Søk i denne bloggen

lørdag 3. august 2013

Min Maria

I eit nydelig hus ikkje så langt fra meg, sit dagens æres-bursdagsbarn saman med den vesle familien sin. Den var tre, og tidligere i sommer, blei dei fire. Ein liten skjønn mann, ei sprudlende jente, ein
Eit vakkert pa
mann som bygger både det eine og det andre uansett kor slitsomt det blir, og ei lykkelig mor, som for nokre måneder sidan strauk seg varmsomt over magen og venta på den store dagen. Idag fyller den fortsatt unge mora år, og minner oss om at tida går og at vi må nyte den som er. Det er en glede for meg å sei at Maria veit dette, og lever etter det på en beundringsverdig måte. Det er alltid fint å komme på besøk, til ein heim som er varm og trygg på alle måter. Her er rom for både små babyer, og nevrotiske venninner, det er lov å ta beina på sofaen ei lita stund, og det er uformelt og avslappa uansett når ein er der.

Maria og meg har ikkje kjent kvarandre lenger enn når eg begynte med Aktiviteter i Førde, men ho har fort blitt den som står meg nærmast i Førde. Ho kjem ikkje berre med ei ærlig og trofast sjel, men har også en flott familie med på lasset. Det har vore kjekt å vere med på gåturer der propellen Amina har fortalt levende om kva som har foregått den dagen. I tillegg er ho god til å plukke blåbær, og gå
med sko som eg aldri hadde holdt ut å ha på føttene mine ein lang tur, utan å klage for mykje på det. For ikkje å gløyme ein mann som faktisk set pris på en ekte Opel Corsa, uten å rynke på nasa i det heile tatt. Det er også fint å sjå eit par som set så pris på kvarandre, uten å gjere eit alt for stort nummer utav det.

Maria er, etter mi meining, fantastisk. Ho har vore med meg på svømming, gått turer med meg, sett film saman med meg, og vi har snakka, snakka og snakka. Vi har visst om kva som skjer i livet til kvarandre, og eg har alltid vore trygg på kor eg kan gå om eg har en brennhet nyhet som berre må ut. Maria lytter, uten å dømme, men seier også ifra om ho ikkje er einig i det som blir sagt, noko som gjer at eg om mulig set ho enda høgere. Maria jobber med små søte babisser dagen lang, og no har ho altså fått bli mor på ny. Det er fint å sjå
kor varsamt ho held han, passer på at han har det bra, og korleis ho tar den nye kvardagen. "Han er så snill att", "fødselen gikk veldig bra", "Han er heilt perfekt". I tillegg er ho fortsatt like oppmerksom mot den stolte storesøstera, som allereie no beskytter den vesle med den beste beskyttelse som finnes: Brennande søsken-kjærleik.

HoEg annan ting eg set pris på, bortsett fra det lange håret og korleis ho viser at briller faktisk kan sjå utrulig bra ut, er den usvikelige lojaliteten. Maria har backa meg opp fra dag en, når eg litt naivt prøvde å få Førde`s befolkning ut for å møte nye, kule mennesker. Ho har gitt meg mot når det føltes ganske iheltrakka, og vore tilstede når kvardagen har hatt et minus-fjes påklistra.

Eg liker at Maria har bein i nasa, samtidig som ho har eit marshmellow-hjerte når det kjem til dei som ikkje har det så greit. Maria er en slik som hadde kasta alle nyinnkjøpte bananer på bakken for å redde eit barn i nød. Heldigvis har ho ein jobb der ho får passe på mange søte små, og liker virkelig det ho held på med. Eg trur Maria er der ho vil vere, men det er ikkje anna enn fortjent. Det har ikkje komme gratis, og derfor er det godt å sjå at ho tar immot prisen når den endelig har komme.

Eg håper eg kan vere ei like god venninne for deg, som du har vore for meg. Du har betydd utrulig mykje for meg, og det at du er i verda, gjer det meste litt bedre og meir verdifullt.

Eg er veldig glad i deg, og håper bursdagen din har svara heilt til forventningene dine.

Stor klem

Translate

La vita è bella

About me: