Søk i denne bloggen

onsdag 27. februar 2013

Nils

 Etter å ha vore på Malakoff, kor vi var så heldige å nyte godt av gjestfriheten til ein hjartevarm familie, ønsker eg å dele igjen eit innlegg eg skreiv for ei tid tilbake. Sjølv om det har gått en del tid sidan innlegget blei publisert, har ikkje mitt generelle inntrykk av den det handler om, forandra seg på annan måte enn at eg liker han enda betre. Dette er ein mann med hjarte på rett plass, som ivaretar dei han har rundt seg på ein fin måte. Han er åpen, jordnær og glad, og eg har ikkje møtt nokon som ikkje umiddelbart seier det same til meg etter dei har møtt han. Eg og Solhild ønsker å rette en stor takk til Nils med familie. Vi satte stor pris på overnattingsstad, forslag til aktiviteter (sjølv om vi var litt late) tilgang til husvarme og gode samtaler. Vi hadde en fantastisk festivalopplevelse, og dykk var en stor del av dette.

Øverst: Nils og fugl
Nederst: Nils som har klart å dra med seg ein motivllig kollega på tur!

Kva passer vel bedre når nokon nettopp har hatt bursdag, å skrive ein hyllest til den som gjeld? Denne er til deg Nils, gratulerer så mykje med dagen, og eg håper du har det strålande i Oslo, for det fortjener du verkeleg!
  
Nokre ganger er eg ekstremt flink til å skrive, andre ganger mindre. Ser at eg ikkje har oppdatert bloggen skikkelig sidan jula, og hadde jo løfte om å skrive noko om folka som betyr noko for meg, så da er det kanskje på tide å komme i gang igjen. Sidan sist har det i bunn og grunn ikkje skjedd så mykje mesteparten av tida. Eg har fått trent igjen (det var hardt med ei veke uten svømming, kven skulle tru det?), og eg har jobba med å arrangere kurs-helga 2.februar. No er den vel overstått, og eg tar meg meir tid til andre fritidssysler, så framover skal eg få gjennomført nyttårsforsettet mitt om å skrive om personene i livet mitt!

Denne gangen kom turen til min psykolog-kollega: Nils Martin

Ut på ski, alltid blid!!

Nils Martin og eg har ikkje kjent kvarandre lenge. Eg hadde vel jobba ca eit halvt år, da ein høg Nordfjording kjem inn på eit møte og helser på. Eg tenkte: «Endelig ein annan psykolog», og fikk umiddelbart eit godt inntrykk. I tillegg kjente han Erlend, som gjorde at vi hadde naturlige forbindelser til kvarandre som kunne byggast videre på. I tillegg likte Nils bordtennis, noko som umiddelbart førte til kjekke samankomstar. Det gikk litt tid før vi faktisk fekk spelt, og det var ikkje alt for mange ganger, men når vi endelig hadde rackerten i handa, var vi begge blide. Det blei også arrangert filmkvelder slik at vi blei enda betre kjent. I tillegg var Nils tidlig med på ideen om at fleire ting burde skje i Førde. Han kasta seg ut i «Aktiviteter i Førde» tanken, og stilte til og med opp på «landsmøtet» og kom med mange forslag til kva vi burde arrangere. 

Det  var godt med en entusiatisk forbundsfelle som også trur på at forandring er mogeleg. Nils skulle dessverre kun vere i Førde eit år, og har heile vegen hatt tilknytning til Oslo og Kina! Ja, for der er nemlig hans utkårede fra, og planen er at dei skal flytte saman og gifte seg om ikkje for lenge. Eg var så heldig å treffe henne i jula. Ei jente som sa kva ho meinte og følte, noko som eg opplevde positivt. Vi åt lunsj på grand cafè, kor eg aldri hadde vore før, og snakka om kinesisk og norsk kultur. Nils har alltid vore flink til å nyte det norske, noko som særlig kan observeres på fjellet. Det var ikkje få ganger han inviterte meg med på fjelltur i området, og sjølv om eg berre tok turskoa på beina ein gang, så er eg sterkt imponert over pågangsviljen og det evige motet som gjorde at han tenkte at det kanskje blei eit ja neste gang (noko det til slutt vart). Ein optimistisk sunn, kjernekar, som er lett å prate med. Når vi møtte kvarandre i Oslo, kor det blei nokre glas baileys og konsert seinare på kvelden, kunne eg snakke om det meste og både føle meg sett og forstått. Det er godt med mennesker som faktisk høyrer på lange monologer, uoppfordra, og til og med syns det er interessant.
Eg håper vi får sett mykje til kvarandre framoverJ

Translate

La vita è bella

About me: