Søk i denne bloggen

lørdag 13. april 2013

Ein mjuk mann


Har endelig komme meg inn på flytoget etter å ha såtte ute i kulda alt for lenge sidan eg akkurat mista forrige tog. Det pastell-farga skjerfet mitt gjorde skremmende lite for å halde birande Oslo-kulde på avstand, men eg skal ikkje klage; I Russland er minus 30 en hyppig hendelse.


Eg har dei siste to dagene blitt kursa av sjølvaste Torkil Berge. For dei som ikkje er psykologi-junkies som meg, vekker dette kanskje ikkje mange følelser eller tanker, men for meg er det stort å ha vore i samme rom som etter mi meining, ein kjempegod terapeut. Sidan han også har vore med å skrive fleire psykologiske 'bibler' som håndbok i kognitiv terapi, har det vore ein glede å høyre han fortelle om sine tanker rundt terapi. Med fare for å bli en smule tilbederisk, er det er ein god følelses når han seier noko som reflekterer holdninger og tilnærminger som eg sjølv står inne for. Det gir meg meir tru på at eg kan gjere en god jobb, og minner meg på at eg har den beste jobben i verda. Mr Berge sjølv har sagt det same, og har til og med innrømt at han en periode vurderte å ikkje ha pasienter, fordi han var redd for å bli utbrent. Den gledelige nyheten er at dette ikkje fungerte, mannen er eit sprell levende eksempel på korleis man ikkje blir lei av det å møte nye mennesker og skjebner, på same måte som man kan sjå hundre kjærlighets-filmer som på tross av meget likt innhald fortsatt fenger.

Det er fint med mennesker som Torkil. Han er eit vanlig menneske med et uvanlig energi-nivå og engasjement for andre mennesker som har hatt det vondt. Han har alltid den største respekt når han beskriv arbeidet sitt, og seier rett ut at han ofte blir rørt til tårer. For meg som gjerne kunne svømt i eit basseng av sterke følelser, er dette prikken over i-en på ein skikkelig mann. Kva er egentlig et bevis på sterkast sjølv-tillitt? Det å innrømme kven ein er, eller det å barrikere alle 'jentete sippe-tendenser' bak eit panser-ytre bygd på tøffe ord ? Det finnes få, om ingen mennesker som ikkje er småmjuk på innsida, og sjølv om nokre hann-kjønn med fordel kan vise meir av sine macho sider, kan også testosteron-bomber med fordel vise meir av sine 'feminine' sårbarheter. Eg syns Torkil er fin sånn. Han kler seg skikkelig, er høg og mørk, samtidig som han kan snakke åpent om kor glad han er i hunden Millie.

No er snart toget komme fram til flyplassen, som betyr at eg nærmer meg Førde igjen. Eg har ikkje nokon spesielle planer idag, har allereie trent, lest litt og spist ein god hotell-frokost, så eg ser for meg noko rolig og fint, som scrapbooking og kanskje til og med ein film før eg legg meg tidlig. Det var koselig å vere i Oslo litt igjen, spesielt sidan eg fikk vere med Nils ei stund og faktisk også utforska litt av Grûnerløkka! Snart liker eg Oslo betre enn Bergen, og DET er jo ikkje greit?

For dei som vil vite meir om mannen:
http://www.erfaringskompetanse.no/en/nyheter/kostbar-depresjon

Kjempegod og lett-lest bok om angst! Anbefales

Bibelen til dei som driv med kognitiv terapi. Til min store
skam har eg enda ikkje skaffa meg den.  
Lettlest bok om depresjon. Anbefales!

Translate

La vita è bella

About me: