Søk i denne bloggen

mandag 27. mai 2013

Gøy på landet





En SMULE meir folk enn i Jølster..
Det har vore ei fin og innhaldsvik veke. Det begynte med tur til Bergen, der eg også feira 17.mai, før eg så reiste til Barcelona med Birgit (utan kamera, så dessverre ingen bilder fra den turen). Eg kom heim til Førde onsdag kveld, og hadde så to dager med jobb foran meg før det igjen plutselig var helg. Innlegget vil idag handle om helga, som blei tilbrakt hos Monica the Woman, i storveis kalas ved sjølvaste Instefjorden!

Eg kjenner meg litt slik som eg gjer etter ein eksamen, litt rastlaus og uklar på kva eg no skal ta meg til. Eg har avslutta ein del prosjekt (som aktiviteter i Førde og italiensk-kurs), vore mykje ute og reist, besøkt folk og oppretta ny blogg, samtidig som eg engasjerer meg på jobb (og det er mykje å engasjere seg i). Eg har og hatt nokre ganske aktive scrappe-dager, og har laga masse ting som kan henges på vegger her og der. Etter slike aktivte perioder kjem ofte eit slags tanke-vakuum. Eg må jo sjå litt tilbake på det som har vore så langt, og kva passer då ikkje betre enn at eg nettopp set meg ned med skrive-programmet for å oppsummere litt av det som har vore?
"Hoppande gla" for å vere i Instefjorden! 

Litt spent som ein jo er når ein får gleden av å møte nye mennesker, etter en nokså asosial periode med mykje lesing, scrapbooking og house på dvd, satte eg meg på bussen laurdag. Eg hadde to store poser med meg på bussen, som eg plasserte både ved sidan av meg og under beina for å få plass til alt. Det såg kanskje ein smule frekt ut, men da vi var færre enn 7 stk på bussen totalt, tillot eg meg denne egoistiske ekstravagansen. Monica hadde gitt meg instruksjoner slik at det skulle vere mest mogeleg overkommelig å finne fram til denne "Instefjorden", noko eg definitivt trengte etter kva som skjedde forrige helg (då eg enda opp i Solund istandenfor Eivindvik..). Men ein ting er sikkert, bussjåfører skal ikkje stolast på! Hadde det ikkje vore for min ekstraordinære smarthet, hadde eg nok ikkje gått av på riktig plass (han sa: Vi tar oss av det dersom du ikkje veit kor du skal av, når eg tenker over det no, kven var egentlig "vi"? Han og "bussen"? Har han ein annan personligheit?). Men denne gangen, gikk det faktisk bra, og takka vere Helene som satt lageleg til på verandaen og slikka sol, skjønte eg til og med kva slags hus som var det aktuelle.


Peace & Love


Huset var stedet for feiringa av Monica, og det vart ein kveld fyllt med diverse moro. Vi fikk sett mange stilige afro-folk som virkelig levde seg inn i rolla si (særlig utover kvelden), hadde leiker og konkurranser som dei fleste (astma blei så vidt unnskyldt etter nøye vurdering) var med på, og fekk også dansa, spilt gitar og preika med kjekke folk. Dagen etter var det frokost (eg klarte å sove til elleve, utrulig nok), enda meir preiking (om afro-galskap, leiker og kjekke folk) før vi fornøgde satte oss i bilen tilbake mot heimstaden. 

Det mest interessante er kanskje å berre SJÅ resultatet av denne store kvelden?




Det blei en tøff battle mellom dei to laga!


Nydelig kveld i fjorden




Monica som funderer på at ho har blitt ett år eldre







En stk glad jente som straks er ferdig med eksamen!



Den kulaste afro-mannen som finns
Afro-mote på høgt nivå






Translate

La vita è bella

About me: