Søk i denne bloggen

søndag 19. januar 2014

Hadde en drøm

Mens mine klassekamerater skreiv om dronning Cleopatra og historiske hendelser, sprang eg rundt på ungdomsskulen og spurte venner ut om Mikke Mus og mareritt. Istadenfor å studere balsamerings-prosessen, ville eg finne ut kvifor eit snowboard ikkje fallt inn i holet i båten. Når andre analyserte det virkelige liv, prøvde eg å fatte det usynlige og fantasi-fulle. Ikkje min feil at vi fikk lov å skrive vår største oppgave om akkurat det vi ville? Eg rekner med at dei fleste som kjenner meg, veit at eg er ein smule rar innimellom (nokre biter fallt kanskje på plass når eg valgte å bli psykolog), og oppgava mi på ungdomsskulen var eit gyllent eksempel på kor skapergleden min tar meg innimellom. Heilt feil kan det ikkje ha vore, sidan læreren spurte meg om eg ville halde foredrag om det eg hadde gjort. Dette blei hakket over det nivået eg kunne takle, så eg rista energisk på hovudet. Å snakke om personlige drømmer foran klassen eg hadde tilbrakt 9 år av mitit liv med, frista ikkje.

Eg vaks sakte, men sikkert opp. Fortsatt med hovudet i skyene titt og ofte, men eg blei motvillig realitetsorientert, også. Eg har fått høyre at eg må passe på, når eg hopper rundt i skyer, for plutselig fell man gjennom. Akkurat som min kjære hoppa i bassenget før han kunne svømme, har eg hoppa hit og dit i tidligaste laget. Er det rart at min gjentakende drøm i livet har handla om å køyre ned Årdalen uten bremser, eller å måtte rømme fra fiender som er rett i hælane på meg?

Forord
Tilbake til virkeligh.. eh.. drømme-verda. Istaden for å prate om mitt spenstige prosjekt på ungdomsskulen, tenkte eg rett og slett å VISE det her. I min ivirge pakking og rydding, kom eg over mitt bidrag til oppgavehaugen, og sjølv om eg må le litt over skrivestilen min, er det fortsatt morsomt å sjå tilbake på kor eg ville hen tidligere i livet (det er faktisk en rød tråd i det heile)
Fra REM til EMDR


Desse mareritta

litt vitenskaplig var eg tross alt
draumer som symbol

Kva gir en draum deg?

tolkning av egen draum
Samansatt analyse

Konklusjon: Eg et for mykje godteri!
Ein konklusjon på det heile

Translate

La vita è bella

About me: