Søk i denne bloggen

tirsdag 28. mai 2013

Forsvar


            Vi vil så mykje godt
  • For tida har eg ganske mange tunge saker på jobb, som nokre ganger truer med å drukne optimisme og håp, men heldigvis varer det aldri særlig lenge før forsvaret mitt slår inn. 
  • Sist gang var eit par veker sidan, da eg plutselig fikk ånden over meg og skreiv mykje om prostitusjon i Asia (skal sjå om eg får posta dette seinare). På søndag satt eg og snakka om det at tre dagers krigsbudsjett (i verda) er nok til å mette alle svoltne mager, og det blei en engasjert diskusjon om veldedighet. Som om ikkje dette var nok; Idag etter jobb skjedde det igjen: Satt og las om dissosiasjon på flyplassen, og flyet nedover, og kjente energien som trua med å boble umiddelbart. Kanskje ikkje tilfeldig (for eg trur jo ikkje på tilfeldigheter..), men etter dette blei mitt optimistiske syn enda meir styrka når eg blei sittande bak tidenes mest levende jente, som satt og prata med ei ukjent dame ved sidan av seg. Eg har aldri sett to så gnistrende auger før, med en så umiddelbar og sterk tilstedeværelse. Som om dette ikkje skulle vere nok, begynte det nettopp eit inspirerende program på svt 1, om Avicii som har samla inn en million som skal gå direkte til hungersnød. Dette blei en suksess, og det er laga dokumentarer og store show med andre kjente artister, for å støtte denne saka. Seek Bromance er kjent for dei fleste som følg med på musikk idag, og denne hiten (samt andre) har vore med på å mette mange sultne mager sidan den blei sluppe i 2011. 


Det skjer då ein del bra saker i verda?



Meir om dette på: 
http://www.houseforhunger.org/about/


Bergling and Pournouri created the House for Hunger to demonstrate the positivity of the music and its fans , while addressing the issue of hunger in a very concrete way.
There is enough food in the world today for everyone to have the food and nourishment they need, and yet there are over 870 million undernourished people in the world today. That means one in eight people do not get enough food to be healthy and lead an active life. Hunger and malnutrition are in fact the number one risk to the health worldwide — greater than AIDS, malaria and tuberculosis combined. Even in wealthy countries, people go hungry every day.


EN av ÅTTE personer. Og eg som kasta en del av fiske-suppa istad (den var ikkje god nok) og trykka i meg sjokolade med havsalt. HELDIGVIS finns det folk der ute som prøver å gjere noko for dei som treng det. 


mandag 27. mai 2013

Gøy på landet





En SMULE meir folk enn i Jølster..
Det har vore ei fin og innhaldsvik veke. Det begynte med tur til Bergen, der eg også feira 17.mai, før eg så reiste til Barcelona med Birgit (utan kamera, så dessverre ingen bilder fra den turen). Eg kom heim til Førde onsdag kveld, og hadde så to dager med jobb foran meg før det igjen plutselig var helg. Innlegget vil idag handle om helga, som blei tilbrakt hos Monica the Woman, i storveis kalas ved sjølvaste Instefjorden!

Eg kjenner meg litt slik som eg gjer etter ein eksamen, litt rastlaus og uklar på kva eg no skal ta meg til. Eg har avslutta ein del prosjekt (som aktiviteter i Førde og italiensk-kurs), vore mykje ute og reist, besøkt folk og oppretta ny blogg, samtidig som eg engasjerer meg på jobb (og det er mykje å engasjere seg i). Eg har og hatt nokre ganske aktive scrappe-dager, og har laga masse ting som kan henges på vegger her og der. Etter slike aktivte perioder kjem ofte eit slags tanke-vakuum. Eg må jo sjå litt tilbake på det som har vore så langt, og kva passer då ikkje betre enn at eg nettopp set meg ned med skrive-programmet for å oppsummere litt av det som har vore?
"Hoppande gla" for å vere i Instefjorden! 

Litt spent som ein jo er når ein får gleden av å møte nye mennesker, etter en nokså asosial periode med mykje lesing, scrapbooking og house på dvd, satte eg meg på bussen laurdag. Eg hadde to store poser med meg på bussen, som eg plasserte både ved sidan av meg og under beina for å få plass til alt. Det såg kanskje ein smule frekt ut, men da vi var færre enn 7 stk på bussen totalt, tillot eg meg denne egoistiske ekstravagansen. Monica hadde gitt meg instruksjoner slik at det skulle vere mest mogeleg overkommelig å finne fram til denne "Instefjorden", noko eg definitivt trengte etter kva som skjedde forrige helg (då eg enda opp i Solund istandenfor Eivindvik..). Men ein ting er sikkert, bussjåfører skal ikkje stolast på! Hadde det ikkje vore for min ekstraordinære smarthet, hadde eg nok ikkje gått av på riktig plass (han sa: Vi tar oss av det dersom du ikkje veit kor du skal av, når eg tenker over det no, kven var egentlig "vi"? Han og "bussen"? Har han ein annan personligheit?). Men denne gangen, gikk det faktisk bra, og takka vere Helene som satt lageleg til på verandaen og slikka sol, skjønte eg til og med kva slags hus som var det aktuelle.


Peace & Love


Huset var stedet for feiringa av Monica, og det vart ein kveld fyllt med diverse moro. Vi fikk sett mange stilige afro-folk som virkelig levde seg inn i rolla si (særlig utover kvelden), hadde leiker og konkurranser som dei fleste (astma blei så vidt unnskyldt etter nøye vurdering) var med på, og fekk også dansa, spilt gitar og preika med kjekke folk. Dagen etter var det frokost (eg klarte å sove til elleve, utrulig nok), enda meir preiking (om afro-galskap, leiker og kjekke folk) før vi fornøgde satte oss i bilen tilbake mot heimstaden. 

Det mest interessante er kanskje å berre SJÅ resultatet av denne store kvelden?




Det blei en tøff battle mellom dei to laga!


Nydelig kveld i fjorden




Monica som funderer på at ho har blitt ett år eldre







En stk glad jente som straks er ferdig med eksamen!



Den kulaste afro-mannen som finns
Afro-mote på høgt nivå






søndag 26. mai 2013

Til Astrid

Astrid har alltid vore bevisst på mote.
Dette antrekket blei kåra til kveldens hottaste.

Mitt første møte med Astrid




Nyttårs-fortsettet mitt lev i beste velgående, og denne gangen er det mi kjære venninne Astrid som skal i ilden.
Reinskriving av intervjuet

Det er artig å tenke tilbake. I første klasse på videregående visste vi ingenting om kvarandre, no har vi 8 år på baken og det føles som vi har kjent kvarandre mykje lenger enn som så. Vi har fulgt kvarandre gjennom lange utdanninger, sett filmer saman, vore på forskjellige fester ilag og prata om det meste. Kven skulle trudd det, den dagen vi snakka for første gang, på Hafstad VGS? Eg er litt tilfeldighets-junkie for tida, og velger derfor å tru at det ikkje var tilfeldig at vår kjære klasse-forstander valgte at eg og Astrid skulle intervjue kvarandre ein av dei første dagene i bli-kjent fasen. Ikkje lenger etter var vi blitt ein romslig gjeng som elska kortspel (særlig i dialekt-timer) og gjorde mykje ilag.

Mykje historie har vi bak oss. Vi har fulgt kvarandre i det lange studie-løpet vi begge valgte i Norges vakreste by, og fortsatt har vi kontakt sjølv om ein naturlig avstand har skilt oss fra kvarandre (Leikanger-Førde <-- men ingenting avstand er stor nok).

Tekst-bilda dykk ser er utkast til intervjuet eg hadde med Astrid (ikkje reinskreve, som dykk ser) med mykje interessant informasjon. Allereie då visste ho at Australia og USA stod på reise-lista, og no kan det faktisk fastslås at dette har Astrid allereie oppnådd, og kven veit kor ho er om ti år?
Astrid om film: Det er så mykje bra, at eg veit ikkje har nokre favoritter! 

Eg trur ikkje eg veit om nokon andre (bortsett fra Andrine) som har så god oversikt over filmtitler og skodespelare, som Astrid har. Ho husker også en del av handlinga, som er mykje meir enn eg kan skryte på meg, og er ganske
god til å forutsjå kva som vil skje i filmen videre. Dette er nok, blant anna, fordi Astrid er ganske så klok. Det kloke, lyse hovudet, har idag brakt ho til Leikanger, kor ho stortrives med å handheve lova. Selfølgelig syns ho det er veldig trist at eg er så langt vekke (:D), men det finns heller ikkje mange klokare hovud som er flinkare til å halde kontakten med dei ho er glad i. I skrivande stund, er ho i Roma saman med gamle kjenninger, og i 2012 reiste ho saman med meg og to venninner til Tyrkia. Der låg vi og blei steikte i sola, nydelig rosa begge to. Flinke var vi også til å kaste oss ut i sjøen, utan å drukne. Solbrente og oppglødd av tyrkisk merksemd, åt vi saman på kveldane.

Astrid så klart med ein flott biff foran seg (for det er jo lov å kose seg av og til?) og med ein
 riktig smak-rik dessert (sa eg kor viktig det var med kosen?).
At Astrid er glad i sjokoladen sin, gjer absolutt ingenting, sidan ho er slank og sporty som einkvar atlet. Det er ikkje få gangene eg har måtte putte opp alt trenings-forsvaret når eg har fått høyre om enda en time på trenings-senteret. I Leikanger er ho fortsatt en av desse kjernesunne sporty jentene, med eplerøde kinn, som får
deg til å stramme inn magen og gå litt fortare der ein ser ho suse forbi på sykkelen. Eit eksempel på kor langt dette kan gå: Astrid sykla opp angina-bakken når ho budde i Førde!!! For dei som ikkje veit kva angina-bakken er, så held det å seie, at dette slett ikkje er barnemat for verken liten og stor. Kanskje det er den tidligere dansinga som har gitt ho nokre fordeler som vi andre dødelige ikkje har?

Mange år har vi kjent kvarandre, og eg vil berre understreke at eg håper det blir mange fleire minner som vi kan legge i livs-albuma vore. En ting veit eg sikkert, dette er ei jente med stort hjarte for menneska rundt seg, eit naturlig midtpunkt som alltid jobber for det ho drømmer om. Eg gleder meg til å sjå kor vi er ti år, det einaste eg veit er at vi forhåpentligvis fortsatt har kontakt.

Du er super, Astrid.

Her har dokke nokre fine bilder som illustrerer både ei og anna side ved jenta:

Du får meg til å smile


Eit naturlig midtpunkt for oss alle

Andrine, Astrid og meg på sommarfesten i Sunnfjord (2012)


torsdag 23. mai 2013

Noko attåt

Koselig små biter med informasjon, og fine bilder attåt

2. If you fake laugh long enough you’ll start to really laugh, really, really hard.

Life is beautiful
5. The chances of you (as opposed to someone else) being born is about 1 in 40 million.

6. Every year, millions of trees grow thanks to squirrels forgetting where they buried their nuts.

7. On the day of his assassination, Martin Luther King Jr. had a pillow-fight in his motel room.

9. Cancer death rates are down 20% in past 20 years.

10. The miles travelled by the Apollo 11 crew to the moon were greater than every single exploration mission to the New World combined.
Penguins mate for life

11. Penguins only have one mate their entire life and “propose” by giving their mate a pebble.

12. There’s an animal called a Dik Dik. And it’s the cutest antelope you’ll ever see.

Cuddling releases oxytocin!


14. Cuddling releases Oxytocin which helps speed healing and recovery from physical wounds.

15. Otters hold hands when sleeping so they don’t drift away from each other.

16. Apollo 17 astronaut Gene Cernan, the last man to walk on the Moon, wrote his daughter initials there. They’ll last at least 50,000 years.

17. There’s a type of jellyfish that lives forever.

18. Wayne Allwine (the voice of Mickey Mouse) and Russi Taylor (the voice of Minnie Mouse) were married in real life.

Butterflies taste with their feet
19. We now have less crime, a lower death rate and longer life expectancy than at any other time in human history.

20. The clitoris has 8000 nerve fibres, double that of the penis, and is the only organ in the body, which has evolved purely for pleasure.

21. Butterflies can taste with their feet.

22. For someone, somewhere in the world, today is the most amazing day of their life.

23. When you die, your body decomposes, and the atoms that contained “you” are recycled into Earth to be used again.

24. Every year the Netherlands sends 20,000 tulip bulbs to Canada to thank them for their aid in the Second World War.

25. Rats giggle when you tickle them. Their voices are so high-pitched you need special equipment to hear them, but when you do, their laughs are immediately evident.

26. Sea horses mate for life, are completely faithful and travel together by holding on to each others tails.

28. If you say “my cocaine” you sound like Michael Caine saying his own name.

29. Male puppies, when playing with female puppies, will intentionally let the female win.


easier to smile than frown
31. It takes seventeen muscles to smile and forty-three to frown.

32.The kingdom of Bhutan use ‘gross national happiness’ as a key national indicator.

33. The majority of European children born in 2013 will live to see the year 2100.

34. Cows have best friends.

35. Neurologically speaking, seeing somebody else smile actually makes you happier.

36. Every human being spent about half an hour as a single cell.

37. There are people, ombrophiles, who have a passionate love for rain.

38. Once your brain realizes that you’re dying, it releases DMT, one of the most powerful known psychedelics. This dilates your perception of time and allowing you to live inside your own mind for hours or even days.

39. No matter how long you live there will always be an amazing new food for you try.


Spinner dolphins swim in pairs for life

41. Aside from a sample in a lab, Smallpox is completely extinct. No one else will ever die from it again.


42. A pig’s orgasms last thirty minutes.

44. Sloths only leave their tree once a week, to pee and poo.

45. Spinner dolphins sleep in pairs, one with the left hemisphere asleep, the other with the right. They each keep watch with one eye and half a brain. They are known to sleep-mate for life.

46. At the time of your birth, you were, for a few seconds, the youngest person on the planet.



Cows produce more milk
when they listen to
"everybody hurts"
47. Cows produce the most milk when listening to the song Everybody Hurts by REM.

49. If you spell out numbers in order, the first time you get to the letter “a” is at one-thousand.

50. We’ve all been here forever. Every bit of matter we see has been here since the beginning of time and it always will be.

51. A monkey was once tried and convicted for smoking a cigarette in South Bend, Indiana.

56. Costa Rica is statistically the happiest nation on Earth.

57. Worms communicate by snuggling.

58. 2013 is the first year since 1987 that consists for four different digits.

59. With our horseless carriages, flying robots, space travel, long-distance communication at the speed of light, cloning, lasers, connection to people all over the world, we are living in the future people dreamed of.

60. If you blend a sea sponge, it will re-form back into a sea sponge.

torsdag 9. mai 2013

Ein heilt ny klode

Kva passer vel betre på ein fridag, enn å starte med noko som får alle til å kjenne at dei kan gjere ein forskjell? Det er mogeleg at desse orda framkalte noko ubehag. Gjer ein forskjell? På fridagen min? Eg ser poenget ditt. Fridager skal handle om avslapning, få gjort ting ein ikkje har fått gjort på lenge, vere sosial og å sove lenge. Eg meiner dog at dagens varp har den magiske "tre-på-ein gang" effekten, ved at du kjenner deg rett så avslappa etterpå (og glad), ein har sjeldant gjort det før, og du kan sove ekstra godt framover. Men kor lang tid, vil dette ta, tenker du? Videoen er elleve minutter, men ein tar poenget etter ca 30 sekunder. Har man dårlig tid, er dette nok. Gjennomføringa: 30 sekunder. Du kan gjere det så mykje du vil, uten bruk av nokre uvanlige kalorier.Tvert om, vil det kunne forbrenne smile-kalorier i fleng.

lørdag 4. mai 2013

in attesa di Italia

Dette året ser ut til å bli dedikert til reising saman med venner. Eg har allereie vore ein minitur til London kor eg møtte Matt, har vore til Danmark med Mariann, til Vilnius med Torunn og Solhild, og skal snart til Barcelona med Birgit. Det venter også en liten tur til Spania med Kari, og så sju dager i New York med Andrine, Astrid og Torunn. Det har allereie vore mange gode minner, og eg ser fram til fleire, men en av dei tinga eg virkelig ser fram til, blir ein liten tur til Italia, som eg sannsynligvis foretar eg meg aleine. Det blir første gang i heile mitt liv eg reiser for meg sjølv, så eg må innrømme at det er ein smule skummelt.





Dei seier forberedelsen er en del av reisa. Det skal i alle fall ikkje skorte på forberdelse i denne gården!
Eg fikk fredag alle desse bøkene i postkassa, som eg håper skal oppretthalde motivasjonen og mine nokså skrale italiensk-kunnskaper. Etter to kurs-sekvenser har eg i alle fall begynt å få ein følelse av språket, så det må eg jo berre få testa ut i praksis!
cinque terre 

Sicilia



Spello



torsdag 2. mai 2013

Blod er sterkare enn vatn


Dette året har eg virkelig funne eit knakandes godt nyttårs-forsett. Ikkje berre er det lett å halde motivasjonen oppe, men det fører også til at eg får vist en rekke bra mennesker kva eg meiner om dei, og når eg kan bruke skrift i tillegg, er det ekstra fristende. Det ein skriv kan bevares lengre enn det tar tånegler å gro, og kan sågar leses om igjen fleire ganger, til og med i lystig lag om det skulle behage. 

Jan og Eric på Astruptunet. Min kjære bror blei litt skuffa over at Herr. Astrup
ikkje var heime den dagen !
Denne gangen er det min to år yngre bror som skal i ilden. Denne karen brukar dessverre ikkje lue med mindre nokon limer den fast på hovudet hans, og det han treng er trygt forvart i lomma, så sekk trengs overhode ikkje. Han er idag ganske høg og sterk, så eg skal prøve å vere i alle fall litt saklig i beskrivelsen slik at eg slepp unna med lett kjefting etter publikasjon. Kanskje eg til og med skal vere snill, på tross av at han er bror min og dermed naturleg nok skal kranglast med innimellom. Men sidan eg etterkvart held på å oppnå status som voksen, og J.T lenge har vore det, skal dette nok gå svært så sivilisert for seg. Det må umiddelbart poengteres at sånn var det selfølgelig ikkje alltid. Som søsken flest kunne vi vere mektig uenige. Bland det saman med to skeier staheit, fire liter dårlig hukommelse og en klype barnslige kjensler, så har du ei ganske virkningsfull oppskrift (på kva, overlater eg til fantasien). 
Grunna den allereie presenterte dårlege hukommelsen, er det litt uklart kva ulike diskusjoner har handla om, men det var sikkert meget viktig når vi var seks og fire år.  
Vi gjorde dog mykje saman, naturleg nok når man tar den vesle aldersforskjellen i betraktning. Noko av det kjekkaste eg visste var felles musikk-stunder. Då sat Jan og klimpra profesjonelt på gitaren, mens eg ymta frampå med høvelege tonar. Eit slåande verk blei resultatet, som eg fortsatt husker mesteparten av den djupe teksten på.

Gitar er obligatorisk i jula!

Det regner og regner
Det er bare rot
Ingenting ser ut til å være bra
Det regner og regner
og det blir åsjerå, og det blir åsjerå, og det blir Å
det blir Åoverskyet NåOåå


Joho, nå blir det orkan
Kjempestor, kjempestor som et haaav
Tar med seg busker og trær, og blomstrer og 
alt som er 
-------------------------------------------------------
Sangen blei til på impuls, litt slek som Spice Girls sin Wannabe (dei sat på en bar, og den eine sa til den andre: I tell you what I want, what I really really want). Min store vesle-bror begynte med klimpring, og eg fulgte på med tilfeldige ord og tonar. Eg tilpassa meg han, og han meg. Slik blei altså denne stormfulle melodien skapt for all eve (Amen). 
Jan har alltid vore interessert i duppedittar. Særlig steig pulsen om han ikkje berre

Tre søsken i perfekt harmoni

Ingenting er kjekkere enn svære motorsykler!
kunne undersøke dei fra utsida, men dersom han også kunne skru opp desse små irriterende skruene for å sjå korleis alt var satt saman. Eg har dermed fått mange interessante tips på livets veg, som at det er lurt å helle neglelakk-fjerner på cd-er som er riper i (det funka faktisk) og har til og med fått kobla om kabler i bilen slik at eg kunne sette på cd-speleren ved å vri om på lysbryteren. Jan var også med på morsomme påfunn, som å lage film-reklame om korleis tysk sjokolade sendte deg rett til himmelen. Som om dette ikkje allereie var nok moro, kunne vi rett som det var også finne på å lage «slott» i høgt gras som vi då krøyp rundt i (før vi skjønte at dette ikkje var så lurt med tanke på at graset skulle opp i slå-maskina etterpå), eller legge madrasser i trappa som vi sklei ned på. Eg husker også spesielt godt eingang vi såg filmen «langoliers» av Stephen King saman (eg fant først ut nokre år seinare, at filmen kom fra min yndlingsforfatter). Vi prata og filosoferte noko voldsomt over universet, og kor mystisk det av og til er.



Idag har Jan Tore utvikla seg til ein høg og trivelig mann. Det er litt rart kvar gang vi møtes, at denne karen som eingang var min «veslebror» no raver over meg som ein svær bjørn. Eg trur imidlertid eg takler det, og heller velge å vere stolt enn å føle meg trua av denne kjempebamsen av en familie-mann. 

Sidan han har flytta tilbake til Bergen no, ser eg han dessverre han, den fine kjæresten og vesle Leander, alt for sjeldent. Men om saknet skulle bli for stort, kan eg alltid sette på ein snutt fra video-filmer som Jan har overført til CD (igjen, kva skulle vi gjort utan din tekniske finesse?). 
Uansett er eg glad for at du er bror min, og håper vi får til mange kjekke treff i tida framover!
Uhorvelig søte, var vi jo så klart!



Mitt liv som psykolog!

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/4100569/?claim=cme7vh2zrdq">Follow my blog with Bloglovin</a>

Translate

La vita è bella

About me: