Søk i denne bloggen

søndag 23. mars 2014

Flyttesjau

Flytting er ingen spøk. Sidan eg fikk vite at eg måtte ut fra sjukehusleilgheten i mars, har eg vore bevisst på at min store samling med ting måtte fraktes til ein ny plass. Eg trur eg allereie i oktober køyrte det første billasset med gjenstander mot Jølster. Sidan min vesle Opel Corsa ikkje får plass til allverda, var det en møysommelig prosess å frakte noko som helst. Men det var ikkje før midten av januar eg tok flyttinga på alvor. Nesten kvar helg blei brukt til å få fjerna i alle fall noko, og i februar begynte eg på demontering av møbler på samme tid som eg og Kim var på visninger. Dessverre vart det ikkje bolig på oss så fort som tenkt: Men hell uhell fikk eg bu i leilgheten litt til, og eg innser no, når det verste flyttestøvet har lagt seg, at eg hadde måtte pakke i mange slitsomme timer om eg skulle ha komme meg til Jølster. Fortsatt er eg overraska over kor mykje tid og krefter flyttinga har kosta: for ikkje å nevne fortvilelse over møbler som skal skrus fra kvarandre og løftes med svake jentemuskler. 

No har eg fått mange av dei viktigste tinga inn i leilgheten (men mykje står fortsatt igjen på Jølster). Luftmadrass låner eg, og eg har kun ein stol å sitte på, og ingen hyller. Men eg kjenner at pulsen går litt meir normalt og at eg er glad for at det meste nå er på plass. Det var utrulig deilig å få så mykje av tinga mine på plass i en heilt anna leilgheten enn der eg budde. Eg har fortsatt ikkje vendt meg til det skinnende, reine badet og den nydelige trollveggen. Den består av nydelige, trolske, sølvtre, og utrulig nok kom eg over ein kvit puff med samme sølvtreet på! 
Som om ikkje dette var nok, låg deg også rester av tapeten igjen i boden, så Idag har eg mala både bilde og ei lita hylle med det same mønsteret. Eg er fortsatt ikkje heilt ferdig, men malingen må tørke. Imens gir eg meg en real klapp på skulderen. Om nokre dager reiser eg til København, og neste helg flytter Kim hit. 

Endelig er flyttesjauet over

Translate

La vita è bella

About me: