Søk i denne bloggen

torsdag 28. februar 2013

Kjære Birgit

Når eg begynte på profesjons-studiet var eg spent og nervøs. Eg visste ikkje kven som kom til å vere der, og korleis det ville bli å plutselig havne i ny klassen. Klassen eg kom fra, hadde eg likt veldig godt; Dei fleste snakka med kvarandre, og eg opplevde stemninga på forelesning og sosiale treff, som god. Eg deltok i ei kollokvie-gruppe, kor vi jobba med fagstoff og også skravla om generelle ting. Det var derfor med litt tungt hjerte eg avbraut bachelor-graden til fordel for profesjons-studiet, men eg visste at eg ville angra, om eg lot sjansen gå fra meg. Eg er ikkje så god på å huske «første» skuledager, men en ting som eg veit, var at det fylte meg med glede når eg  såg en av dei eg hadde vore på seminar-gruppe med tidligere: Birgit. Den gangen hadde ho rasta-flette, så eg kjente ho vel ikkje igjen med ein gang, men når eg gjorde det, tenkte eg at «dette blir nok sikkert ein fin klasse». Det første bli-kjent forsøket kullet vårt hadde, var ein hyttetur på Kvamskogen, kor dei som ville kunne stå på ski, og kor vi hadde en koselig felles middag på kvelden (med klippfisk!). Eg fikk snakka mykje med blant anna Birgit og, og det finnes eit talande bilde der eg omtrent skviser den danseglade jenta halvt i hjel (ingen var trygge når eg fikk i meg eit par drammer!). Det var generelt ein fin hyttetur, med mange flotte folk, og Birgit var/er en av dei eg umiddelbart tenkte på som en fin og ekte person, som eg ikkje hadde noko imot å bli bedre kjent med.
No er det gått faktisk åtte år sidan vi traff kvarandre for første gang, og vi forsøker fortsatt å halde kontakten sjølv om geografien skiller oss litt fra kvarandre. Ho har fått ein nydelig Mokka-farga gut og er gift med sin afrikanske kjærleik; Michael. Han har en del fellestrekk med henne: Kreativ, ønsker å følge drøymane sine og GJER det faktisk og. Han fikk blant anna åpna ein stilig butikk i Bergen, og driv no resturanten folkens på nygårshøyden. Eg husker også korleis Birgit forsiktig la fram sine drømmer ein gang vi blei spurt om kvifor vi blei psykologer: «Eg vil så gjerne at verden skal bli bedre, sjølv om det kanskje er en naiv drøm» (tilgi meg om eg siterer deg litt feil, men det var i alle fall noko liknande du sa). Lett-rørt og naiv som eg er, sjølv, tenkte eg: «Dette er ei jente som virkelig kan få til noko bra for folk» og det har eg tenkt sidan. Eg leste nettopp ein artikkel om kva slags egenskaper en bør ha som leder, og syns eg kunne kjenne igjen mange av desse i Birgit. Ho tør å gå mot strømmen visst ho sjølv har tru på ein idè, ho er ikkje opptatt av å gjere som alle andre, ho er glad i mangfold og er fleksibel i korleis ho tenker løysninger og er alltid ute etter meir kunnskap. Ho er ein glimarande lytter, og gir også gode tilbakemeldinger, sjølv om dei kan peike på ting ein kanskje må jobbe med. Det er kanskje noko av det eg set mest pris på; Evnen til å forstå, samtidig som det ikkje betyr at ho er hundre prosent enig med deg. Det er rom for å vere seg sjølv, med Birgit, og det venter alltid en fristende kopp te/kaffi om behovet for sosial kontakt melder seg. Dessuten er ho ein råtass på etterligning av Jølstra-dialekta, og eg set alltid pris på nokon som kan få meg til å le slik at det er vanskelig å stoppe.


Eg håper du fortsett å tru på dine visjoner, og kjempe for dei, på tross av travle tider. Ta deg alltid tid til gode venner, mat, dans og glede, for du fortjener definitivt det tilbake. Eg ser fram til stress-mestringskurset vi skal snekre sammen, og gleder meg til mange fleire år der vi kan gå tur, tulle og snakke om det som foregår i liva våre. Eg er glad i deg, søtnos!



onsdag 27. februar 2013

Nils

 Etter å ha vore på Malakoff, kor vi var så heldige å nyte godt av gjestfriheten til ein hjartevarm familie, ønsker eg å dele igjen eit innlegg eg skreiv for ei tid tilbake. Sjølv om det har gått en del tid sidan innlegget blei publisert, har ikkje mitt generelle inntrykk av den det handler om, forandra seg på annan måte enn at eg liker han enda betre. Dette er ein mann med hjarte på rett plass, som ivaretar dei han har rundt seg på ein fin måte. Han er åpen, jordnær og glad, og eg har ikkje møtt nokon som ikkje umiddelbart seier det same til meg etter dei har møtt han. Eg og Solhild ønsker å rette en stor takk til Nils med familie. Vi satte stor pris på overnattingsstad, forslag til aktiviteter (sjølv om vi var litt late) tilgang til husvarme og gode samtaler. Vi hadde en fantastisk festivalopplevelse, og dykk var en stor del av dette.

Øverst: Nils og fugl
Nederst: Nils som har klart å dra med seg ein motivllig kollega på tur!

Kva passer vel bedre når nokon nettopp har hatt bursdag, å skrive ein hyllest til den som gjeld? Denne er til deg Nils, gratulerer så mykje med dagen, og eg håper du har det strålande i Oslo, for det fortjener du verkeleg!
  
Nokre ganger er eg ekstremt flink til å skrive, andre ganger mindre. Ser at eg ikkje har oppdatert bloggen skikkelig sidan jula, og hadde jo løfte om å skrive noko om folka som betyr noko for meg, så da er det kanskje på tide å komme i gang igjen. Sidan sist har det i bunn og grunn ikkje skjedd så mykje mesteparten av tida. Eg har fått trent igjen (det var hardt med ei veke uten svømming, kven skulle tru det?), og eg har jobba med å arrangere kurs-helga 2.februar. No er den vel overstått, og eg tar meg meir tid til andre fritidssysler, så framover skal eg få gjennomført nyttårsforsettet mitt om å skrive om personene i livet mitt!

Denne gangen kom turen til min psykolog-kollega: Nils Martin

Ut på ski, alltid blid!!

Nils Martin og eg har ikkje kjent kvarandre lenge. Eg hadde vel jobba ca eit halvt år, da ein høg Nordfjording kjem inn på eit møte og helser på. Eg tenkte: «Endelig ein annan psykolog», og fikk umiddelbart eit godt inntrykk. I tillegg kjente han Erlend, som gjorde at vi hadde naturlige forbindelser til kvarandre som kunne byggast videre på. I tillegg likte Nils bordtennis, noko som umiddelbart førte til kjekke samankomstar. Det gikk litt tid før vi faktisk fekk spelt, og det var ikkje alt for mange ganger, men når vi endelig hadde rackerten i handa, var vi begge blide. Det blei også arrangert filmkvelder slik at vi blei enda betre kjent. I tillegg var Nils tidlig med på ideen om at fleire ting burde skje i Førde. Han kasta seg ut i «Aktiviteter i Førde» tanken, og stilte til og med opp på «landsmøtet» og kom med mange forslag til kva vi burde arrangere. 

Det  var godt med en entusiatisk forbundsfelle som også trur på at forandring er mogeleg. Nils skulle dessverre kun vere i Førde eit år, og har heile vegen hatt tilknytning til Oslo og Kina! Ja, for der er nemlig hans utkårede fra, og planen er at dei skal flytte saman og gifte seg om ikkje for lenge. Eg var så heldig å treffe henne i jula. Ei jente som sa kva ho meinte og følte, noko som eg opplevde positivt. Vi åt lunsj på grand cafè, kor eg aldri hadde vore før, og snakka om kinesisk og norsk kultur. Nils har alltid vore flink til å nyte det norske, noko som særlig kan observeres på fjellet. Det var ikkje få ganger han inviterte meg med på fjelltur i området, og sjølv om eg berre tok turskoa på beina ein gang, så er eg sterkt imponert over pågangsviljen og det evige motet som gjorde at han tenkte at det kanskje blei eit ja neste gang (noko det til slutt vart). Ein optimistisk sunn, kjernekar, som er lett å prate med. Når vi møtte kvarandre i Oslo, kor det blei nokre glas baileys og konsert seinare på kvelden, kunne eg snakke om det meste og både føle meg sett og forstått. Det er godt med mennesker som faktisk høyrer på lange monologer, uoppfordra, og til og med syns det er interessant.
Eg håper vi får sett mykje til kvarandre framoverJ

onsdag 20. februar 2013

Ønsker du litt insider-info?


Eg kan lære deg mangt og mykje, om interessen er der. 

La meg begynne med noko enkelt. En teaser, for å vekke appetitten og gjere deg litt meir vaken. Dette gjeld særlig om du kjenner deg igjen i denne beskrivelsen: Kvinne, med alt for mykje dill og dall, særlig på badet. Dette gjeld alt fra øyredobber søm var kule i fjerde klasse til små 'samples' med kremmer og parfymer. Dersom dette er eit problem, også for deg; La meg belyse saken fra ein ny og oppfriskende vinkel! Kanskje du blir inspirert?

For alle som kjenner meg, er det eit faktum at eg har alt for mange ting som eg sjeldent bruker. Det er gamle kladde-bøker fra barneskolen (tenk om eg får brukt for det engang?), bøker eg ikkje engang orker åpne (men eg kan jo kanskje få solgt den seinere?), og ikkje minst: baderoms-artikler. Blant 4 tannkoster, øyenskygge fra videregående, einslege sokker og hybel-kaniner, finn ein også parfyme. Eg er ganske kresen på dufter, og har derfor en lei tendens til å ville prøve alt, for kanskje den neste eg prøver gir meg den 'vil lukte en gang til' følelsen ?  Det er jo surt å angre, så istedenfor å hive noko som eg kanskje kan få brukt for, kvifor ikkje behalde det, for alle tilfellers skuld ? 

Kjenner du deg nokre ganger klønete? Ikkje fortvil, dette
er jo egentlig berre bra! Oppdag kvifor i teksten................
Tilbake til utgangspunktet. Du har for mykje stasj. 

Det begynte med at eg observerte noko interessant for to dager siden; det var ein kork på golvet. Eg tenkte ikkje noko meir over det, og lot den berre ligge. Dagen etter kjente eg ein tendens til parfyme-lukt og tenkte: Er eg så desperat etter ein mann at eg begynner å hallusinere lukter? Den forsvant like etter, og eg lo det litt vekk for meg sjølv.  Dag tre, rettere sagt på morningen av dag tre skulle eg vaske kle. Eg grip lystig ein håndfull handkle og midlertidig kassert tøy og skal til og stappe det inn i vaske-maskina (usortert så klart, kven gidd vel bruke tid på dette?) og kjenner noko treffe lukt-reseptorene i nasa. Samtidig som dette skjer slår det meg (litt i seinaste laget?) at DET er grunnen til den observerte korken på golvet og parfyme-lukta dagen etterpå; Flaska hadde rett og slett ramla inn i skitten-tøyet, og mest truleg har eg sjølv klart å velte den utan at eg har brukt meir tid på det.
Med andre ord, det gjer ingenting å ta vare på alt dill og dall, problemet løyser seg ofte nesten heilt av seg sjølv.

torsdag 14. februar 2013

blogg-listen

<a href="http://www.blogglisten.no"><img src="http://www.blogglisten.no/connect/3bc4f41bc1117cf2a5484ed9e300b004" alt="Blogglisten" /></a>

mandag 11. februar 2013

torsdag 7. februar 2013

Tornado


(Tor)noado i ein Ny(dal)

Torunn har kraft som en tornado!
Sitt heime dagen etter eg har vore ute på vift i Førdes mystiske gater. Hadde det meget moro, mestparten av kvelden, kanskje med unntak av en svært lang busstur heim (var innom både slåttebakkene og Haugum, en time etterpå var eg endelig på vei mot Vieåsen) så eg har vore noko sluggish idag. Hadde planer om eg svømmetur, men det holdt med tanken. Heldigvis hadde eg laga middag igår, så slapp ytterligere anstrengelser bøyd over komfyren.

 Idag har eg gjort lite fornuftig: Lest ferdig 50 shades (som selfølgelig står på MÅ-LESE lista) , sett nokre episoder med CSI, surfa på nettet og kvilt meg en del i senga. Sov til klokka eitt, så dagen har forsåvidt ikkje vore så lang. 

No tenkte eg det var på tide med litt blogging igjen; Spesifikt fortsette med nyttårsforsettet mitt, som er å skrive litt om personer som betyr noko for meg.

Navnet på dagens person, kan finnes i tittelen på bloggen. For dei som fortsatt klør seg i hovudet, kan eg avsløre at navnet er Torunn. Det tilhøyrer en av dei venninnene mine eg har kjent lengst; Faktisk heilt sidan første klasse på barneskulen. Med andre ord finns det tusen små historier som bind oss saman og som gjer vennskapet ekstra verdifullt for meg.


Torunn har alltid vore ei veldig snill og medgjørlig jente. Det var lett å få ho med på kjekke ting, og ho er ei jente som du kan stole på i tjukt og tynt. Vi har vore på turer, tatt muntlig eksamen ilag, filosofert, laga film ilag, skreve historier saman, vore på utallige fester, og ikkje minst, kjent kvarandres historier så lenge at ho nok husker ting eg ikkje gjer, og omvendt. Idag jobber ho som bioingeniør, bur i Bergen og er for tida saman med sin utkårede Jens. Ho har eit stort hjerte, og mange drømmer. Blant anna har ho snakka om å reise til utlandet for å gjere noko heilt anna ei stund. Ho er glad i dyr og kreativ. Faktisk har ho begynt å male litt, noko som eg finn meget fascinerende. Ho har eit bølgete og fint hår, som ho ikkje er like fornøgd med sjølv, men kva slags jente er vel det? Tidligere hadde ho faktisk hår heilt ned til bakenden, noko eg nok var en smule sjalu på. Beina er superlange, som har ført til mange frustrerte runder i diverse jeans-butikker. Beina blir brukt til å utforske Bergens fjell-natur, og til å sykle dit ho måtte, uansett vær. I tillegg held ho seg sunn og frisk, med å ete ganske sunt, men ikkje SÅ sunt at andre blir irriterte. Gi ho en brownie, og dagen er redda.


Alle har gode og dårilge sider, men eg syns faktisk det er vanskelig å finne nokon med Torunn. Det ho gjer, er alltid i beste meining, og sjølv om det kan irritere meg en smule at vifta blir slått av og på når vi søv på samme rom, er slike ting som ingenting å rekne med tanke på kor utrulig viktig denne jenta ha vore for meg. Når eg flytta til Bergen, og ikkje kjende nokon, var ho klippen i tilværelsen. Ho var der, stødig og trygg, og når eg ser tilbake på det idag er dette kanskje en av dei viktigste punkta for at det gikk bra i byen etterkvart.

Noko av det beste med vennskapet har vore felles turer. Torunn blir nesten alltid med, noko eg er veldig glad for, sidan ho er den perfekte reisepartner. Det er aldri mange klager fra ho, uansett kor sliten og lei ho er. Den einaste gangen ho virkelig har gitt uttrykk for noko var på eit hotellrom i Marseille, der nattesøvnen til meg og Solhild plutselig blei avbrutt av eit hjerteskjærende skrik. Eg vakna med bankende hjerte, sikker på at nokon nettopp hadde dødd, men heldigvis var det eit mareritt og ikkje en gal fransk morder interessert i jenter fra Norge. Torunn er visst glad i å snakke i søvne, og tydeligvis skrike dersom drømme-situasjonen tilseier det. La meg understreke at dette er første og siste gang eg har høyrt det skje, og vi har vore på utallige overnattinger ilag. Når vi gikk på skulen, var vi ofte på besøk hos kvarandre, og overnatta eg med henne, låg eg i fotenden og stirra opp på porselensdokker som befant seg på veggen oppafor Torunn. Eg syns dei var litt skumle, noko som eg trur Torunn fant ganske morosamt. Ellers var det ganske hyggelig på rommet henna. Ho hadde ei datamaskin, der vi spelte mykje destory, og CD-spiller som blei brukt til å lytte på Ace of Base og Natalie Imbruglia til øyra nesten datt av. Nokre ganger hang vi også med brødrene henna, eller vi såg på tv inne med familien.

Når vi var ferdig på ungdomsskulen havna vi faktisk i samme klasse på VGS, kor vi blei kjent med ein større gjeng som vi fortsatt har god kontakt med idag, sjølv om vi spredd for alle vinder. Det blei mykje kortspeling og snakking om det som opptok oss på dei tider. Eg trur ikkje det fantes, eller finnes, ei sjel som kunne sei noko negativt om Torunn. Ho er ei flott jente, rett og slett. I tillegg er ho glad i dyr, SÆRLIG små nusselige pusekatter!

Torunn er veldig viktig for meg, og eg merker det er lett for å bli sint på henna vegne om det skjer noko som er negativt, og likeså lykkelig når ting går riktige veien. Dersom nokon prøver å behandle ho dårlig (utrulig nok) får dei med meg å gjere.

Eg har eit lite ubevisst håp om at ho kanskje flytter til Førde engang, ellers må kanskje eg kaste inn handkleet og komme krypande til Bergen. Eg kjem i alle fall alltid til å halde meg nær denne jenta, noko anna  er ikkje akseptabelt!


Translate

La vita è bella

About me: