Søk i denne bloggen

søndag 13. juli 2014

Ung kvinne søker Adam og Gaffel

Har du nokon gang prøvd å komme deg gjennom ei helg med berre ein gaffel? Ufrivllig har eg testa dette ut for deg, og kan allereie no røpe: Det er mogeleg, men ikkje til å anbefales.

Fredag inviterte eg til middag. Med middag meinar eg ikkje big-one med ekstra ost, som verken krever gaffel eller noko særlig anna utstyr, men laks med tilbehør. Å tilberede dette måltidet, gikk ganske greit på tross av heftig multi-tasking. Det er kanskje ikkje rart at eg ikkje la merke til ein liten detalj: Eg hadde kun ein gaffel i skuffen! No trur du kanskje at eg er veldig gjerrig, og det kan eg jo vere, men i dette tilfellet hadde K. vore vennleg nok til å fjerne alt bestikk bortsett fra nokre små skeier, en gaffel og ein brødkniv. Eg hadde også ei stor skei fra Jysk, som diverre knakk bittert saman når den fikk prøve seg på blåbærisen.

Gjesten min hadde allereie fått beskjed om at verten var gått tom for dopapir, men rakk ikkje å få med seg at eg også mangla essensielt tilbehør som tallerken og altså denne berømte gaffelen. Gjesten fikk min gaffel og ei skei, mens eg åt laks med teskeier. Maten var heldigvis god likevel, og vi blei minna om kor fint det er å ikkje vere student lenger.

Kvelden gikk fint på tross av lite bestikk, og eg har så langt klart meg gjennom heile helga med berre ein gaffel. Eg har åte blåbæris med fredagsgjesten, kost meg med den same isen dagen etter med to søsken og åte mat som ikkje krever gaffel-grep.

Det hjelp naturligvis på at eg har forelska meg. La meg presentere Adam, den mest stødige og vakre skapning du kan forestille deg:

Adam




Translate

La vita è bella

About me: