Søk i denne bloggen

søndag 31. mars 2013

Kjære mor

Eg fortset med nyttårsforsettet mitt, som er å skrive noko om alle personene som står meg nær. Dette fordi eg syns det er viktig å vise dette til dei som betyr noko, for som personen som det skal handle om har sagt til meg: Ein dag kan det hende dei man bryr seg om, ikkje er der lenger. Da hjelper det ikkje å tenke på alt som ikkje blei sagt.


Vi blir født til denne verda med skrik og stor ståhei. Vi kjemper oss ut fra vårt varme tilfluktssted fordi vi er klar for å møte utfordringene der ute i verda, og vi gjer det aldri aleine. Den 22.09, på min mor og far sin bryllaups-dag, kom eg til verda. Mor mi hadde budd i Norge ca to år da, og fødte meg på førde sentralsjukehus. Ein person som har gitt deg liv, er det viktig å vise at man setter pris på. Derfor handler dette innlegget om deg.

Sidan vi begge kanskje ikkje har plettfri hukommelse, så er det nok dessverre mange minner som ikkje får sin rettmessige plass her, men det viktigaste å få fram kor mykje det har betydd at du gjennom 27 år har vore mi mor (det er ikkje berre berre å halde ut med en egenrådig rotekopp som meg!).  Fra eg var ei lita tysk-talande tutte, fordi du lærte meg det, har du latt meg utforske verda rundt meg. Du lot meg sitte på fang til personer eg brydde meg mykje om, lærte meg tall ved hjelp av appelsiner og kjøpte en kasse med bøker som eg fikk all mulig tid til å dukke inn i. Når eg spilte musikk høgt på rommet mitt (klissjete sanger fra Westlife) ba du meg kun om å sette ned lyden, men du respekterte alltid det eg sa. Du leste eventyr, sang "schlaf, kindchen, schlaf" og prøvde til og med å sy på merke til speider-skjorta mi, sjølv om du ikkje kunne fordra det. Uansett kor sliten du var etter jobb, kunne ein alltid stole på at du var der, og du ga aldri opp å be oss om og hjelpe til enda litt meir, som du sjølv har sagt: Du prøvde alle triksa i boka. Eg nevner denne episoden, sidan du sjølv har dratt den fram ved fleire høve. 
Det hadde over lenger tid vore ganske rotete, og du klødde deg infernalsk i hovudet for å finne ein måte å få orden på sysakene på. Til slutt krøyp du til korset, og spurte nokon om råd. Svaret du fikk var: Ein gang viste eg datra mi kor rotete det
var, og spurte ho så: Er det slik du vil ha det i livet ditt? Datra hadde sett forskrekka på mora og sagt tydelig NEI. Mamma tenkte: Dette er løysninga! Slik kan ENDELIG Nina skjøne kvifor rydding & orden er av største betydning. Ho forbereda seg med andre ord grundig, og gleda seg til å teste dette ut. Så var dagen her. Ho har meg inn i ei ganske rotete stove, slår ut med armene, og spør i triumf: "Er det slik du vil ha det i livet ditt?". Eg ser på ho med runde auger, og observerer stova. Eg tenker meg litt om og svarer non-chalant: "Ja". Etter dette har ein stille resignasjon meldt seg, og no får eg berre å høyre at mamma veit så godt når eg er på besøk: For da er alle skapdørene åpne. Når eg ser bort på mine eigne akkurat no, er dei like åpne som dei alltid er: For kva er vitsen i å lukke dei når dei likevel må igjen om ei kort stund? Du har også funne din eigen måte å skape meining av min ekstraordinære trang til rot, nemlig med å skille gjennom rot på utsida og på innsida. Som du sa eingang: "No veit eg kvifor du blei psykolog!" "Javel?".
"Fordi; Sidan det er så rotete i ditt eige liv, så treng du å rydde opp i andre sine liv"

Ein av dei tinga som alltid var like kjekt, var turene vi hadde til Førde. Då reiste vi fra litt mindre spennende Jølster, til store Førde. Vi gikk i butikker, handla og
hadde som regel en tur på kafè. Sjølv om eg ikkje likte at det var røykfyllt (sidan eg var allergisk mot røyk) ville eg ikkje gått glipp av desse studene for alt i verda. Eg vil heller aldri gløyme alle drama-filmene vi såg saman. Eg husker korleis vi begge kjempa mot tårene når ein dramatisk twist trua den emosjonelle likevekta i filmen. Det kunne vere kreft, kidnapping og tapt kjærleik, alle dei store temaene var vi gjennom som mor og datter. Sjølv om du nok har latt deg irritere over kor mykje tid eg etterkvart kunne bruke foran tv-en på alle tegneseriene eg såg på (som regel på tyske kanaler) skal du vite at eg nok har blitt inspirert av mykje som eg såg der. Sjølv om verda ikkje er som på ein skjerm, og man kan få firkanta auger av det (som du flittig minna meg på), så har det gitt meg evnen til å drøyme meg bort, kjempe for det eg trur på, og vite at det finnes tusen forskjellige historier der ute som alle er sanne
 på sin måte. Det same lærte eg gjennom dine fine foreldre, som aldri var redde for å vise kven dei var og vere seg sjølv. Det har gitt meg respekt for mennesket i all dets variasjon, og gjort meg begeistra for gode klemmer og besøk fra framande land. 

Du er eit menneske eg på mange måter ser opp til. Du snakkar lett med gud og einkvar, og er aldri redd for at du stiller eit spørsmål for mykje. Du gir sjela di for dei oppgavene du får, og sjølv om eg kanskje ikkje var den mest motiverte guiden,

må eg innrømme eg har tatt til meg orda du sa når eg spurte korleis du holdt ut å gå den samme omvisninga igjen og igjen: "Jo, det er fordi at eg bestemmer meg for at kvar omvisning skal bli den beste eg har hatt, og en god opplevelse for dei som er med på den". Eit slikt pågangs-mot må eg berre bøye meg i støvet for, for eg veit at eg slikt menneske aldri gir seg med mindre det er absolutt nødvendig. Idag bur du saman med din store kjærlighet, og eg er veldig glad på dine vegne. Det er fint å sjå kor lykkelig du er, og eg er stolt over valga du har tatt. Du har utsatt egne behov for andres, og det er kun gode mennesker som er istand til det. Det inspirerer meg til å gjere det samme, og min glede er alltid ekstra stor når eg får lov til å dele den eller gi den til andre som treng den meir enn eg sjølv.
Eg kunne skreve mykje meir, men eg nøyer meg med dette for no. Du er fin å snakke med når eg treng deg, men lar meg samtidig stå på egne bein, og eg er veldig, veldig glad i deg.

Klem fra di eldste datter 

fredag 29. mars 2013

Bergen, Danmark, Litauen


Sjølv om det er lenge siden eg var i Bergen føles det alltid litt som heime når eg kjem hit igjen. Eg befinn meg no på biblioteket der eg koser meg med ei bok som omhandler Eritrea si historie. Har det siste året fått stor interesse for virkelighetsnære bøker, en klar forandring etter årevis med feelgood-bøker og kriminal-bøker. Det er skremmende kor mykje som har skjedd, og fortsatt skjer så nær oss i tid og avstand, som vi veit så lite om. Sjølv om det vekker mykje ubehag og fortvilelse at det er så mykje som skjer, som eg ikkje kan gjere noko med, vil eg heller vite enn ikkje. Eg blei faktisk slått litt av korleis eg også bidrar til denne verda sjølv: Har eg ikkje vore med på å kjøpe varer som er billigere grunna barne-arbeid ? Eg kjøper ikkje alltid fair-trade, og har vore for lite flink til å støtte lokale tiltak når eg er på reisefot. Kanskje kan eg ikkje gjere noko konkret som har effekt i den store sammenheng, men eg kan bli meir bevisst når eg reiser rundt omkring og tenke meg om to ganger når eg handler, og dermed vere tru mot prinsipp eg har. Eg trur at om alle gjer en ting som kan vere bra for andre, nokre ganger for måneden, så kunne vi faktisk gjort en forskjell. Litt ala Pay it forward. 

To dager seinere:
På vei til Danmark med danskebåten. Akkurat no ligg eg i lugaren og leser: En kort historie om nesten alt av bryson. Det var Erlend som kjøpte den, men han har glemt å hente den, og eg benytter derfor anledningen. I helga var eg i Eidfjord på femtiårsdag. Tok masse bilder, særlig av Eva. Gleder meg egentlig veldig til å komme heim til scrappinga. Får ikkje med meg italiensken dessverre, ikkje neste mandag heller, men det viktigste er jo at eg lærer noko. 

Nokre dager seinere:
Visst energi hadde vore dråper, ville det ha samla seg en sjø rundt meg no. Eg ønsker å bade i den og kanskje på den måten suge noko opp igjen, slik at eg kan klare enda fleire skritt bortover gata. Når eg later igjen auga, kjenner eg at hovudet mitt beveger seg farlig mot overstimulering og mot det punktet der ei rød varsles-lampe begynner å blinke: Ta det litt rolig no Nina, ellers fell du om på gata saman med dei nyinnkjøpte klea dine. For dei som ikkje har ute ein vinter-shoppingdag før, er det kanskje vanskelig å forstå kva eg gnåler om, men for dei som veit korleis det er når du blir dreve fra butikk til butikk av ein usynlig vind, så veit du at handling koster krefter i tillegg til lokal valuta. Eg trøster meg med at kaloriene ikkje har forlatt meg forgjeves, eg er no i besittelse av ei nydelig beige kåpe fra Zara. Etter fleire år med leiting som førte til et fortvila midlertidig kjøp av gammel-dame kåpe som alltid blir flau av når eg tar den på. No har eg og mine herlige reise-partnere komme oss på en cafe der vi skal fylle opp med både flytende og fast føde slik at sprudlinga kan skrus på igjen. 

Dette var ord live fra Litauen. Det tok tid før eg endelig klarte å svare riktig land når folk spurte kor eg hadde vore, men no trur eg faktisk det har festa seg til hukommelsen. Det er ei veke etter ein flott tur, med mine to reisepartnere. Her følger ein knippe med utvalgte bilder fra Bergen, Eidfjord, Danmarks-båten og Vilnuis!

  Tre glade jenter på tur








På st. patricks day i Vilnuis 




Ny kunst på psykologisk fakultet. Elisabeth er overvelda 

Indisk med Elisabeth og Iris

På danskebåten med Mariann






Vi kom endelig fram til slutten av gata, forfrosne utan taxi i sikte

Filosofi på høgt nivå!


onsdag 27. mars 2013

små prosjekter

Eg har dei siste månedene bevega meg litt fra normal scrapping, til å lage store ark med matoppskrifter, produkter, oppmuntringsord og anna som kan henges på kjøkkendører, badet og andre vegger som treng litt meir liv. Det er ikkje alt som blir like fint, men det er moro å drive med, og blir ikkje så verst når man legg på decoupage-lakk etterpå. Her kan dykk sjå eksempel på tre prosjekter;
Denne skal henge på kjøkkenet!

    Legg til bildetekst



mandag 18. mars 2013

Brudd-stykker


Det har vore dager fylt med ei mangfaldig blanding av rubiner, smaragder, steiner og nokre biter av rusk. Sidan sist fredag har eg haika meg til fjerne fjorder der øde fergekaier lengter etter dopapir, bergenserer som klaprer avgårde på brostein, spilt bingo på danske bølger, og feira irlandsk st.patrick day saman med italienske vibber på lituensk ølbefengt jord. Eg har hatt premium selskap alle desse stadane, også mellom Førde sine mursteinbygninger. Det har vore bordvers med 30 deler, historier om kryping under bordet, hasardiøs køyring i bil med ekte spoiler, flau dansing på soldekk for å halde varmen, og et surt lituensk ansikt som spør kor guten er hen. Eg har vore på tankevekkende foredrag om byråkrati som drep evnen til å hjelpe dei som treng det, spist på indisk restaurant sjølv om tunga mi brenner berre eg tenker ordet chili, drukke tepulver på bussen, og gitt tålmodige sekretærer hoderystende latter-anfall over min dårlige planleggings-evne. Eg har spist ost, skinke og ost produsert på en kjemisk fabrikk, ledd over meg og mine venninners film-skaper evner, og forelska meg i ei lyseblå veske. Eg har gratulert en nydelig 30-åring og en fortsatt forelska 50-åring, og mest av alt har eg gleda meg over kor vakker verda og menneska i den er.
http://pinterest.com/ninjafighter/how-i-try-to-live/
Eg har også fått testa mine italienske talenter både ved å tilfeldigvis havne ved sidan av et ekte eksemplar i en overfylt bar, og ved å benytte meg av Oddbjørn By sin eineståande MEMO-teknikk til å fylle eit lite spennende hotell i lituenia med rare bilder som skal minne meg på italienske ord (nokon som hopper på ei trapp forma som en E i raskt tempo((tempo))). 
Dette er tatt fra eit fint blogg-innlegg eg fann: 
Often hope seems like a web. We grab hold of it but quickly notice it amounts to nothing; it dissipates in our hand. We become discouraged because we can’t see its substance. Hope may appear empty and transparent. True, you can not see nor touch its power. Yet its power is substantial. Hope is the rope tossed to us by our higher self. Grab onto it. Hold it. It leads to the steady boat of belief and knowing. And on that boat is where you want to be. Eg har også brukt tid på å samle mitt håp, ved å klippe trådene som holdt meg borte fra det. http://mirrorgirlblog.wordpress.com/
Ifølge sjåføren har ferga ikkje gått på fleire timer, ikkje noko ny i sikte. Bilen min står trist og forlatt på moskog, og eg har mykje jobb som skal gjerast denne veka ! with Monica Instefjord at Oppedal Ferjekai.

Ei kjempefin bok eg fikk lest 
As I look around, more people than not are consumed with some sort of worry, doubt, fear or insecurity. The mind is inundated with external words of gloom. But more than that our internal words are of exhaustion and frustration; as if all this life stuff is getting to be a bit too much; as if we’ll never come up for air. And when life presents us with the most perfect of gifts, we pull back; scared due to a lifetime of scars and pains. If we could tap into the minds of those gathered in a room, only one or two would be without concern. Instead most everyone is buried under something that could easily keep them up all night. I can’t say why life is this way; why it is we are so vulnerable to turbulence. And if there’s one thing the human mind repels against, it’s the state of vulnerability. 
Eg kjenner mange flotte individer etterkvart, og en av dei sa til meg nylig at det var vanskelig å gi slepp på surrete tanker og dårlig samvittighet. Det var også ei vakker stund på flyet, der latter erstatta redsel på modigste vis, og ikkje minst en favoritt-låt som krafsa seg fast i hjerterota mi (livet er så sweet).
Eg er tre bøker klokere med enda eit nytt prosjekt (smile til ti framande kvar veke), og har kjemisk perfeksjonert hårmanke. Føttene mine er skrubba og polert til live igjen, og nye kle omhyller en sjokolade-befengt kropp. Eg venter på ei ferge som fekk motorstopp og ser rosa skyer på himmelen over Lavik. No gleder eg meg til å komme heim, og til jobben min. Eg håper mine flotte 'klienter' . 

søndag 17. mars 2013

Å puste usynlig luft.: Ikke en gud.

Å puste usynlig luft.: Ikke en gud.: Jeg har noenogtjue innlegg i magen min, og for få anledninger til å skrive. Det er mye som beveger meg, av hva jeg opplever på jobb, i priva...

lørdag 16. mars 2013

Energi på avveie


Visst energi hadde vore dråper, ville det ha samla seg en sjø rundt meg no. Eg ønsker å bade i den og kanskje på den måten suge noko opp igjen, slik at eg kan klare enda fleire skritt bortover gata. Når eg later igjen auga, kjenner eg at hovudet mitt beveger seg farlig mot overstimulering og mot det punktet der ei rød varsles-lampe begynner å blinke: Ta det litt rolig no Nina, ellers fell du om på gata saman med dei nyinnkjøpte klea dine. For dei som ikkje har ute ein vinter-shoppingdag før, er det kanskje vanskelig å forstå kva eg gnåler om, men for dei som veit korleis det er når du blir dreve fra butikk til butikk av ein usynlig vind, så veit du at handling koster krefter i tillegg til lokal valuta. Eg trøster meg med at kaloriene ikkje har forlatt meg forgjeves, eg er no i besittelse av ei nydelig beige kåpe fra Zara. Etter fleire år med leiting som førte til et fortvila midlertidig kjøp av gammel-dame kåpe som alltid blir flau av når eg tar den på. No har eg og mine herlige reise-partnere komme oss på en cafe der vi skal fylle opp med både flytende og fast føde slik at sprudlinga kan skrus på igjen. 
Ha en fin dag alle mann (og kvinner)  

søndag 3. mars 2013

Din dag idag!

Gratulerer med 30års-dagen, Ingebjørg!

En bursdag skal feires med kake!!
Da var det din tur, til å få eit blogg-innlegg der du får vite kva menneska rundt deg tenker om deg (i tilfelle du enda ikkje har fått det med deg). Sidan eg eigentlig tenker at dei fleste veit kva eg meiner, kjem eg ikkje til å skrive veldig langt om deg, og til dei som ikkje veit kven du er enda må eg berre beklage på deira vegne for at dei enda ikkje har fått bli kjent med deg. Dei veit ikkje kva dei går glipp av! Skulle det likevel vere ein sjel der ute som klør seg litt i hovudet no, får eg vel forklare kvifor dette er eit menneske alle bør ha æren av å møte på eit tidspunkt.

Eg veit ikkje kor mange eg har hørt sei det: Eg skulle ønske eg kunne vere litt meir fri, eg skulle ønske eg berre turte å vere meg sjølv. Dessverre er dette mykje enklare i teorien enn i praksis, men det å møte Ingebjørg er nok av berre denne grunn; Det er som å oppdage at julenissen finns likevel. Eg er sikker på at når Ingebjørg blei født, kom ho seg på beina fortare enn svint, og ikkje lenge etterpå sprang ho så langt dei små barneføtta kunne bære ho. Ingebjørg kjem seg framover, utover (eksotiske strøk), bort (til dei ho klemmer), opp (etter vegger), ned (på jorda igjen) og rundtomkring fortare enn du klarer å seie jordbær-gele. Om du ikkje trur meg; Du kunne for eksempel ikkje ha sett henna glade andlet for to månadar sidan, med mindre du tilfeldigvis var ein kengeru på Australske sletter. Og trur du dette er den einaste plassen som tok ho imot med oppløftende armer? Ånei du, ein må jo også ta snarturer til Oslo og Bergen, sånn for sikkerhetsskuld. På eine eller annan uforklarlig måte får ho med seg alt anna også: Ho møter fleire mennesker enn det hukommelsen klarer å huske, flyr artister fra Canada til hippe Førde og heng som ein apekatt på innedørs klatrevegger. I tillegg har ho fortsatt energi til å skli bortover kvitkledde marker på Norges nasjonale stolthetssymbol, og eg er sikker på at smilet til og med er ekstra stort (uforståelig for ski-nektere som meg). 

Pikant er plassen å gå ved store anledninger. Glad bursdagsjente med
drinker på huset fra Førde`s beste service-mennesker!           
Har du høyrt denne frasen tidligere: "Jeg fatter ikke hvordan hun får det til" ? Her må eg virkelig berre legge meg panne-flat, dette er meir enn mine analytiske evner klarer å rekne seg fram til. Korleis kan nokon vere i aktivitet heile tida, og nesten aldri virke sliten når ho er med folk? Ingebjørg har alltid eit varmt ord og en replikk på lager til alle ho møter, og det er ikkje få munner eg har sett åpne seg før rullande latter triller ut, mens Ingebjørg smiler forsiktig tilbake om ho då ikkje ristar seg laus med ein real latter sjølv. Då lyser ansiktet henna opp som den Australske solnedgangen, og ein får lyst til å le enda meir slik at det kan skje ein gang til. Som om dette ikkje var nok (dykk treng å høyre dette), har Ingebjørg det som på fint norsk også kalles TALENT. Eg har fått skryt for magefølelsen min før, og prøver meg derfor på ein gjetning: Eg trur Ingebjørg har teft, ho ser kva som er lurt og kva som kanskje kan vente til ein annan gong, og ho jobber meir enn dei fleste med å nå måla ho har satt seg. Eg liker folk som følger sine egne overbevisninger, og eg veit at det har vore fleire arrangement i regi av folkemusikk-festivalen som har gått strålande i år. Sjølv om kanskje ikkje alle detaljene er på plass, så fører dette heller til ei litt artig småhistorie heller enn negative tilbakemeldinger. Dersom du tenker at dette er en dårlig unnskyldning for å ikkje ha alt på plass, husk at mennesker ikkje skal vere meir enn akkurat det. På tross av dette, trur eg Ingebjørg ofte strekker seg lenger enn det eit ein bør klare, men heldigvis kan ho også kunsten å sette seg i parken med ei bok i handa om stresset får flygehåra til å lage pels. Som dei fleste har også Ingebjørg  sine dager der ho kjenner seg sliten, overarbeida og oppgitt, men ho er så god til å sei dei riktige tinga til seg sjølv, at eg håper det aldri setter djupe spor. 

Eg håper du våkner nokolunde frisk og opplagt idag. Om ikkje; Dette er den første dagen på ei reise som eg trur berre blir betre og betre. 

Du er eit fint menneske.


En god latter forlenger livet

Little brother


Igjen gyv eg laus på nyttårsforsettet mitt om å skrive om dei eg er glad i, og idag har eg valgt et lite familie-lykketroll som alltid får meg i godt humør. Teksten er på engelsk, så beklager om det er nokon som ikkje får lest det!
The clock is somewhere between the afternoon and evening, and I`m writing this with little energy available, since I woke far too early today, and spent 1 hour just regretting things. I think I fell into some kind of sleep, after a while, but it didn`t give me rest. I`ve had a head-ache the whole day, and even coffee can`t do the trick; But I`ve come through it without any melt-downs, and think I did a fairly okay job with my clients.
The person I want to tell you about was born when I was 14 years old. At that time I really enjoyed myself; I still went to my scout group where I had some really good friends, loved my life and ventured into anything I wanted and thought would be exciting. I wasn’t afraid; I rather risk something than walk away from it, because I knew that the pleasure from something good was worth fighting for. 

About 9 months before May 1999, my mother was picking me up from my friend Torunn. She acted a bit strange and nervously told me we could go shopping Adidas clothes, which at that time, were my favourite mark. I was a bit surprised, but loved going to the stores, so didn`t think more about it. We bought some clothes and I was all glowing satisfaction. When we came inside the car, my mother said there was something she wanted to tell me. She was pregnant, and wondered what I thought about it? I replied (this I know, because my mother has told me about it several times) that it was fine for me: When the baby was little, I would enjoy it very much, and when it became older and more annoying, I wouldn’t live at home, anyway. Little did I know, that this tiny little creature would mean so much to me in the years that followed.
I have a picture from the time right after he was born (may 3th) where I sit with my head on my father`s shoulders. The reason was that I was so touched when I saw him, so innocent and fragile, laying in my mother`s arm. There is nothing more moving than the total trust of a new baby.  I could see his pulse on his soft head, reminding me how vulnerable they are. I was so afraid of losing him when I held his tiny limbs, that I almost didn`t dear to. I remember the first months after his birth, how I could sit there with him in my arms, just looking and looking, never becoming tired of it. When he came into my arms, he often calmed down, and I knew I saw him like a baby should be seen. When he was upset, I could also feel the same uneasiness in the pit of my stomach, but it was important for me to control it so that he also felt more comfortable. My mother recently told me about a time when I and my friend watched him, and he swallowed something bad. I was so worried, but kept soothing him so that he wouldn`t be afraid. The bond created couldn`t be severed, and it’s still there, for us both. One of the most touching moments in my life was a night I was staying at our old house, when my brother was about 10-11 years old. I used a room that didn’t have a door-handle that worked, so if it fell down it was hard for me to get out. I wasn’t too concerned, but somebody else was; Suddenly I heard footsteps outside the door and strange sounds from behind the door. When my brother  opened it, I asked why he came to my room. He said he was so worried that I would be locked inside, that he just had to check if I was okay. This wonderful little man, so considerate and able to care for other people. It went straight to my heart where it has stayed since.

How can one human being mean so much for another, that you are willing to work with your own feelings to an extent that seems impossible when you`re on your own? Stories of mothers being strong for their kids, even when they have a lot of problems of their own, never fail to move me. I see it in my work every day; People so used to giving that they have sacrificed their own goals, happiness and calm for somebody they love. Love can do so much, and it’s the most wonderful thing in the world when it blooms freely. There can`t be too much of it, learning to help people even if you need care yourself, gives so much in return (normally, if you`re with people capable of loving someone back). Never stop giving, but also notice when it just drains you. Physics tells us that energy can`t be created or disappear, but we know we all know how it can fluctuate. You can`t give for ever, if you don’t get YOUR needs covered in some way. For example: It`s necessary to focus your own oxygen-mask before you help the children. Generally, we think clearer, are more able to handle difficult situations and more able to give love, when we have our basics covered. I am really thankful for my siblings and parents for giving me so many good memories and chances to grow.

mine søsken på rekke og rad, og meg med verdens lekraste frisyre

I started this post with telling you all about how much I care for my brother,  The love I had for him, made me fight for the life I wanted, because I couldn`t disappoint him, which I would if I didn’t take care of myself. Today I am working with what I love the most, and I still enjoy spending time with him. This Thursday he slept over at my place, and I took some time off work Friday, so we could do nice things together. We went to the city, to the swimming pool, cooked food and watched Norwegian Idol together. The next day we also did some scrapbooking, and I drove him to the bus-stop and waited for the bus to arrive, before I left, so that he didn’t need to be nervous about it not coming. It was really good to spend time with him, and see for myself how clever and good he has become.
I hope he will always feel safe, and that I`ll always be there when for some reason, he isn’t.

Translate

La vita è bella

About me: