Søk i denne bloggen

søndag 5. april 2015

Den omreisande seljaren: Kapittel 4

Lars tok tak i jakkermet til Andrea og heldt det hardt. Andrea kjente pulsen stige, kva var det han hadde tenkt til no? Før ho riktig rakk å registrere kva som skjedde, datt Lars framover og landa med hovudet ned i den skarpe snøen. Bak han stod ei forskrekka Helle med ei steikepanne i handa. ”Omforlades”, stotra Helle, som virka overraska over det som nettopp hadde skjedd. ”Du måske si noe til Claus”. Andrea nikket kort til Helle, usikker på om ho var letta eller sint for at kjærasten hennar no låg medvitenlaus i snøen. Det rant blod frå eit lite kutt i hovudet, som blanda seg med den uskyldige kvite snøfargen. Kva skulle dei gjere no? Helle helt fram med å stotre på dansk, og sa noko om at Lars sikkert berre var litt slått ut, men at dei kanskje gjorde lurt i å flytte han, slik at dei ikkje skapte redsel blant deltagarande i påskerennet. Dei bestemte seg for å flytte Lars inn i det lille vedhuset som låg på baksida av hytta. Dette var lettare sagt enn gjort for to lette kvinner, men på underleg vis klarte dei å få forflytta kropppen til Lars inn i vedaskjulet, han var trass alt ikkje den tyngste gutten i verden. Dei fant ein presenning som dei la han ned på, og pakka han godt inn i dette og en sovepose som Andrea hadde gått og henta. Medan dei pakka han godt inn, byrja Helle å fortelje om korleis Claus behandla ho, om at ho kjente igjen aggressiviteten og blikket til Lars frå Claus, og at ho ville forhindre at dette også skjedde med Andrea. Så forlot dei han, usikker på kva som ville skje etterpå, når han endeleg kom til seg sjølv.

Andrea og Helle kom blidt tilbake til hytta. Dei fleste hadde no lagt seg, bortsett frå livlege Daniel, som satt framfor ovnen og passa på at det endå brant godt. Han såg spørjande på dei to, då han la merke til at Lars ikkje var med tilbake. Andrea fant opp ei historie om at han ville gå seg ein liten kveldstur for å få tatt nokre flotte bileter. Det var fullmåne og derfor det perfekte motiv. Han kunne finne på å bli ute i nokre timar i jakten på det perfekte biletet. Daniel nikka kort til dette og gjespa, han såg trøtt ut. Andrea greip moglegheiten og tilbaud seg å sitte oppe med peisen og passe på, så kunne han legge seg. Ho var uansett ikkje trøtt endå ettersom ho nettopp hadde trekt frisk luft. Daniel let seg ikkje be to gongar og forsvant opp på hemsen. Claus hadde visst lagt seg, og lette snork kunne høyrest fra hans retning i hemsen. Det var berre Andrea og Helle som no var våkne og det passa dei bra. Det virka ikkje som Lars var klar over kva som hadde skjedd, og dei planla å fortelje han at han hadde fått ein stor isblokk i hovudet frå taket på hytta, og at dei hadde lagt han i vedskjulet fordi dei ikkje ville bekymre dei andre deltagende. Historien virka plausibel nok. Dei slo seg til ro med dette. Helle som satt ved siden av blei berre meir og meir søvnig, og til slutt var haka heilt nede i brystet og augene var lukka. Andrea smilte mot denne dama, dette var ei god kvinne som hadde opplevd mykje vondt i livet, akkurat som ho. Andrea blei no også søvnig, og la seg litt framover på trebenken ho satt med, og før ho visste ordet av det hadde ho sovna ho også, med den deilige knitringa frå ovnen som bakgrunnslyd.

Seljaren hadde stått bak hytta då Andrea og Lars hadde kome ut. Han var no mykje nærmare målet sitt enn han hadde trudd. Han hadde en murstein klar i handa, klar for å kvart augonblikk angripe… Men nokon hadde kome han i forkjøpet. Ei lita, men hissig dame hadde stått bak Lars med ei steikepanne i handa og hadde plutseleg slått til gutten med all si kraft, slik at han landa framfor dei. Dette var ikkje ein del av planen til seljaren. Dei to kvinnene stod forkava og såg på kvarandre og diskuterte kva dei skulle gjere. Dei røska tak i Lars og byrja å dra han mot der han stod. Fort gjekk han i motsett retning og fant seg ein kikeplass bak vedskjulet.  Dei to kvinnene styrte rett inn i vedskjulet, og seljaren kunne observere alt som skjedde frå ein sprekk utanfrå. Dei pakka han inn som om han var eit stykke knusande porselen, og forlot fort vedskjulet og gjekk tilbake og inn i hytta. Han stod og såg på ei stund, før han bestemte seg for å gå inn til Lars. Han kjente på den skarpe knivseggen han hadde i slira si. Han var klar.

Andrea blei vekt av lyden av steikepanne mot komfyr, og kjente snart den tydlege lukta av speilegg. Det var blitt lyst og dei fleste rundt ho var i full sving. Ho hadde sove som ein stein. Ho kikka bort på Helle som gnei seg i augene, og litt etter litt kom gårsdagens hendingar tilbake til ho, og ho kikka seg raskt rundt. Lars var ikkje her. Det måtte bety at han framleis låg i vedskjulet. Ho møtte blikket til Helle, som såg ut til å tenke nøyaktig det same. Helle var eit hovud framfor Andrea i tenkinga. ”Skal vi gå ud en tur, litt frisk luft?”, sa ho blidt. Andrea nikket til dette og ingen av dei andre såg ut til å synest at det var noko påfallande med dette. Claus låg framleis i soveposen og snorka. Dei to tok på seg ytterklea og forsvant ut av hytta, tok seg en runde rundt den før dei bestemt styra i retning vedskjulet. Dei skjønte at noko var frykteleg galt då dei såg at døra var vid open. Det var ikkje slik dei hadde forlete den kvelden i forvegen. 

Lars låg inn i eit bagasjerom då han kom til seg sjølv. Ved sidan av han låg ein snøscooter som han ikkje drog kjensel på. Kva i helvete var det som hadde skjedd? Han kjente ein bankande smerte i bakhovudet. Han måtte ha slått seg. Det tok nokon sekund før han merka at hendene var binda saman med eit sterkt rep. Han kunne ikkje bevege på seg. Han skjønte ikkje kva som skjedde, men skjønte at dette ikkje kunne vere bra.

Dei hadde kome til eit tomt vedskjul med ingen spor etter noko. Presenninga han låg på var også vekke, men dei kunne ikkje sjå tydelege spor etter verken dette eller en kropp i snøen. Dei forstod ingenting. Det måtte bety at Lars hadde vakna og gått ein plass. Det var vanskeleg å tyde noko fotspor, då både gamle og nye var overalt rundt dei, i tillegg til at det hadde snødd lett i natt. Andrea var redd. Ho hadde ikkje meint at dette skulle gå så langt, ho ville ikkje Lars noko vondt. Ho byrja å grine fortvila. Helle tok eit godt tak rundt skuldaren hennar og lova at alt skulle bli bra. 

Dei kom tilbake til hytta og fortalte dei andre at Lars ikkje hadde kome tilbake frå fototuren sin i går kveld. Helle og Andrea bestemte seg for å avbryte turen og reise tilbake for å kontakte politiet. Claus såg ikkje ut til å vere særleg nøgd med dette, han meinte at Helle ikkje skulle blande seg i dette og at dei kunne fullføre vidare. Det enda med ein ilter diskusjon mellom det danske ekteparet og etter det Andrea kunne forstå, ein del stygge danske bannegloser. Dei blei einige om at Claus fekk fortsetje på eigahånd, saman med bergensarane og nokre andre, medan Helle, Andrea og Daniel bestemte seg for å reise tilbake og melde Lars sakna. Daniel hadde ikkje vore med fellesbussen og hadde parkert  bilen sin nede ved Legestøylen, så han kunne køyre dei tilbake til Skei. Andrea var veldig takknemeleg for dette, og saman la dei tre i reisefølgjet turen tilbake igjen.


Translate

La vita è bella

About me: