Søk i denne bloggen

torsdag 23. april 2015

Der ein note byrjar og ein tar slutt

"Bye, bye, love"
Endeleg! Der traff eg noten og akkorden på same tid! Ein stille jubel bygger seg opp i meg. Ein skulle nesten tru at eg sat med ein smash-sjokolade i munnen, berre at dette er betre. Dette gir ingen dårleg samvittighet saman med ein tanke om at eg nok bør kome meg på trening igjen. Det er kjensla av at hardt arbeid har løna seg. Plutseleg gjer det ingenting at eg hadde lyst å kaste pianoet ut vindauge to minutter tidligare. Det er verdt det.

Eg har nettopp kome heim fra min fjerde pianotime, og har plassert meg på ein lyseblå stol med noteheftet foran meg. På timen var the "the rose" som skulle til pers, og no har eg altså funne fram nye noter sidan eg faktisk har fått til å spele songen utan . Sidan noteheftet ikkje består av veldig mange songer, og 3/4 av dei er ukjente uansett, havna eg på "bye, bye love", som eg i utgangspunktet ikkje ville ha valt å høyre på med mindre nokon sa eg måtte ete brokkoli til frokost, lunch og kvelds resten av livet.  Men alt er annleis når eg skal spele den sjølv. Då betyr det ingenting at melodien er simpel, eller at du normalt blir lei av den like fort som du blir av ein tyggis. Når eg merkar at hendene mine flytter seg dit eg skal, AV SEG SJØLV, kjenner eg gleden sitre.

Vanlegvis reiser eg rett på italienskkurs etter piano-øving, men forrige torsdag hadde vi siste kursdag. Det kom litt overraskande på meg, noko som ein av mine medstudenter fikk gleden av å oppdage når eg utbraut "ER DET?!?" med trillrunde auger.

Det vil alltid vere noko som byrjar, og noko som tar slutt. Men sjølv om kurset i seg sjølv er ferdig, har eg fortsatt italiensk-appen min, og ei lydbok med italienske fraser, til å halde kunnskapen ved like. Eg har også tre ark med rotete skriblerier der eg har laga assosiasjoner ved hjelp av memo-teknikken. I praksis betyr det i Solhild sitt kollektiv befinn det seg no ein anker i gangen (ancora) og i Eva si trapp ein pakke med regler på toppen (regalo). Desse arka er etterkvart krøllete fordi eg tar dei med meg overalt, det same med notearket til "the rose" som både har vore med meg til Jølster og Bergen. Med andre ord prøver eg å halde det eg lærer, ved like. Det kan vere utruleg frustrerende til tider, fordi alt går så SEINT. Eg har alltid likt best når eg skjønar noko med ein gong, og har blitt lettare småkvalm av alt som må repeteres, men etterkvart som eg har blitt eldre og klokare, skjønar eg at det faktisk gir ekstra glede når ein får til noko ein har måtte jobbe hardt for.

Men no er det på tide med avslapning. Foran meg er boka "En mann med navn Ove", som eg fikk anbefalt av en psykolog på poliklinikken. Etter nokre få sider har eg allereie fått meg ein god latter, så kvelden ser ut til å bli bra.



Translate

La vita è bella

About me: