Søk i denne bloggen

søndag 26. mai 2013

Til Astrid

Astrid har alltid vore bevisst på mote.
Dette antrekket blei kåra til kveldens hottaste.

Mitt første møte med Astrid




Nyttårs-fortsettet mitt lev i beste velgående, og denne gangen er det mi kjære venninne Astrid som skal i ilden.
Reinskriving av intervjuet

Det er artig å tenke tilbake. I første klasse på videregående visste vi ingenting om kvarandre, no har vi 8 år på baken og det føles som vi har kjent kvarandre mykje lenger enn som så. Vi har fulgt kvarandre gjennom lange utdanninger, sett filmer saman, vore på forskjellige fester ilag og prata om det meste. Kven skulle trudd det, den dagen vi snakka for første gang, på Hafstad VGS? Eg er litt tilfeldighets-junkie for tida, og velger derfor å tru at det ikkje var tilfeldig at vår kjære klasse-forstander valgte at eg og Astrid skulle intervjue kvarandre ein av dei første dagene i bli-kjent fasen. Ikkje lenger etter var vi blitt ein romslig gjeng som elska kortspel (særlig i dialekt-timer) og gjorde mykje ilag.

Mykje historie har vi bak oss. Vi har fulgt kvarandre i det lange studie-løpet vi begge valgte i Norges vakreste by, og fortsatt har vi kontakt sjølv om ein naturlig avstand har skilt oss fra kvarandre (Leikanger-Førde <-- men ingenting avstand er stor nok).

Tekst-bilda dykk ser er utkast til intervjuet eg hadde med Astrid (ikkje reinskreve, som dykk ser) med mykje interessant informasjon. Allereie då visste ho at Australia og USA stod på reise-lista, og no kan det faktisk fastslås at dette har Astrid allereie oppnådd, og kven veit kor ho er om ti år?
Astrid om film: Det er så mykje bra, at eg veit ikkje har nokre favoritter! 

Eg trur ikkje eg veit om nokon andre (bortsett fra Andrine) som har så god oversikt over filmtitler og skodespelare, som Astrid har. Ho husker også en del av handlinga, som er mykje meir enn eg kan skryte på meg, og er ganske
god til å forutsjå kva som vil skje i filmen videre. Dette er nok, blant anna, fordi Astrid er ganske så klok. Det kloke, lyse hovudet, har idag brakt ho til Leikanger, kor ho stortrives med å handheve lova. Selfølgelig syns ho det er veldig trist at eg er så langt vekke (:D), men det finns heller ikkje mange klokare hovud som er flinkare til å halde kontakten med dei ho er glad i. I skrivande stund, er ho i Roma saman med gamle kjenninger, og i 2012 reiste ho saman med meg og to venninner til Tyrkia. Der låg vi og blei steikte i sola, nydelig rosa begge to. Flinke var vi også til å kaste oss ut i sjøen, utan å drukne. Solbrente og oppglødd av tyrkisk merksemd, åt vi saman på kveldane.

Astrid så klart med ein flott biff foran seg (for det er jo lov å kose seg av og til?) og med ein
 riktig smak-rik dessert (sa eg kor viktig det var med kosen?).
At Astrid er glad i sjokoladen sin, gjer absolutt ingenting, sidan ho er slank og sporty som einkvar atlet. Det er ikkje få gangene eg har måtte putte opp alt trenings-forsvaret når eg har fått høyre om enda en time på trenings-senteret. I Leikanger er ho fortsatt en av desse kjernesunne sporty jentene, med eplerøde kinn, som får
deg til å stramme inn magen og gå litt fortare der ein ser ho suse forbi på sykkelen. Eit eksempel på kor langt dette kan gå: Astrid sykla opp angina-bakken når ho budde i Førde!!! For dei som ikkje veit kva angina-bakken er, så held det å seie, at dette slett ikkje er barnemat for verken liten og stor. Kanskje det er den tidligere dansinga som har gitt ho nokre fordeler som vi andre dødelige ikkje har?

Mange år har vi kjent kvarandre, og eg vil berre understreke at eg håper det blir mange fleire minner som vi kan legge i livs-albuma vore. En ting veit eg sikkert, dette er ei jente med stort hjarte for menneska rundt seg, eit naturlig midtpunkt som alltid jobber for det ho drømmer om. Eg gleder meg til å sjå kor vi er ti år, det einaste eg veit er at vi forhåpentligvis fortsatt har kontakt.

Du er super, Astrid.

Her har dokke nokre fine bilder som illustrerer både ei og anna side ved jenta:

Du får meg til å smile


Eit naturlig midtpunkt for oss alle

Andrine, Astrid og meg på sommarfesten i Sunnfjord (2012)


Translate

La vita è bella

About me: