Søk i denne bloggen

søndag 14. juli 2013

... on the radio

Du sitt ute i ein park med ansiktet vendt mot sola. Det er sånn passe varmt, ingenting overstadig med tanke på at Juli er månederen og sommer kategorien. Likevel, du vender ansiktet opp, i håp om at nokre D-vitaminer blir aktivert innanfor huda. Etter ei stund vandrar blikket nedover mot boka du held i handa, som du prøver å dykke ned i, utan å alltid klare det. Temaet er rått og vanskelig, for du les ikkje om koselige ting som pusekatter som har vunne skjønnhetskonkurranser, du les om alt det stygge i
verda. Ein gut som bankar opp kameraten sin fordi han blei fornærma. Mannen som slår kona si sidan skjørtet var for kort. Det er baksida av facebook-perfeksjonen, og du kjenner det er ein smule dystert for denne fine sol-dagen. Mens tankene dine vandrar litt fram og tilbake, kjenner du vibreringa fra ein telefon. Ukjent nummer, så du tenker: Kanskje en ny privat pasient? Du rekk å tenke på kor mange du har no, og om det er plass til ein til, før mannen presenterer seg. Anders. Eg får ikkje med meg etternavnet, sidan eg allereie i det makro-sekundet har funne ut at det må vere ein ny pasient, då presentasjonen er så formell. Like etter, demrer deg for meg at slik er det ikkje. Etterkvart som sekunda glir framover, viser det seg at dette er en reporter, som ønsker å ha meg med på "sommer-hjulet", eit radioprogram på NRK. Eg høyrer etter, fortsatt med ansiktet vendt mot sola, og kalkurerer inni meg. Joda, det burde gå, det. Vanligvis liker eg ikkje tanken på å vere med på slikt, men kanskje eg trengte en flukt fra vold og sinnemestring?

Eg røyste meg fra plassen i sola, og gikk inn på kontoret for å sjekke kalenderen. Det viste seg at tidspunktet som han ønska å ha meg på, var opptatt, og eg ga han tilbakemelding om at det ikkje passa, saman med navn han eventuelt kunne kontakte. Han var rask på avtrekkeren, og etter at eg hadde hatt ein annan pasientsamtale låg det beskjed om å ta kontakt. Eg ringte opp igjen, og han foreslo at eg kom NO, så kunne innslaget lages og klippes til slik at det kunne brukes dagen etter. Eg heiv meg rundt, fikk låne bil, og plutselig satt eg i studio. Det var litt uverkeleg, sidan eg knapt hadde fått tenkt meg om, og å utfordre seg sjølv på "våt moro" i Florø, og om det var lurt å gjere ting ein egentlig ikkje tør. I tillegg skulle eg assosiere fritt til tilfeldige ord på "sommerhjulet".
Eg ønsker å leve som eg "lærer bort"
eg kjente hjertet banke like fort som det kanskje gjorde for dej som eg skulle snakke om: Nemlig personer som trosser frykta si, som Kristian, fobikeren som ikkje likte høgder eller helikopter, skulle gjere. Spørsmåla begynte å komme, og eg prøve å svare etter mine personlige haldninger og tanker, samtidig som å dra inn det eg kunne fra å ha jobba med eksponering sjølv. Hjartet mitt roa seg litt etterkvart, og det begynte å bli moro. Eg var nokre tidspunkt meir opptatt av å betrygge min reporter, om at det kom til å gå fint, enn å tenke over om det eg sa kom riktig ut, eller ikkje. Intervjuet handla om

Etterpå var eg både glad over at det var over, men også stolt over at eg hadde gjort det. Eg tenker fortsatt at vi psykologer har en viktig rolle i forhold til å spre kunnskap, for mi ærlige meining er at vi ER for redde, og lar dette hemme oss fra å leve det livet vi virkelig vil. Eg syns imidlertid det blir dobbelt-moralsk å snakke om dette til andre, om eg ikkje tør å utfordre meg sjølv, og då må eg hoppe i ting som dette innimellom.

En indre high-five til meg sjølv, og tusen takk til alle som hørte på og ga hyggelige tilbakemeldinger. Dagen etterpå blei eg sjokkert av å finne heile poliklinikk-gjengen min samla på eit kontor med radio, der dei hadde lytta til kva eg hadde og sei. Eg kom med nokre halvgode spøker, men var egentlig sterkt sjokkert: At nokon skulle sette seg ned for å høyre på det EG har å sei, var uverkeleg og litt ubehagelig.

For dei som ikkje har høyrt intervjuet enda, finn dykk det her. Eg snakkar i begynnelsen og på slutten:)

Psykolog Nina om frykt og egne minner
Nokon gikk på line..

Translate

La vita è bella

About me: