Søk i denne bloggen

torsdag 11. desember 2014

London


Eg elsker å reise. Uansett om dette betyr forsinka fly, lang reiseveg og økonomiske tap. Denne turen har ført til mykje av nettopp dette: Flyet til Oslo var to timer forsinka, som førte til at eg overnatta på hostel som nødløsning. Moroa slutta ikkje der: Det viste seg at hostellet eg booka i London befant seg i utkanten av storbyen, faktisk så langt utenfor at det tok meg over tre timer å reise dit. Med andre ord: Eg måtte belage meg på mykje venting og reising. Som om dette ikkje var interessant nok mista eg flyet til Bergen av samme grunn: Det tok meg 3,5 timer å nå flyplassen. Dette innebar en ny kriseløsning; Et fly til Bergen som kosta meg 4000 kr.  Ikkje spesielt kult , men overlevbart. 















No er eg på Heathrow og venter på flyet som går kl tre. Siden det blei booka i siste liten var den siste muligheten et fly som ikkje er framme i Bergen før halv ni. Men som Nish sa: Slike opplevelser blir ei fin historie etterpå. Sjølv om eg skulle ønske at eg ikkje hadde like mange lignende historier å vise til, veit eg at alt ordner seg. Helgigvis har eg mykje å underholde meg sjølv med: Bøker, tanker og minner. For der har vore en veldig fin minitur til London. Eg møtte igjen mange mennesker eg er glad i: Nish fra Canada og Hannah, Gemma og Simon fra UK. Vi reiste saman når vi var i Asia, og hadde mange minner som vi tok fram og lo over. Eg av desse historiene var korleis eg mista passet mitt i Laos og fikk det igjen på mystisk vis. Som eg sa: Historier som egentlig er basert på negative minner, blir eit positivt minne etterkvart. Uventa opplevelser huskes, og byr på overraskelser som kan endre liv. Gjennom å miste ting, gå meg vill og sulle det til, har eg møtt mennesker eg aldri kjem til å gløyme. Eg har oppdaga kor vennlige folk er når dei får høyre di historie, og kor mykje dei hjelper deg når du ikkje forventer det. 


Translate

La vita è bella

About me: