Søk i denne bloggen

lørdag 25. oktober 2014

Hopp i havet


Om en time skal eg hoppe i havet. Eg lurer på korleis det er? Kjem det til å vere ubehagelig å føle at eg ikkje kan puste? Blir det vanskelig å bevege seg? Klarer eg å klumse det til under vatn og? Det viktigste/ får eg svømme blant skilpadder ? 

Eg har hatt lyst til å dykke i fleire år no. Kvifor det aldri har blitt noko av, er eg usikker på.    

Instruktørene virker i alle fall hyggelige nok. Faktisk trur eg det skal gå bra, sidan eg ikkje har klaustrofobiske tendenser og elsker å vere innhylla i materiale som plastikk, dyner og trange plasser. Syns det er trygt og behagelig. Når eg var o Thailand var eg for eksempel på en spa der eg blei surra inn i plastikk med fuktighetskrem slik at eg knapt kunne bevege meg. Så der låg eg, i min kremfylte kukong, og kjente velbehaget komme mens mi solbrente hud blei lega. Eg er også glad i havet, og skilpadder, så desse tre saman bør jo vere en uslåelig kombinasjon. En ting er sikkert, eg VIL få det til, uansett kor lang tid eg bruker på å skjønne korleis ein puster uten å føle en blir kvalt. 

Tre timer seinere, like heil og mange opplevelser rikere. Eg har lært meg å puste under vatn, hils på skimrende fisker og gått opp fra havet i mønsterbølger. Om eg får lov til å sei det, syns eg det gikk riktig bra. Sjølv om eg nesten fikk panikk første gang vi skulle prøve å gå under vatn, klarte eg det på andre forsøk. Fortsatt noko skummelt, men plutselig var eg nede på den svarte sanden og svømte saman med fiskene. Eg hadde heile tida augekontakt med instruktøren og sendte små ok-signaler for å forsikre oss begge om at eg ikkje gløymte korleis eg skulle puste. Etter første forsøk tenker eg: Dette skal eg gjere igjen! No dykka eg ikkje noko meir enn nokre meter, og allerede var det mykje fint å sjå. Men kva når eg kan dykke ned blant korallrev? I undersjøiske grotter fylt med skilpadde ? Da trur eg ingenting er meir magisk!

God lørdag til alle, så skal eg nyte dei siste solstrålene før eg vender nasa mot Norge igjen! 
http://lifeisbeautfiul.blogspot.com.es/2014/10/reisedagbok-tenerife.html?m=1

Translate

La vita è bella

About me: