Søk i denne bloggen

lørdag 12. januar 2013

Here comes the sun


Fingrene mine er kalde, med den rare følelsen en får når dei tines opp igjen. Vi står i eit vegkryss no, men no er eg plutselig oppe i svingene sidan Solhild ringte vekk begynnelsen av turen. For dei som veit kor denne energi-proppen bur, så er Bergen staden eg no skal besøke igjen. Det pipler litt i kroppen, på tross av kaffi-kvalme x svinger. Det blir ei kort gjenforening, som eg er meget klar for; eg ser allereie husa som krinkler og kroker, og alle menneska som piler over gatene og inn i et stort utval av butikker. Sola kom nettopp fram.
Passende, ikkje sant ?
Mitt nyttårsforsett var å skrive litt om folk eg er glad i, sidan eg liker kanskje litt vel godt å fortelle om det som jamnleg kiler hjarterøttene mine. Det er mange oppsiktsvekkende folk på denne lista, så det tar nok litt tid før alle får sine rettmessige stjernebloggminutter.
Sidan eit solfylt navn allereie har blitt dratt fram, fortset eg der. Beskrivelsen av ho, kunne vore riktig lang, men eg skal prøve å gjere det så lettlest og presist som mogeleg. For å begynne med basis-kremen: Solhild kjem fra same bondeland som meg, men har vandra eitogeit halvt år mindre på grønne enger enn meg. Vi traff kvarandre i den speidern (KFUM) mens vi enda var ganske viltre og uhemma, og eg huske godt energien som aldri slo oss over ende i sin intensitet. Jenta med det raude håret har det enda i seg, sjølv i alvorlege sammenhenger ligg boblene rett under overflata, noko som eg set umåtelig pris på. Eg veit at det alltid blir kvalitets-tid når vi treffes, og at eg kan sjå fram til engasjert forteller-stil. Det er ikkje NOKO som Solhild ikkje kan prate om eller imitere. Eg har fleire ganger blitt overbevist om henna potensielle karriere som profesjonell underhalder når giret er aktiviteter og både engelske, skotske og spanske godbitar drysser over forsamlinga. Eg kødde ikkje, ho er veldig god på etterligning og imitering, nokon ganger så skremmende likt at eg ikkje heilt vil tru det. Dessuten kan ho snakke om alt! Eg treng nesten ikkje sjå filmer, sidan Solhild kan gjenfortelle handlinga til punkt og prikke.
Det er mange år sidan vi traff kvarandre no, og sidan den gang har vi spelt tallause runder med ordspel, vore på interrail saman og til og med funne på våre eigne konkurranser! Vi har begeistra passasjerer på bussen med nynning som ikkje skulle avsløre for mykje sidan poenget tross alt var at den andre skulle gjette seg fram til sangen. For ja, musikk står oss nær, noko talløse timer foran singstar bevitner. Ingen kan skape meir boyband-magi enn oss når vi ljomer iveg på 'flying without wings'
Solhild er for å ta det enkelt, eit vakkert stykke menneske. Ho er levende på ein veldig god måte, og eg veit at det er mange fleire enn eg som setter pris på nettopp det. I tillegg lever ho seg lett inn korleis andre har det, spesielt om the bachelor er på skjermen ;)
Solhild har dessuten ein spennende skjebne som venter på ho, og eg ser virkelig fram til at ho kan åpne den presangen og til smilet som garantert kjem til å klistre seg fast, også i minne mitt.

Translate

La vita è bella

About me: