Søk i denne bloggen

torsdag 13. november 2014

Me, myself & my brain

Å observere seg sjølv frå innsida er mildt sagt spesielt. At denne fettklumpen av nervetråder innheld det som er MEG, er nokre gonger vanskelig å forstå. Når vi hadde om hjernen på studiet, blei interessen min for korleis hjernen fungerer, vekt for alvor. Å sjå ein ekte menneskehjerne, var litt surrealistisk, men aller mest var det fascinerende. Tenk: Det som er deg og det som er meg, er elektriske impulser som går hit og dit. Nokre ganger går dei i feil baner og lager krøll, andre ganger blir strømmen leda til dei riktige stadene og utretter dermed mirakel. Forskninga på hjernen er idag kome mykje lenger enn då eg studerte, og kvart nytt forskningsfunn er som ei gåve som inneheld endå fleire overrasker når ein får pakke opp neste lag. Litt som å skrelle ein løk: Det tar tid å kome til kjernen, men laga som beskytter den fortsatt ukjente kunnskapen, blir skrella vekk en for en, fram til vi har lært endå meir og blitt endå klokare. Vi er dei første pattedyra som faktisk klarer å tenke på våre egne tanker, på godt og vondt. Godt når det fører til nye oppdagelser som videreutvikler og skaper muligheter for å få eit betre liv. Vondt når vi tenker så mykje over alt, at det fører til grubling og lågare livskvalitet. Eg velger å oppretthalde magien og det positive knytta til sjølvinnsikt og tanker. Utan evne til å sjå innover, ville verda vore heilt annerledes idag. Vi kan takke våre små grå for at vi idag har eit rimelig velfungerende samfunn der dei fleste har sjansen til å leve det livet dei ønsker. Mange lengter kanskje tilbake til tida før teknologien, som eg absolutt kan forstå. Men for meg, som har vakse opp med duppeditter og internett, er framtida spanande.

For å krydre mine filosofiske tanker om hjernen og livet generelt, legg eg ved bilder av min egen hjerne. Eg får den samme rare følelsen når eg ser det som er MEG som når eg såg en menneskelig hjerne for første gang.


Translate

La vita è bella

About me: