Søk i denne bloggen

torsdag 2. mai 2013

Blod er sterkare enn vatn


Dette året har eg virkelig funne eit knakandes godt nyttårs-forsett. Ikkje berre er det lett å halde motivasjonen oppe, men det fører også til at eg får vist en rekke bra mennesker kva eg meiner om dei, og når eg kan bruke skrift i tillegg, er det ekstra fristende. Det ein skriv kan bevares lengre enn det tar tånegler å gro, og kan sågar leses om igjen fleire ganger, til og med i lystig lag om det skulle behage. 

Jan og Eric på Astruptunet. Min kjære bror blei litt skuffa over at Herr. Astrup
ikkje var heime den dagen !
Denne gangen er det min to år yngre bror som skal i ilden. Denne karen brukar dessverre ikkje lue med mindre nokon limer den fast på hovudet hans, og det han treng er trygt forvart i lomma, så sekk trengs overhode ikkje. Han er idag ganske høg og sterk, så eg skal prøve å vere i alle fall litt saklig i beskrivelsen slik at eg slepp unna med lett kjefting etter publikasjon. Kanskje eg til og med skal vere snill, på tross av at han er bror min og dermed naturleg nok skal kranglast med innimellom. Men sidan eg etterkvart held på å oppnå status som voksen, og J.T lenge har vore det, skal dette nok gå svært så sivilisert for seg. Det må umiddelbart poengteres at sånn var det selfølgelig ikkje alltid. Som søsken flest kunne vi vere mektig uenige. Bland det saman med to skeier staheit, fire liter dårlig hukommelse og en klype barnslige kjensler, så har du ei ganske virkningsfull oppskrift (på kva, overlater eg til fantasien). 
Grunna den allereie presenterte dårlege hukommelsen, er det litt uklart kva ulike diskusjoner har handla om, men det var sikkert meget viktig når vi var seks og fire år.  
Vi gjorde dog mykje saman, naturleg nok når man tar den vesle aldersforskjellen i betraktning. Noko av det kjekkaste eg visste var felles musikk-stunder. Då sat Jan og klimpra profesjonelt på gitaren, mens eg ymta frampå med høvelege tonar. Eit slåande verk blei resultatet, som eg fortsatt husker mesteparten av den djupe teksten på.

Gitar er obligatorisk i jula!

Det regner og regner
Det er bare rot
Ingenting ser ut til å være bra
Det regner og regner
og det blir åsjerå, og det blir åsjerå, og det blir Å
det blir Åoverskyet NåOåå


Joho, nå blir det orkan
Kjempestor, kjempestor som et haaav
Tar med seg busker og trær, og blomstrer og 
alt som er 
-------------------------------------------------------
Sangen blei til på impuls, litt slek som Spice Girls sin Wannabe (dei sat på en bar, og den eine sa til den andre: I tell you what I want, what I really really want). Min store vesle-bror begynte med klimpring, og eg fulgte på med tilfeldige ord og tonar. Eg tilpassa meg han, og han meg. Slik blei altså denne stormfulle melodien skapt for all eve (Amen). 
Jan har alltid vore interessert i duppedittar. Særlig steig pulsen om han ikkje berre

Tre søsken i perfekt harmoni

Ingenting er kjekkere enn svære motorsykler!
kunne undersøke dei fra utsida, men dersom han også kunne skru opp desse små irriterende skruene for å sjå korleis alt var satt saman. Eg har dermed fått mange interessante tips på livets veg, som at det er lurt å helle neglelakk-fjerner på cd-er som er riper i (det funka faktisk) og har til og med fått kobla om kabler i bilen slik at eg kunne sette på cd-speleren ved å vri om på lysbryteren. Jan var også med på morsomme påfunn, som å lage film-reklame om korleis tysk sjokolade sendte deg rett til himmelen. Som om dette ikkje allereie var nok moro, kunne vi rett som det var også finne på å lage «slott» i høgt gras som vi då krøyp rundt i (før vi skjønte at dette ikkje var så lurt med tanke på at graset skulle opp i slå-maskina etterpå), eller legge madrasser i trappa som vi sklei ned på. Eg husker også spesielt godt eingang vi såg filmen «langoliers» av Stephen King saman (eg fant først ut nokre år seinare, at filmen kom fra min yndlingsforfatter). Vi prata og filosoferte noko voldsomt over universet, og kor mystisk det av og til er.



Idag har Jan Tore utvikla seg til ein høg og trivelig mann. Det er litt rart kvar gang vi møtes, at denne karen som eingang var min «veslebror» no raver over meg som ein svær bjørn. Eg trur imidlertid eg takler det, og heller velge å vere stolt enn å føle meg trua av denne kjempebamsen av en familie-mann. 

Sidan han har flytta tilbake til Bergen no, ser eg han dessverre han, den fine kjæresten og vesle Leander, alt for sjeldent. Men om saknet skulle bli for stort, kan eg alltid sette på ein snutt fra video-filmer som Jan har overført til CD (igjen, kva skulle vi gjort utan din tekniske finesse?). 
Uansett er eg glad for at du er bror min, og håper vi får til mange kjekke treff i tida framover!
Uhorvelig søte, var vi jo så klart!



Translate

La vita è bella

About me: