Søk i denne bloggen

lørdag 26. oktober 2013

Dårlege nyheter

AVHENGIG: Som mange av oss nok har registrert, me er blitt avhengige av nyheiter. Er det først blitt ein vane å sjekke nyheitene, gjer ein det oftare og oftare. Fingrane tastar inn vg og db av seg sjølv, grip etter mobilen kvar gong ting stoppar litt opp. Illustrasjon: Flu Hartberg

Dårlege nyheiter

Det finst ein eigen plass i helvete for nettaviser.

Tidsbruken. Å, denne vanvittige tidsbruken! Fader vår. Jamn all tabloidjournalistikk med jorda. La iPhonen min forsvinne i ei syndflod. Gi oss i dag eit snev av konsentrasjonsevne og forlat oss vårt fullstendig destruktive nettaviskonsum.

Engelske The Guardian trykte før sommaren ein artikkel av Rolf Dobelli som raskt spreidde seg over nettet. Så raskt at den sveitsiske forfattaren og forretningsmannen tydeleg hadde treft eit ømt punkt. Tittelen var: «News is bad for you». Her listar Dobelli opp 15 grunnar til at ein rett og slett bør slutte med nyheiter.

Nyheiter er for hovudet det sukker er for kroppen: Lettfordøyelege, avhengigheitsskapande, nedbrytande. Nyheiter krev nesten ingenting av oss, og dermed er det òg nesten umuleg å nå eit metningspunkt. Nyheiter er villeiande. Dei bles opp fillesaker, og ignorerer dei viktige, men komplekse sakene. Det passar apehjernane våre bra, som elskar personfokuserte skandalar, sensasjonar og dramatiske foto, men har mindre til overs for kompliserte og abstrakte saker til dømes knytt til økonomi. Lettfattelege skandalesaker er ein vinn-vinn-situasjon: dei er billige å produsere, og billige å konsumere.

Ifølge Dobelli er nyheiter direkte helseskadelege: I den verkelege verda er kronisk stress eit mykje større trugsmål enn terrorisme og flystyrtar, og å lese om sistnemnde aukar det første.

Nyheiter er ein katalysator for ei av dei største menneskelege, kognitive slagsidene: stadfestingsfella («confirmation bias»). Me lukar automatisk ut all informasjon som ikkje passar inn i det verdsbiletet ein alt har. Derfor oppsøker me dei nyheitskjeldene me allereie er mest samde med, og les dei kommentatorane som korresponderer best med vårt eige politiske eller ideologiske landskap. For kvar dag som går gjer våre handplukka nyheiter - og personleg tilpassa googlesøk - oss sikrare og sikrare på at ting er slik me alltid har trudd. Verda blir enklare og enklare.

Vidare: har ein først sett døra på gløtt for nyheiter, kan ein skyte ei kvit pil etter tenking, hevdar Dobelli. Tenking krev konsentrasjon, og konsentrasjon krev uforstyrra tid. Nyheiter er spesialkonstruerte for å nettopp forstyrre. «Siste!» Og det finst i rettferdas namn ein eigen plass i helvete for nettsaker: Mengda med hyperlenker som er strødde ut gjennom ei gjennomsnittleg nettsak får hjernen til å krakelere yttarlegare: kvar gong ei blå lenke dukkar opp, må hjernen gjere eit val, klikke eller lese vidare, og dette eksistensielle spørsmålet er i seg sjølv distraherande.

Og mens me no først er inne på hjernen: som mange av oss nok har registrert, me er blitt avhengige av nyheiter. Er det først blitt ein vane å sjekke nyheitene, gjer ein det oftare og oftare. Fingrane tastar inn vg og db av seg sjølv, grip etter mobilen kvar gong ting stoppar litt opp. Hjernen er plastisk, og jo meir nyheiter me konsumerer, jo flinkare blir hjernen til å skumme og multitaske, og jo dårlegare blir han til å lese konsentrere seg, fokusere, absorbere, tenke. Som Erik Heisholt skreiv på Kampanje denne veka: «Hvor mange ulykker har skjedd på norske lekeplasser fordi noen har blikket festa på smartphonen i stedet for på ungen? Hvor mange klarer ikke engang å vente på rødt lys uten å sjekke om det har skjedd noe siden forrige lyskryss?»

Elles fornuftige, vaksne folk skryt gjerne av å vere newsjunkiar, litt på same måte som konfirmantar skryt av alkoholforbruket sitt. Burde det ikkje berre vere trist? Burde ikkje staten eller kommunen ta ansvar for desse det gjeld? Dei er jo openbart ikkje i stand til å kome seg ut av den vonde sirkelen for eiga maskin. For andre utsette grupper finst det legemiddelassistert behandling. Me kan le av det no, men i framtida vil det finnast skjerma kommunale boligar for nyheitsjunkiar, der ein pleiar kjem innom to gonger dagleg og les høgt frå The Financial Times og andre tungt fornøyde aviser. Me vil få høyre sterke historier: «Eg var halvt levande, halvt død. I fleire år såg eg Nyheitskanalen uavbrote mens eg sjekka nettavisene og twitter på tre ulike plattformar. Då Kirkens Mediamisjon fann meg, var huda på alle fingertuppane mine slitt av på grunn av touchscreening.»  

På ein eller annan måte har dei store mediakonserna greidd å overtyde oss om at det å vere oppdatert på dei aller siste nyhenda til ei kvar tid gir oss eit slags konkurransefortrinn. Me er livredde for å gå glipp av noko viktig. Frykta for å hamne utanfor ligg latent i oss alle, det er ei av dei tvilsame gåvene evolusjonen har gitt oss. Men dersom noko ordentleg viktig faktisk skjer, er sjansen stor for at du før eller seinare, og mest truleg nokså umiddelbart, får det med deg likevel.

Det er sjølvsagt altfor billig å kritisere den allereie gjennomutskjelte klikkjournalistikken - sist ved Finn Sjues langessay «Journalistikkens uutholdelige letthet» - for hadde det ikkje vore for at me lesarar held fram med å klikke, ville den ikkje eksistert. Men likevel: hadde det vore heilt av vegen å innføre «sjølvrespekt» som eige fag på journalistutdanningane?

Inntil det skjer: Dobelli tilrår å slutte med nyheiter fullstendig. Rett og slett skjerme seg heilt frå styggeskapen. Seie opp alle avisabonnement, aldri lese nettaviser, kaste ut tv-en. Erstatte alt med tidsskrift og bøker. Dersom målet er å falle heilt utanfor den kollektive samtalen, skulle denne oppskrifta vere fin. Ein mild nyheitsdiett beståande av morgonnyheitene på radio, avis til frukosten, Dagsnytt 18 om ettermiddagen, og elles ingenting, derimot. Ingen nettaviser, ingen tv. Eg sprakk etter ein halvtime. Prøvde på ny; sprakk igjen. Den einaste måten eg greidde å la vere å lese nettavisene på telefonen var å erstatte dei med eit banalt mobilspel ein ung slektning lasta ned forrige helg. Etter dette fekk eg større respekt for Erna Solbergs Candy Crush-avhengigheit. Eg saknar den gamle meg, f.Sm*.

Som det burde framgå av denne teksten: nei, sjølvsagt handlar ikkje dette om journalistikk. Om dei journalistane som risikerer liva sine for å rapportere frå konfliktsoner, dei som brukar månader og år på å grave fram maktmisbruk eller økonomisk utruskap, det handlar ikkje om kommentatorar som maktar å vise lesarane dei underliggande prosessane i komplekse saker og så vidare. Utan media ville dette landet sjølvsagt ikkje vore eit demokrati. Det handlar om måten me konsumerer nyheiter på: som distraksjon, som narkotika, som utsetjing av våre eigentlege gjeremål, som opp med mobilen i kvart einaste ledige sekund. Eg elskar iPhonen min, men eg hatar meg sjølv som ikkje klarer å la han ligge. Det handlar om manglande sjølvkontroll.

Så, mens me ventar på at WHO skal innføre Verdas pressefrie dag, sender eg meg sjølv på avrusing. Eg har akkurat hatt ein hyggeleg prat med Chess og bestilt eit SIM-kort av den gamle skulen. Er det nokon som har ein gammal Nokia 3210 dei vil bli kvitt, så ta kontakt.

*Før smarttelefon

Kommentarer

Som det burde framgå av denne teksten: nei, sjølvsagt handlar ikkje dette om journalistikk. Om dei journalistane som risikerer liva sine for å rapportere frå konfliktsoner, dei som brukar månader og år på å grave fram maktmisbruk eller økonomisk utruskap, det handlar ikkje om kommentatorar som maktar å vise lesarane dei underliggande prosessane i komplekse saker og så vidare. Utan media ville dette landet sjølvsagt ikkje vore eit demokrati. Det handlar om måten me konsumerer nyheiter på: som distraksjon, som narkotika, som utsetjing av våre eigentlege gjeremål, som opp med mobilen i kvart einaste ledige sekund. Eg elskar iPhonen min, men eg hatar meg sjølv som ikkje klarer å la han ligge. Det handlar om manglande sjølvkontroll.

Så, mens me ventar på at WHO skal innføre Verdas pressefrie dag, sender eg meg sjølv på avrusing. Eg har akkurat hatt ein hyggeleg prat med Chess og bestilt eit SIM-kort av den gamle skulen. Er det nokon som har ein gammal Nokia 3210 dei vil bli kvitt, så ta kontakt.

Translate

La vita è bella

About me: