Søk i denne bloggen

mandag 9. juni 2014

Lyseblått er rått


Igår fant eg eit kjempepraktisk 'skap' med masse plass, og som også kan stå ute da coveret er av plast. Derfor er det no fullt av scrappeutstyr og plassert på den knøttvesle verandaen, og sjølv om den kan sjås fra vegen var den mindre sjenerande enn plantejungelen som er flytta ut dit for å bli vatna naturleg.
Som dykk ellers ser, går det i lyseblått for tida. Gardiner, duker, hyller, permer og lampeskjerm har alle fått smake kosten, i likhet med meg. Eg skjønte det kanskje begynte å bli litt vel mykje maling på meg, når eg fikk lyst å male betongveggen på brua lyseblå. Men no står pynten for tur, så med mindre fleire ønsker lyseblå bru, set eg lokket på malespannet for denne gang. 


Translate

La vita è bella

About me: