Søk i denne bloggen

fredag 26. juli 2013

Eg lenar meg til deg

Lena har alltid hatt et behov for å hjelpe 
dei som treng "ein ny planet" av korrigerende 
erfaringer, og alltid hatt sansen for  dei som 
ikkje er som alle andre.
To viktige bursdager idag, og begge er folk som står tett (len)t inntil hjartet mitt. Nathaniel har eg allerede skreve bursdags-hilsen til, men den andre er vel så viktig for meg. Dette er ei jente med gyllent, vakkert hår (som er enda finere fordi det alltid er i strikk på "jobb" eller "skule", men først blir løslatt fra sitt svarte strikk-fangenskap når fritida banker på døra), som eg no har kjent sidan eg begynte på psykolog-studiet. Dersom du gleder deg over briljante ressonerings-evner, kan eg applaudere med informasjon om at du har rett: Lena er også psykolog. Eg meiner personlig ein god psykolog, sjølv om eg aldri har sett ho "drive" terapi, men eg har då  måter å finne ut ting på;)
Eg og Lena møtes heldigvis
jevnlig fire ganger i året sidan
vi havna på samme spesialiserings-
kurs. Her tok ho meg med på
i overkant sein kulturell utdanning!
Idag jobber ho på Sørlandet på poliklinikk, etter å ha jobba i ambulant team og på akutt-post (imponerende liste mtp praksis-krav som framkaller akutt svette-reaksjon hos likesinna), og dette på hakesleppande 2,5 år! Lena er nøyaktig like gammel som meg (men litt eldre månad- og modningsmessig) og har virkelig forstått seg på psykologien utifra knall-karakterer heile vegen. Eg har sjeldent sett nokon med større evne til å sette seg mål, og følge dei uten alt for mange distraksjoner. Eg har laga ein djup psykodynamisk tolkning som avslører at Lena nok har erverva denne evnen gjennom mange år med karate. Finns det noko som legg meir til rette for å leve livet på best mulig måte, enn det? Karaten har også gitt min private nedroings-pille smaken for fast trening. Korleis ho ikkje svetter heile tida, er et mysterium for meg, som har svette-perler heile tida sjølv etter små anstrengelser. Nokre ganger er ho faktisk "gullig" (merk: svensk uttale, som er korleis mi Sørlands-dialekt ligner mistenkelig på) nok til å droppe hardbarka pulsstigning for ein rolig tur i parken med meg. Bildet rett over er fra en høgt tiltrengt tur til Vigelands-parken, kor eg hardnakka prøvde å utfordre jenta som ingen kunne målbinde til visse saker
No må du ikkje alltid vere så
utålmodig, Lena!
og ting, utan å vere i nærheten av å klare det. Det enda faktisk opp med at EG gjorde rare ting, istadenfor. Heldigvis fikk eg lønn for strevet: Lena tok opp ei fil fra "godt skjulte fakta om Lena" og overbeviste meg om at ho har ei særs tullete og frigjort side, som ho utagerer når det passer seg. Den neste "store"utageringa av ID-impulser blir tur til Kengeru-Australia, kor Lena skal krype inn det mangfaldige landet fyllt av historie, svære insekt og severdigheter. Misunnelig? Eg?
Ikkje gå fra kvarandre nokon gang, værsåsnill!
Lena har også vore der lykter blir holdt høgt mot himmelen, og dit eg snart skal gå meg vill sjølv, nemlig i sjølvaste New York (Eg tar gjerne imot ei liste med tips i forhold til severdigheter, om du skulle kjede deg ein dag;). Eg veit ikkje om meir glitrande auger nokongang har lyst opp ansiktet til denne skjønnehten, men fortellingene satte endelig stempel på erklæringa over en mindblowing tur. Lena fikk shoppa, reist på sighseeing og brukt etterlengta tid med Mannen I Henna Liv.
        Her er det kanskje passende å nevne at Lena er opptatt (med eit sånt grepa kvinnfolk er ikkje det rart) med den store logikeren du ser på bildet til venstre. Logikk eller ikkje, dei har begge æren av min fortsatte tru på kjærligheten. Eg veit ikkje nøyaktig KOR mange av mine kjente (og pas.) eg har fortalt dette til; Men Lena sa noko for ørten år sidan som har scrapbooka seg fast til minnet mitt (Eg har sidan pynta, fargelangt og utbrodert det til litt av eit scrappe-prosjekt).
Lena har vore saman med sin kjære så mange år at fingrane mine ikkje heng med lenger, og dette leder jo naturligvis til spørsmål som: "Korleis held du ut?" Eller "Korleis kan du vite at han er den rette". I forhold til det siste, venta eg eit tankefullt og komplekst svar basert på psykologiske forklaringsmodeller, og må derfor innrømme at eg nok engang blei målbunde då åpenbaringa kom: "Eg
Ikkje engang desse kjekkasene er konkurranse for sambuaren
berre visste han var det, og det har eg fortsatt å tenke fram til idag" (fortsatt kjem den rørte følelsen i magen).
Eg har selfølgelig iherdig pirka etter konflikter; Er det mulig at det finns slike forhold, der en berre veit og der krangling ikkje er en del av kvardagen? Svaret er faktisk ja, og eg håper virkelig at dei alltid held saman (ellers går mi tru på kjærligheten i vasken igjen).  


Lena og eg blei kjent sakte, men sikkert. Idag er ho en uvurderlig venn, som veit så mykje om meg at eg må vurdere om eg må gi påbud om munnbind. Heldigvis er ikkje Lena ei som lar seg pirke på nasa av andre sine kommandoer, og det har gått veldig fint uten knebling og trusler, sidan Lena er også er en lojal venn
Ikkje rart Birgit smiler, med Lena
ved sidan av seg :) 
(som ikkje sladrer for mykje, heller). Eg er ganske sikker på at Lena allereie har mykje av det livet ho ønsker seg, og det gjer meg glad, for ho har så mange år igjen der ho virkelig kan nyte godene av alt arbeid tidligere. For ingen skal lure meg til å tru at hard arbeid ikkje koster mykje energi, nedprioriteringer og tapte muligheter. Men Lena har alltid visst at alle muligheter kjem, og ho har også tatt seg tid til det viktigste ho ville mens ho var flittig student. Ho kjem fortsette å jobbe hardt for å halde kvaliteten på arbeidet sitt ved like, og eg er ikkje i tvil om at min kjære venn kjem til å få gjort mykje bra for sine medmennesker.


Gratulerer med dagen, Lena.
Eg set veldig pris på deg, og gleder meg til alle framtidige møter vi kjem til å ha.


Translate

La vita è bella

About me: