Søk i denne bloggen

tirsdag 9. september 2014

Dissosiasjon: Litt informasjon




En dissosiativ pasient?

Dissosiasjon er noko vi alle kan oppleve: Har du nokon gang køyrt bil utan å tenke på noko? Plutselig er du framme, og du kan ikkje huske noko fra turen før du stopper. Dette er ein mild form for dissosiasjon, kor ein rett og slett «kobler ut» litt. Våre små grå har godt av nokre pauser der autopiloten tar over. Meir alvorlig grad av dissosiasjon ser vi ved PTSD, personlighetsforstyrrelser eller andre diagnoser som omhandler dissosiasjon. Hukommelses-tap, ustabilt følelsesliv, ei kjensle av tomheit og manglende kontroll kan vere nokre av symptoma. Eg har også sett somatisk dissosiasjon: Her er deler av kroppen «kobla fra» psyken. Eit eksempel vil vere ein arm som plutseleg sluttar å fungere, utan at ein finn nokon medisinsk årsak til det. Dette kan vere ein reaksjon fra kroppen si side, etter eit traume. Mange asylsøkere, har vansker knytta til dette. Dei ønsker ikkje å tenke på traumatiske hendelser, og å «dissosiere det vekk» blir ein midlertidig løsing som i nokre tilfeller også fungerer. Det er ein form for forsvar, som slår inn når vi er i umulige livssituasjoner. Personer som opplevde terroren 22.juli eller i twin towers, beskriv dette godt. Mange opplevde at dei ikkje var tilstede i sin egen kropp, og at dei handla på instinkt. Mange får flashbacks, og kjenner det samme i kroppen no som då hendelsen fant stad. Kroppen husker, med andre ord. Men når vi IKKJE vil huske, prøver vi å trenge det vekk. Nokre ganger går dette som nevnt fint, men om en skal fortrenge gjentatte traumer, oppstår ofte meir trøbbel. Mange førstefødende opplever funksjonsfall etter sitt første barn. Det kan vere at smerten ved fødsel reaktiverer tidligere minner, og at denne reaktiveringa set seg i kroppen som noko som ikkje kan ignoreres lenger. Mange kan ha levd eit heilt liv, uten nevneverdige symptomer, for så å falle heilt saman etter ein kritisk hendelse som får alt fra barndommen til å vende tilbake.

Nedenfor ser dykk eit bilde av ein sint gut (meir om sinne og dissosiasjon) . Dissosiasjon gir seg ofte utslag i ulike følelses-tilstander, som svinger og som ofte oppleves som utenfor ens kontroll. I det eine sekundet er ein blid og fornøgd, for så å bli rasende av en liten kommentar. Dette er å «switche». Vanlige reaksjoner fra miljøet kan vere at: «Han forandra seg totalt!». For personen sjølv kan det vere like uforklarlig: «Det berre svartna for meg». Nyere studier viser at dissosiasjon i ulike former (Nijenhuis et al, 2006) er meir vanlig enn først trudd. Som nevnt kan dissosiasjon vere eit normalfenomen, men når det begynner å påvirke evnen til å leve eit normalt liv, kan det føre til plager som får personen til å oppsøke hjelp. Kunnskap om dissosiasjon er viktig, men dessverre er det like fokus på fenomenet under utdanninga til leger og psykologer. Det er ofte opp til behandleren å sette seg inn i desse fenomena, noko eg syns er synd, då det forekjem så ofte.


Translate

La vita è bella

About me: