Søk i denne bloggen

tirsdag 16. april 2013

Finaste Wenke

Wenke Karin
Nyttårsforsettet mitt er viktig for meg, og denne gangen skal eg skrive av en av mine kjæreste venninner, Wenke Karin. Eg kan begynne med ein gang å sei at du betyr veldig mykje for meg, og eg er kjempeglad for at eg blei kjent med deg i si tid. Håper vi fortsetter med å halde kontakten i mange år framover.
Det er mange folk ein møter på ens veg; Nokre har ein berre kortvarig kontakt med, andre beheld man. Wenke har eg hatt kontakt med i MANGE år, faktisk heilt sidan videregåande, som no begynner å bli
På et felles vors. Wenke er nr 2 fra venstre:) 
farlig lenge sidan. Sjølv om dei første åra, i hovudsak bestod av kontakt via brev, så er det likevel ikkje mange mennesker der ute som kjenner meg betre enn denne jenta. Derfor ligg ho ekstra nært hjartet mitt, og er alltid en av dei eg ønsker å kontakte dersom noko nytt skjer. Eg er sikker på at dersom vi skulle samla alle brev og mailer vi har utveksla, så ville det fyllt ei bok!

Eg elska å få brev av Wenke. Det begynte egentlig på ein litt usedvanlig måte: Vi var uenige om ein person sine personlige egenskaper. Sjølv om eg husker detaljene svakt no, var det i alle fall ein slags «krangel» som førte til at vi skreiv til kvarandre, men det må ha vore nokre positive elementer i det, for plutselig var vi faste brevvenner. Eg gledde meg alltid til å få brev i postkassa, for i tillegg til spennende lesestoff, var alltid breva skikkelig forseggjorte, med kul skrift i forskjellige farger, noko eg absolutt hadde sansen for. Til og med på bursdagen min, har eg i mange år fått kort fra denne jenta, og det var alltid like rørende å bli huske på. Sjølv om facebook gjer det mykje lettere å gratulere folk no enn før, har wenke vore opptatt av å vise at ho tenker på folk, mykje før det var populært å skrive på veggene til folk.
er det rart eg blei glad for brev når dei såg slik ut?


Sjekk dei kule smiley`ane

Vi la ut om alt som opptok oss på den tida, som er mykje av det same som opptar oss i dag: Drømmer, gutter (så klart) og ka vi hadde gjort på den siste tida. Det er veldig fint å ha nokon der, som ein kan sei alt til, og som tar vare på det som blir sagt på en veldig fin måte.
I dag bur Wenke i Bergen saman med sin utvalgte og deira felles son, Daniel i en nydelig leilighet. Ho har etter ei stund kor ho var heimeværande, no komme seg inn på jobb-marknaden igjen, som eg trur blir veldig bra! Jenta er utdanna baker & konditor, og kan få til ting eg berre kan drøyme om.
Eg elska mange farger! 
Wenke er ei ganske rolig jente. Ho høyrer godt etter når du forteller noko, og er så god til å ta kontakt for å spørre korleis det går med folk. Eg veit det er viktig for ho å halde kontakt med kjente, og det er fleire ganger ho har vore lei seg for at ho ikkje har hatt muligheten til å treffe andre meir enn ho har fått til. Ho er også ei svært omsorgs-full søster, og tenker mykje på henne. Ho er også mor, og eg veit at ho bekymrer seg for sønnen innimellom, som igjen viser kor mykje ho tenker på andre, og vil dei skal ha det bra. Eg har også fått oppleve dette sjølv, og veit at dersom det hadde skjedd noko som ho var redd for skulle såre meg, ville ho vore på pletten med ein gang. På mange måter kan eg kjenne meg litt igjen i Wenke, og eg føler vi forstår kvarandre ypperlig. Eg skulle virkelig ønske vi fikk truffe kvarandre oftere, men eg er glad for at vi har holdt kontakten på tross av at eg no bur i Førde og ho fortsatt i Bergen. Eg har og fått gleden av å bli kjent med mange av dei ho har rundt seg, som og er flotte folk, og det er trist at vi ikkje har fått brukt meir tid saman.
Eg håper at du ikkje syns det var dumt å bli nevnt i bloggen min, Wenke. Det er i bunn og grunn for å vise deg at eg tenker på deg og er veldig glad i deg! Eg syns du er ei kjempefin jente, og er misunnelig på alle som får bruke masse tid med deg! Eg er sikker på at du klarer den nye jobben utmerka, men husk også å ta godt vare på deg sjølv. Det er ikkje berre-berre å gå fra å være mor på heiltid til å virvle seg inn i arbeidslivet igjen!

Stor klem fra meg!

Translate

La vita è bella

About me: