Søk i denne bloggen

søndag 3. mars 2013

Din dag idag!

Gratulerer med 30års-dagen, Ingebjørg!

En bursdag skal feires med kake!!
Da var det din tur, til å få eit blogg-innlegg der du får vite kva menneska rundt deg tenker om deg (i tilfelle du enda ikkje har fått det med deg). Sidan eg eigentlig tenker at dei fleste veit kva eg meiner, kjem eg ikkje til å skrive veldig langt om deg, og til dei som ikkje veit kven du er enda må eg berre beklage på deira vegne for at dei enda ikkje har fått bli kjent med deg. Dei veit ikkje kva dei går glipp av! Skulle det likevel vere ein sjel der ute som klør seg litt i hovudet no, får eg vel forklare kvifor dette er eit menneske alle bør ha æren av å møte på eit tidspunkt.

Eg veit ikkje kor mange eg har hørt sei det: Eg skulle ønske eg kunne vere litt meir fri, eg skulle ønske eg berre turte å vere meg sjølv. Dessverre er dette mykje enklare i teorien enn i praksis, men det å møte Ingebjørg er nok av berre denne grunn; Det er som å oppdage at julenissen finns likevel. Eg er sikker på at når Ingebjørg blei født, kom ho seg på beina fortare enn svint, og ikkje lenge etterpå sprang ho så langt dei små barneføtta kunne bære ho. Ingebjørg kjem seg framover, utover (eksotiske strøk), bort (til dei ho klemmer), opp (etter vegger), ned (på jorda igjen) og rundtomkring fortare enn du klarer å seie jordbær-gele. Om du ikkje trur meg; Du kunne for eksempel ikkje ha sett henna glade andlet for to månadar sidan, med mindre du tilfeldigvis var ein kengeru på Australske sletter. Og trur du dette er den einaste plassen som tok ho imot med oppløftende armer? Ånei du, ein må jo også ta snarturer til Oslo og Bergen, sånn for sikkerhetsskuld. På eine eller annan uforklarlig måte får ho med seg alt anna også: Ho møter fleire mennesker enn det hukommelsen klarer å huske, flyr artister fra Canada til hippe Førde og heng som ein apekatt på innedørs klatrevegger. I tillegg har ho fortsatt energi til å skli bortover kvitkledde marker på Norges nasjonale stolthetssymbol, og eg er sikker på at smilet til og med er ekstra stort (uforståelig for ski-nektere som meg). 

Pikant er plassen å gå ved store anledninger. Glad bursdagsjente med
drinker på huset fra Førde`s beste service-mennesker!           
Har du høyrt denne frasen tidligere: "Jeg fatter ikke hvordan hun får det til" ? Her må eg virkelig berre legge meg panne-flat, dette er meir enn mine analytiske evner klarer å rekne seg fram til. Korleis kan nokon vere i aktivitet heile tida, og nesten aldri virke sliten når ho er med folk? Ingebjørg har alltid eit varmt ord og en replikk på lager til alle ho møter, og det er ikkje få munner eg har sett åpne seg før rullande latter triller ut, mens Ingebjørg smiler forsiktig tilbake om ho då ikkje ristar seg laus med ein real latter sjølv. Då lyser ansiktet henna opp som den Australske solnedgangen, og ein får lyst til å le enda meir slik at det kan skje ein gang til. Som om dette ikkje var nok (dykk treng å høyre dette), har Ingebjørg det som på fint norsk også kalles TALENT. Eg har fått skryt for magefølelsen min før, og prøver meg derfor på ein gjetning: Eg trur Ingebjørg har teft, ho ser kva som er lurt og kva som kanskje kan vente til ein annan gong, og ho jobber meir enn dei fleste med å nå måla ho har satt seg. Eg liker folk som følger sine egne overbevisninger, og eg veit at det har vore fleire arrangement i regi av folkemusikk-festivalen som har gått strålande i år. Sjølv om kanskje ikkje alle detaljene er på plass, så fører dette heller til ei litt artig småhistorie heller enn negative tilbakemeldinger. Dersom du tenker at dette er en dårlig unnskyldning for å ikkje ha alt på plass, husk at mennesker ikkje skal vere meir enn akkurat det. På tross av dette, trur eg Ingebjørg ofte strekker seg lenger enn det eit ein bør klare, men heldigvis kan ho også kunsten å sette seg i parken med ei bok i handa om stresset får flygehåra til å lage pels. Som dei fleste har også Ingebjørg  sine dager der ho kjenner seg sliten, overarbeida og oppgitt, men ho er så god til å sei dei riktige tinga til seg sjølv, at eg håper det aldri setter djupe spor. 

Eg håper du våkner nokolunde frisk og opplagt idag. Om ikkje; Dette er den første dagen på ei reise som eg trur berre blir betre og betre. 

Du er eit fint menneske.


En god latter forlenger livet

Translate

La vita è bella

About me: