Søk i denne bloggen

mandag 8. april 2013

Finn fram i applikasjons-jungelen

Det er ein nådeløs jungel der ute
Dette innlegget vil ikkje handle om den jungelen der rampete apekatter slenger seg fra tre til tre, men om noko mykje meir moderne: Applikasjoner.
Dei fleste med smart-telefon har nok allereie stifta bekjentskap med desse firkanta nett-gudene som på folkemunne blir omtalt som "Apps".
Nokre kjem vi ikkje unna, då dei allereie er installert og klare til bruk når vi får eit flunkane ny telefon eller nettbrett i handa. Andre har vi høyrt mykje om, som gjer at nysgjerrige laster dei ned og tester dei ut personlig, om så berre for å sjå kva alt dette oppstyret handler om.

Eg er, som mine nærmaste ofte oppgitt bemerker, personlig frelst. Eg meiner med hånda på hjartet at applikasjoner var akkurat det eg trengte i ein hektisk kvardag: Ein plass der eg kan notere alt eg må huske, der eg kan skrive og publisere det meste, der eg kan ta imot betaling for mine "tjenester" og halde meg oppdatert på både nyheter og sosiale nett-begivenheter. Dette er berre NOKRE av fordelene eg kjem på, for APPER gjer livet enklare og litt meir moro.
Eg har sidan eg skaffa meg den fantastiske, vesle iPaden min (som eg diverre knuste skjermen på etter to vekers bruk), gått inn for å finne utav kva no egentlig Apps er for noko, og KVEN av dei som ER noko. Eg har lest artikler, sjekka gjennom topp-ti lister jevnleg og prøvd ut dei fleste som verker interessante. Eg har lasta ned dagens app kor eg kvar dag får presentert ein god app til redusert pris, og brukte også App Zap mykje i starten for å sjå kva nytt som var komme på marknaden. Eg har funne mange flotte apper i dei fleste kategorier, utanom spel (har eit spel, Ruzzle, som eg var litt avhengig av). Dette har eg gjort ut ifrå føre-var prinsippet: Skulle eg begynt med det også, hadde eg nok måtte droppe andre ting i livet, som å ta på meg sokker eller å pusse tenna, og så langt har eg altså endå ikkje gått (Eg bør ha en viss munn-hygiene, når jobben min krever non-stop bevegelse av munnen).

Mi personlige favoritt-liste
Sjølv om eg altså ikkje har opplevd den lettsindige lukken som oppstår av timer med bygging, køyring og bevegelse i spill-verda, har eg då snappa opp ein del informasjon om andre apps, som eg tenkte kunne vere interessant å dele med dykk. Eg har derfor laga ei liste over dei som eg bruker mykje, og som eg har sansen for. Mange av desse skulle eg gjerne brukt meir tid på, men av grunner nevnt ovenfor, må eg halde meg til nokre om gangen. Lista er delt opp i kategorier, og derfor nokonlunde variabel. Du kan derfor plukke ut dei godbitane du vil smake på sjølv, så får vi håpe at smaks-løkene er på plass når dei skal testes ut. Eg har ikkje tatt med video-apps, men det er mange gode der ute, som NRK-tv og Netflix. Eg er også begeistra for iMovie, men har brukt den for lite til at eg ønsker å skrive meir om den pr. dags dato.



Mi eigenkomponerte liste over gode applikasjoner:

Diverse:

0. Samle-App:  (0 for det som var før nummer 1, og O for obligatorisk): Flipboard. Dette er ein genial app. Den topper dei fleste på-topp liste av mange grunner, og har no blitt ENDA betre enn den var.
Fantastisk app som brukes kvar dag
App-en klarer å gjere mykje på ein gang, men er i bunn og grunn til for å samle og presentere informasjon på en ytterst delikat måte. Du kobler den saman med sosiale nettverk som facebook, twitter og google +, og appen lager så eit magasin du kan bla igjennom, med dei viktigste høgdepunkta fra ulike nettstader framheva. Du får lett oversikt over det som har skjedd med tante Karina og kan på to sekunder lese gjennom kva ulike twitter-brukere syns om dagens nyheiter. Du kan lage magasin av alt du er interessert i, og kan no også finne egenkomponerte magasin som andre har laga. Dette gjer Appen etter mi meining, så perfekt som noværande Apper kan bli.

1. Mat:  Epicurus. Her finn du mange spennende oppskrift MED handleliste. Ein kan lett lagre fav. oppskrifter slik at dei ikkje går i gløymeboka. Skal vere en av dei beste Appene som finns på området, men her er det MANGE å velge mellom for dei som er glad i å lage mat.


Eksempel på ei side laga i "pages"

2. skrive og tegne: Pages er ein App fra sjølvaste Apple, som riktignok koster 70 kroner, men som gir deg ein veldig fin skrive-app for penga. Her finns det mange maler å velge mellom, slik at ein kan lage prospekt-kort, invitasjoner, oppskrifter, oppgaver, brev og plakater. Eg jobber sjølv med å få oversikt over det eg veit om korleis mat påvirker oss, og skal dele dette når det eingang blir klart (forhåpentligvis innan eg er 30:). 
Appen er meget lett å bruke, og det fine er korleis ein kan lime inn alle slags bilder som kan rammes inn og leikes med på mange måter. Her kan en også velge skrift-type, farger og størrelser på det meste.

3. Write 2. Fin skriveapp, passord-beskyttelse, som kan vere greit om ein har nysgjerrige mennesker i omgangs-kretsen. Ellers kan ein her bruke fine bakgrunner, og velge blant mange ulike "fonter". Lett å bruke.




4. Sosialt + dagbok: Storify: Denne anbefales absolutt. Her kan ein lage alt mulig kreativiteten klarer å framkalle, og ein kan til og med lage mykje om ein ikkje heilt veit kva en skal skrive, sidan du lett kan bruke informasjon fra nettet og andre sosiale applikasjoner (sjå nedenfor). Du kan lime inn bilder fra kamera og nett, og skrive om dette. Kan brukes som ei slags dagbok over ditt daglige liv, men også om noko ein engasjerer seg for, eller om ein ønsker å lage ei stilig oversikt knytta til bestemte tema. Lett å bruke, og ein kan fint lære korleis ved å prøve seg fram!

5. Notater/lagring: Evernote:  For det første kan denne lastes ned overalt, og synkroniserer automatisk det du laster ned, på samme måte som dropbox. Her kan du lagre ALT du kjem over, og lett organisere det du finn i mapper du lager sjølv. Den fungerer fint til å ta notater slik at ein alltid har ein stad å lagre informasjon ein kjem
 på der og då. Her kan ein også lagre innspilling av lyd.

6. Day one: dagbok,der man lett kan skrive nokre småting kvar dag og lime inn bilder. Alt blir lagra i en oversiktlig kalender, som også kan lagres i iCloud og på Macbook Pro.

7. Psykologi-appen. Psykologi for folk flest, på norsk!
8. Ein annan app som er genial er Goodreader. Her kan du laste ned forskjellige typer tekst, for eksempel PDF. Ikkje berre er den god når ein skal lese noko, du kan også understreke det som er viktig som om du skulle hatt markerings-tusjen i handa, og skrive små kommentarer til deg sjølv. 

9: Lyd: Capture Audio: Ein måte å ta opp lyd på, både tjappe mentale påminnerer, og lengre innlegg eller foredrag. Det fine er at ein kan "flagge" punkt i opptaket som er spesielt viktige. Ein finn desse enkelt igjen, og kan også lagre notata i forskjellige mapper

10. For dei som skal ta imot betaling: i Zettle. Her blir det og sendt ut elektroniske kvitteringer.r dei som er interessert i vitenskap (særlig om hjernen/psykologi) anbefaler eg magasinet american scientific mind: blanding av psykologi og biologi. Det kan og lastes ned til iPaden. 


Sosialt:

1. Pinterest. Dette er ein App som ein virkelig kan bruke mykje tid på.
Eg meiner det er fornuftig sløse-tid, sidan eg alltid blir glad når eg sitter med den. Her finn eg bilder av alt eg syns er vakkert: Reisemål, fine kle/sko/acsessorizes, nydelige hus og rom, visdoms-ord for kropp & sjel og til og med blogger, artikler og anna lese-stoff. Det er også eit stort utvalg med bilder av god kvalitet, og desse kan ein også kopiere og bruke som ein ønsker. Sidan mange bruker denne, er det lett å finne nye kontakter med samme smak som deg, noko som navnet "pinterest" viser til (tar du vekk P-en står ein jo att med Interest). Den kan også kobles til andre sosiale applikasjoner, som twitter, facebook og google +.
Mitt navn der er Ninjafighter. Eg har allereie funne 1708 pinns. Litt skummelt, men definitivt verdt det.
http://pinterest.com/ninjafighter/boards/

CREATE / BLOG: tumblr is a social network of images,
videos, quotes, and audio. Also a great place 

for making you`r own blog
2. Tumblr. Ei flott nettside for å finne kvalitets-stoff på nettet. Her kan ein også skrive eigen blogg, og søke etter ulike kategorier. Også ein fin plass å møte andre likesinna.

3. Linked In. For alle arbeids-takere. Mange bruker denne, og det er en glimrende måte å finne andre i same yrkesgruppe som deg, eller finne folk som jobber i samme bedrift/foretak. Det er ei side kor andre kan finne deg, så mange legg inn jobb-erfaring og kva ein kan i korte trekk, omtrent som på ein CV. Det er også mulig å legge ut artikler/informasjon som dekker fagfeltet og interessene ein har.

3. Twitter. Denne har jo eksistert ei stund, men held fortsatt koken. 
Eg blei først bruker høsten 2012. No tweeter eg som berre det, mest om psykologi. ALT kan tweetes. Både ting fra Pinterest, artikler ein les på nettet og små morsomheter. Det kan også brukes til status-oppdatering, noko eg sjeldant gjer sidan eg står tydelig fram som psykolog. Ein "følger" andre, og kan følge både forfattere, politikere, flinke journalister og kjendiser generelt. Ein kan også her finne folk med same jobb/studie som ein sjølv har. Det er lett å bruke denne, og du må ikkje legge ut informasjon om deg sjølv om du ikkje vil (kan bruke den til berre å følge andre). Folk bruker sjeldent eige navn.

Her finn ein alt mellom himmel og jord samla i lekre "notebooks" som andre har
laga. Du kan også lage dine egne kor du samler informasjon du finn inne på appen.
4. Springpad. Mottoet deira er: "Everyday life, done better". På forhånd er det oppretta lure kategorier, som for eksempel småting ein ønsker seg, prosjekt-oppgaver, beste filmer og oppskrifter. Ein velger sjølv om ein vil behalde eller endre desse, og kan så klart legge til fleire. Søke-funksjonen er kjempefin: Det kjem med ein gang eit spørsmål om kva ein ønsker. Vil ein kanskje finne interessant lese-stoff? Vil ein shoppe? Høyre musikk, finne reisemål? I tillegg kan ein utforske andre sine notebooks, og her er det MANGE spennende ting å velge mellom. Det er berre fantasien som set grenser, og desse grensene blir lett sprengt når tusenvis får utfalde seg fritt

5. Foursquare. Viser folk og ting som skjer, i nærheten av deg. Genial i byer, men ikkje så nyttig i Sogn og Fjordane. 

Nyheter/informasjon:

1. stumble upon. Dette er en strålande App, kor ein finner nettside om akkurat det ein er interessert i. Appen "husker" kva du har vore interessert i tidligere, og spesial-tilpasser innhaldet til deg. Det tar litt tid å få inn ei ny nettside, men det er ofte verdt det. Det er alt fra veldig fine bilder, til nettsider med tips om forskjellige tema, til humor og oppsikts-vekkande nyheter.
2. Pulse (også meir positive nyheter)
Ellers har ein News360 som ser ein sak fra mange sider.

Lage plakater og stilige mailer:

Phoster : App der du lager plakater på 1-2-3

ArtMail: Her kan en skrive stilige mailer med handskrift. Best med Ipad. 

Kalender/praktisk i kvardagen

1. GooCal. Dette er google sin kalender. Enkel og grei.

2. Droplist: Ein effektiv huske-liste, kor det tar to sekunder å skrive ned det som må huskes, enten det er handlelista, avtaler eller ting ein må ta med. Kan så lett puttes inn i riktig "kategori". Ein sletter enkelt ved å bevege fingeren til venstre. Lager ny lapp ved å berre "dra fingeren nedover".
3. Sticky notes: Er bokstavelig talt post-it lapper i ulike farger, som ein skriv små beskjeder på. Lett å slette når oppgava er gjennomført eller ein ikkje treng informasjonen meir
4. Total recall: perfekt for å lage tanke-kart
Bøker:

Ebøker: kindle fra Amazon. Her kan ein også finne gratis bøker.

Ark e-bok. Ebøker til 29 kr, også norske.

Goodreads: Denne er for å finne litteratur, og lagrer også kva du har lest. Du finn også folk fra facbook her, og kan bli kjent med nye brukere.

Wattpad er ein App der ein finn mykje litteratur gratis. Både klassikere og moderne litteratur, så er spennende å utforske om ein har tid. Dei mest populære bøkene er lette å finne.


Lista eg har laga, er for all del ikkje uttømmande, og eg har blant anna ikkje gått innpå musikk, shopping, video og spel på grunn av at desse bruker eg minst for tida. Det finnes MYKJE bra her, og også på chat/messenger fronten som eg heller ikkje har satt meg inni. Kort oppsummert kan SoundHound og Awedtorium anbefales på musikk-fronten, NRK på video, We <3 it, finn og ebay på shopping, og WhatsApp på messenger. Det finns også mange gode reise-apps og språk-apps som ein kan laste ned etter behov. Eg har overhode ikkje skreve om foto-apps, fordi eg har en del sorterings-arbeid å gjere med tre egne "bokser" kun for dette, men to av favorittene så langt er Pixlromatic og Repix.

Håper med dette å ha dekka forskjellige behov. Kom gjerne med eigne forslag til apper. Eg er alltid på jakt etter gode Apper som eg enda ikkje har fått gleden av å bruke.

Translate

La vita è bella

About me: