler utenfor. Eg sitt med føtta godt under teppet og håper at det snart slutter å snø. Har vore ute og leita etter kjære Amadeus, den søte vimsete katten som alltid må ut rett før eg skal på jobb. Han har egentlig vore kjempeflink dei siste dagene, holdt seg i hus, og ikkje velta alt for mange skåler med vatn. Har vore kosete og glad i oppmerksomhet. Akkurat sånn som han skal vere. No savner eg den kvite og oransje suttepaven, som bit sjølv om han ikkje har lov, og legg seg på hovudet mitt om natta. Eg har lagt ut bilde av han på facebook, og håper nokre snille mennesker har tatt han inn i varmen. Dersom han skulle finne heim inatt av seg sjølv, har eg laga til ei ull-hole som han kan krype inn i.

Kom heim, kjære pus.

onsdag 24. oktober 2012

Min humor

Idag blei eg litt forundra, for eg hadde gleda meg veldig til en litt rolig dag saman med den vesle pusen, og fikk til og med svømt skikkelig før eg va heime. Trudde dette betydde en tipp-topp kveld, men til min overraskelse kjede eg meg litt. Las litt i Beate grimsrud si bok, såg en episode csi new York og prøvde ellers å slappe av. Men man er sjeldent alt for fornøgd, i alle fall over lenger tid, så rundt åtte satt eg i sofaen og tenkte det hadde vore herlig å gjere noko som virkelig var gøy. Istedenfor å rulle meg inn i desse tankene, prøvde eg noko Anna, nemlig å LE av noko eg liker. Eg fant blant Anna nokre språkvitser som førte til skratt-latter og vel så det :)

Her er linken, enjoy!
www.alphadictionary.com%2Ffun%2Fmistranslation.html&h=qAQFOkFRZ&s=1

fredag 19. oktober 2012

iPad


Eg er veldig gla i ipaden min, på tross av tre sprekker i skjerme. Den gir meg mykje glede, spennende lese-stoff, underholdning og held hovudet mitt støtt når det er mange ting eg må huske. Den nyaste, og kuleste appen er storify. For meg som alltid har likt kreative former for dokumentaring, er denne saken som eit topp-20 gavedryss som faktisk lander foran mine føtter.

Har prøvd meg på en liten snerten sak, så håper den fell i smak.

http://storify.com/datskire/den-14-oktober-2012


lørdag 13. oktober 2012

A dream

Lørdag
Musikk er viktig for meg. Denne hørte eg nettopp:





Keane – A Bad DreamWhy do I have to flyOver every town, up and down the line?And I'll die in the clouds aboveAnd you that I defend, I do not love
I wake up, it's a bad dreamNo one on my side, I was fightingBut I just feel too tired to be fightingGuess I'm not the fighting kind
Where will I meet my fate?Baby, I'm a man and I was born to hateAnd when will I meet my end?In a better time you could be my friendWhere do we go?
And I'm thinking about those days
KEANE - BAD DREAM LYRICS 

Det har vore nokre slike dager, men kven har ikkje det? Ingen er perfekte, og dette er heilt i orden for meg. Det føles nesten nokre ganger hyklerisk å skulle fortelle andre korleis eit godt liv skal leves, dersom eg ikkje sjølv skulle ha kjempa nokre kamper. Det er en del av å vere menneske, og eg har personlig stor respekt for alle der ute som har vore i bokseringen i siste runde. Det er mange vinnere der ute, mange som unngår "the spotlight", men som limer sammen samfunnet og tilfører det ekstra krydder og meining.



Ha en god kveld, alle saman. Eg skal også prøve på det :)


tirsdag 2. oktober 2012

fysisk og psykisk helse: Mat – ”du blir hva du spiser”

Flott blogg!
fysisk og psykisk helse: Mat – ”du blir hva du spiser”: Vi har alle hørt hvor viktig det er å leve sunt og spise rikitg, men hvorfor er det virkelig så viktig som folk skal ha det til? Ifølge en b...

Translate

La vita è bella

About me: