Søk i denne bloggen

fredag 29. mars 2013

Bergen, Danmark, Litauen


Sjølv om det er lenge siden eg var i Bergen føles det alltid litt som heime når eg kjem hit igjen. Eg befinn meg no på biblioteket der eg koser meg med ei bok som omhandler Eritrea si historie. Har det siste året fått stor interesse for virkelighetsnære bøker, en klar forandring etter årevis med feelgood-bøker og kriminal-bøker. Det er skremmende kor mykje som har skjedd, og fortsatt skjer så nær oss i tid og avstand, som vi veit så lite om. Sjølv om det vekker mykje ubehag og fortvilelse at det er så mykje som skjer, som eg ikkje kan gjere noko med, vil eg heller vite enn ikkje. Eg blei faktisk slått litt av korleis eg også bidrar til denne verda sjølv: Har eg ikkje vore med på å kjøpe varer som er billigere grunna barne-arbeid ? Eg kjøper ikkje alltid fair-trade, og har vore for lite flink til å støtte lokale tiltak når eg er på reisefot. Kanskje kan eg ikkje gjere noko konkret som har effekt i den store sammenheng, men eg kan bli meir bevisst når eg reiser rundt omkring og tenke meg om to ganger når eg handler, og dermed vere tru mot prinsipp eg har. Eg trur at om alle gjer en ting som kan vere bra for andre, nokre ganger for måneden, så kunne vi faktisk gjort en forskjell. Litt ala Pay it forward. 

To dager seinere:
På vei til Danmark med danskebåten. Akkurat no ligg eg i lugaren og leser: En kort historie om nesten alt av bryson. Det var Erlend som kjøpte den, men han har glemt å hente den, og eg benytter derfor anledningen. I helga var eg i Eidfjord på femtiårsdag. Tok masse bilder, særlig av Eva. Gleder meg egentlig veldig til å komme heim til scrappinga. Får ikkje med meg italiensken dessverre, ikkje neste mandag heller, men det viktigste er jo at eg lærer noko. 

Nokre dager seinere:
Visst energi hadde vore dråper, ville det ha samla seg en sjø rundt meg no. Eg ønsker å bade i den og kanskje på den måten suge noko opp igjen, slik at eg kan klare enda fleire skritt bortover gata. Når eg later igjen auga, kjenner eg at hovudet mitt beveger seg farlig mot overstimulering og mot det punktet der ei rød varsles-lampe begynner å blinke: Ta det litt rolig no Nina, ellers fell du om på gata saman med dei nyinnkjøpte klea dine. For dei som ikkje har ute ein vinter-shoppingdag før, er det kanskje vanskelig å forstå kva eg gnåler om, men for dei som veit korleis det er når du blir dreve fra butikk til butikk av ein usynlig vind, så veit du at handling koster krefter i tillegg til lokal valuta. Eg trøster meg med at kaloriene ikkje har forlatt meg forgjeves, eg er no i besittelse av ei nydelig beige kåpe fra Zara. Etter fleire år med leiting som førte til et fortvila midlertidig kjøp av gammel-dame kåpe som alltid blir flau av når eg tar den på. No har eg og mine herlige reise-partnere komme oss på en cafe der vi skal fylle opp med både flytende og fast føde slik at sprudlinga kan skrus på igjen. 

Dette var ord live fra Litauen. Det tok tid før eg endelig klarte å svare riktig land når folk spurte kor eg hadde vore, men no trur eg faktisk det har festa seg til hukommelsen. Det er ei veke etter ein flott tur, med mine to reisepartnere. Her følger ein knippe med utvalgte bilder fra Bergen, Eidfjord, Danmarks-båten og Vilnuis!

  Tre glade jenter på tur








På st. patricks day i Vilnuis 




Ny kunst på psykologisk fakultet. Elisabeth er overvelda 

Indisk med Elisabeth og Iris

På danskebåten med Mariann






Vi kom endelig fram til slutten av gata, forfrosne utan taxi i sikte

Filosofi på høgt nivå!


Translate

La vita è bella

About me: