Søk i denne bloggen

søndag 14. juli 2013

Lyst til å hallusinere?

Dei som kjenner meg godt, veit at eg har sagt at når eg blir 70, skal eg prøve noko alà LSD fordi eg
lurer sånn på korleis det er å hallusinere. Som mange seier: Det er jo ikkje noko å lengte etter! Ikkje at eg er misfornøgd med at livet mitt får meg til å sjå det som er der, heller enn edderkopper, slanger og store monster, blir eg likevel fascinert av tanken om at nokon høyrer stemmer I hovudet sitt, og ser ting som ikkje andre ser. Eg var i overkant lystig når vi sov på Walaker hotell. Det er nemlig påstått at det overnaturlige kan oppleves der. Eg blei enda meir ivrig når rommet vi fikk, var på den gamle delen av hotellet, der det skulle spøke mest. Eg høyrte da også, skritt som eg ikkje heilt kunne forklare, men det var ikkje spesielt nok til at eg klarte å overbevise meg sjølv om, at det var små spøkelser som syns det var gøy å lage rare lyder.

Eg har enda ikkje opplevd å sjå eit spøkelse eller andre ting som ikkje egentlig skal vere der, derfor var det veldig moro å komme over ei side som framprovoserer hallusinering. Du skal berre sjå på eit bilde som beveger på seg i 30 sekunder, sjå vekk etterpå, og veggene rundt deg kjem til å bevege seg fram og tilbake. Det var ganske moro, men eg anbefaler at man er forberedt på dette, sidan eg blei litt svimmel etterpå. Likevel, morsom underthaldning, så det er berre å prøve den, om du har lyst!

Translate

La vita è bella

About me: