Søk i denne bloggen

torsdag 4. april 2013

Monica



Kjære Monica
Eit bevis på kor snill Monica er!
Det finns små solstråler rundt omkring, med ulik typer intensitet. En av desse er mi sosionom-venninne Monica som eg traff for ca fire år sidan.
Kven klarer å skinne meir enn en nyvaska tallerken? Kven kvitrar høgare enn den friskaste camping-fugl? Svaret er innlysande: Monica! Ho møtte meg med med eit strålande smil den første gang eg traff ho, og sidan det har det berre fortsatt. Ho er også utrulig snill. Dagen etter første aktivitetshelga i Førde, stilte ho opp for å hjelpe til med å rydde. Ho fortalte uskyldig at hensikta var å hente nokre ting ho hadde lagt igjen. "Så kunne eg "likegodt vere med å rydde litt". 
Gleder meg til å smake sunn is!
Har nokon sett eit nydligare smil ?

Monica stiller opp, og har pågangsmotet med seg i ryggsekken. Første gang ho var med på en aktivitet, kjente ho ikkje fleire enn meg, men ho trossa lukta av frykt og befant seg snart midt i smør-auge av samtalene. Ho glir lett inn i forskjellige settinger, og snakker med dei fleste. Ho elsker å vere ute, for då kan man jo møte gamle kjente og dessutan også møte nye folk! I tillegg til sosialisering, har ho også mange andre interesser. Ho får trent, er med kjæresten, heklar og reiser så ofte ho kan. Ho er dessutan med på å prøve noko nytt, som eg defintivt sett pris på. Blant anna var vi på pub-til-pub runde i Førde, og Monica var sjølvsagt ein ivrig deltaker. 
Monica kaster seg rett og slett uti ting! Ikkje overtydd? Eit sterkt bevis er at ho oppfylte ein av sine draumer med å reise jorda rundt (og ho er yngre enn meg!). Det står definitivt respekt av folk fra Sogn og Fjordane som ikkje er redd for verken kengeruer, merkelig mat eller ukjente byer, når det nærmaste man har komme dette før er nokre hjortar, kjøttkaker eller ein dagstur til Bergen. 
Du gjer meg glad
Ein annan fin egenskap er at ho verkeleg lytter. Ho stiller mange spørsmål, og får faktisk med seg det for seier, i tillegg. Det er alltid like kjekt å komme på besøk, sidan det osar velkomst-glede fra alle krinkel-kroker. Dessutan, om ein er heldig, får ein sjå ein av Monica sine hekle-prosjekt.
Eg liker når du danser, Monica, for du har det så kjekt då! 
Eg liker når du ein gang i mellom er oppgitt, for det viser at du er ekte.
Eg liker at du seier kva du meiner, for gudane veit at det trengs av og til.

Eg liker at du kjøper enda ein ting etter ein vellykka dag i Førde`s shopping-mekka. 
Verda hadde ikkje vore det saman utan deg. Eit naturlig midtpunkt 
Du får Førde til å bli meir enn berre ein småby. Ikkje berre på grunn av shoppinga, men også fordi du er her.

Eg gleder meg til fleire år med deg, fyllt med latter, alvorsprater og nye opplevelser. Eg er like glad i deg som eg er i salt, og det seier vel egentlig alt. 
 
Eg mimrer tilbake med glede:

Translate

La vita è bella

About me: