Søk i denne bloggen

fredag 3. april 2015

Påskekrim frå Sunnfjord: Den omreisande seljaren, kapittel 2



 Søndag 29.mars – Palmesundag 



Det krydde med folk på Essoen tidleg palmesundag. Det var tid for det tradisjonsrike påskerennet Årdal-Nes, og dei deltakande som kom frå heile fylket var kledd i vindtette jakker og gamasjer. Andrea og den nye kjæresten hadde bestemt seg for å delta denne gongen. Det hadde alltid vore ein draum, men ho hadde aldri våga å legge ut på denne turen åleine. Kjæresten hennar var ein skientuiast og let ikkje moglegheiten til å gå ein skitur, gå frå seg. Dei hadde stilt seg utanfor bensinstasjonen og venta tolmodig på fellesbussen som skulle ta dei til Årdalen, der turen starta. 

Andrea var lettare nervøs for turen og hadde ikkje orka å få i seg heile frukosten, ho følte seg litt slapp, ikkje akkurat eit bra utgangspunkt for turen. Medan ho stod og stampa med føttene for å halde varmen, såg ho eit ansikt framfor seg som ho helst skulle ha vore foruten. Birger, den største sladrehanken i bygda, såg på ho med argusauge og smilte sitt usedvanlege sleskete smil. ”Er det ho Andrea frå Håheim? Jammen er det ikkje det! Lenge sidan eg har sett deg ja. Ja, du går vel på universitet og prøvar å bli lærd. Kan tenkje meg at du har blitt bitt av bybasilla, har byrja å kle deg som sånne tullete universitetsfolk og starta å miste dialekta”. Han lo ein hånleg latter og slo seg på låret, som om han hadde sagt noko veldig morosamt. Andrea, i håp om mannen skulle forsvinne, smilte falskt som svar. Birger let seg ikkje stoppe av denne tausheita, og hald fram med ein tirade om både det eine og det andre. Han snakka om kor hard vinteren hadde vore på tela, og korleis dette ville påverke avlingane denne våren. Det var ikkje før han hadde byrja å snakke om sin nye traktor, at han la merke til mannen som stod ved sidan av Andrea. ”Nei, kven er no dette for ein kar? Deg har eg no aldri sett før”. Lars, den nye kjæresten til Andrea, smilte fårete og presenterte seg sjølv. 
”Jeg er Lars, kjæresten til Andrea”, sa han kort. Smilet til Birger blei enda breiare då han høyrte den tydlege austlandstonefallet til Lars. 
”Jasså, så du er ein sånn austlending du. Er det ikkje bra nok menn her heime for deg Andrea? Men det er vel typisk at ein må ha ein bygutt når ein byrjar på universitetet”. Andrea lo ikkje med Birger. Ho stod og tenkte på korleis ho skulle bli kvitt denne bonden, då ein buss frå Firda Billag svingte inn frå riksen, og kom Andrea til unnsetning. 
”Der er bussen vår”, ropte Andrea letta og peikte mot bussen som tok ein usving bak bensinstasjonen og kom mot dei. 
”Nei, vi må komme oss av gårde”, sa ho overdrevent blidt mot Birger og nikka kort mot han, før ho tok tak i skia og gjekk ivrig mot bussen, veldig glad for å komme seg unna denne bygdetullingen. 

Den korte bussturen frå Skei til Årdalen var usedvanleg oppløftande etter samtalen med Birger. Ho slapp å sitje ved sidan av ein bondetulling som stilte ho slitsame spørsmål om kva ho dreiv med, kva ho skulle bli og om ho skulle flytte tilbake til Jølster. Dei satt faktisk framfor eit dansk par, som hadde tilbragt påskeferien i Jølster dei siste femten åra. Dei var godt kjent med den tradisjonsrike turen og kom med råd om skismøringa. Sidan påska var litt sein i år, anbefalte dei rosa skismøring for turen. Blå var visst ein sukseesoppskrift om ein ville gå med med klabbar heile vegen. Det var ikkje alt Andrea klarte å forstå av det danskane fortalte, men ho trur ho fekk med seg det viktigaste. Dei var hyggelege og ikkje plagsomme, og det var det viktigaste. Bussen var elles fylt av forbausande få jølstringar. Det var mange frå Bergen på bussen, samen med nokon sunnmøringar, sogningar og nordfjordingar. Det låg ann til å kunne bli ein hyggeleg skitur. 

Andrea måtte medgje ganske raskt at ho kanskje var litt dårlegare trent enn dei fleste som skulle gå påsketuren. Det tok ikkje lang tid før dei hadde spent på seg skia, som Andrea måtte bruke gjentekne forsøk på å få på seg, før ho endeleg kunne stavre seg framover, med noko som føltes alt for glatte ski, at dei andre deltakande var langt framfor. Lars hadde kun teke med seg lilla skismøring, han hadde sta påtått at det var det einaste som dugde i Holmenkollen, og derfor måtte det gjelde her også. Andrea hadde prøvd å bemerke venleg at skismøringa var avhengig av temperaturen på snøen, noko som det også stod ganske tydeleg på skismøringa, men dette rista han surt på hovudet av og ”mente at det var meget overdrevet. Skismøring var da ikke noen heksekunst”. Hadde Andrea vore modig nok, skulle ho spurt dei snille danskane om å få låne den rosa, men dette turte ho ikkje. Det blei til at dei starta turen med usedvanleg glatte ski. 

Inne på Essoen hadde var den omreisande seljaren. I dag hadde han på seg caps og hadde på seg ein falsk bart for å igjen ikkje bli gjenkjent. Han bestemte seg for å late som han trengte å kjøpe kjøleveske og stilte seg framfor hyllene med bilutstyr. I det han studerte bilpolish høyrte han ein høg og inntrengande stemme prate med den serviceansatte bak disken. 
”Jah, eg møtte ho Andrea frå Håheim utanfor. Ho hadde fått seg ein sånn austlendingstype, spinkel var han ja, kan ikkje vere mykje husmannskomst der han kjem frå, ikkje har han drive med gårdsarbeid heller. Dei er noko sveklinga desse austlendingane, ikkje skjønna eg kva ei fager Jølsterjente skal med ein sånn type”. Mannen som stod bak disken, såg ut som han kjeda seg av desse opplysningane, men jatta med. 

Den andre mannen hald fram med å fortelje, medan han lo overdrevent. ”Haha ja, også skal dei gå Årdal-Nes no, skal banne på han derre austlendingsklysen ikkje kjem lenger enn fem meter, før han snur”. Han lo kraftig og tok seg på den skallade hovudet. Den omreisande seljaren kjente det sitra i kroppen då han høyrte desse opplysingane. Ho var ute på skitur, og hadde han flaks kunne han nå att dei med snøscootaren han hadde bak i bilen sin. Dette var den perfekte plan. Han hadde sjanse til å overfalle denne ekle typen hennar ute i ingenmansland, der han ikkje kunne rope på hjelp. Han fant raskt fram kjøleveske, skunda seg fram for å betale og ropte ”God påske”, overdrevent hyggeleg til den ansatte. Så sprang han ut i bilen og slengte seg inn i førersetet, medan han klekka fram ein ny plan.

Etter 2 timar der dei prøvde hardt å ikkje skli bakover, kom dei endeleg fram til Stegsvatnet. Det var is på halve vatnet, så det var umogleg å ta båten for å kome seg over. Sidan isen heller ikkje var trygg nok til å gå på, var det kun eit alternativ att, og det var å gå den korte stien langs vatnet. Lars blei bleik då han såg den smale stien som skråna bratt ned i det djupe vatnet. 
”Skal vi gå der?”, sa han nervøst. Andrea heva brynna og tok av seg skia, og gjorde seg klar for å starte ferden. Lars nølte, men gjorde det same. Snøen var djup og det var vanskeleg å sjå kor foten landa. Andrea fulgte fotspora til dei som hadde gått framfor og la merke til at det no ikkje var ein person i sikte. Dei hadde blitt frågått dei siste deltagande for lenge sidan, og gjekk no heilt åleine. Det såg ut som dei måtte overnatte på Longvasshytta i natt, då dei ikkje rekke å gå heile ruta før det blei mørkt. 




Dei gjekk sakte langs vatnet. Lars grøssa der han såg ned i det djupe, kalde vatnet. Undrande på kva som måtte befinne seg i botnen langt der nede. Kanskje hadde nokre beiteydr fått eit ublidt møte med vatnet? Han ville ikkje ein gong tenke på det, om han sklei nedi ville han kanskje møte på eit dyrelik. Andrea la merke til at Lars stadig var nokon skritt bak og at han bevega seg ustø, ho kommanderte han til å sjå rett framfor seg. Dei var nesten kome heilt på andre sidan no, og Andrea satte frå seg skia i snøen, då ho såg at snøen byrja å rase under føttene til Lars. 
”Lars. NEI”, hylte Andrea og såg at Lars kvelva framover og ned i stien, før nedre delen av føttane landa i vatnet. Ho byksa framover og fekk akkurat tak i armane til Lars før han sklei lenger nedover. Ho klarte akkurat å redde han frå eit ublidt møte med det iskalde vatnet. Ho fekk drege ein skrekkslagen kjæreste opp og innpå snøen. Lars rista ukontrollert. 

Den omreisande seljaren hadde parkert bilen nede ved Legestøylen og fått scootaren ut frå det store bagasjerommet. Han pakka med seg truger i bagasjerommet til scooteren, litt alkohol og litt kjøt, han rekna med at dette kunne bli ein langvarig aksjon. Han starta scootaren og såg fort alle skispora som gjekk i bein linje oppover. Han trykte inn klutsjen på scooteren og fauk framover i stor fart. Han var så klar. Etter ein liten halvtime var han framme ved Stegsvatnet. Han såg to skikkelsar heilt i andre enden av vatnet. Han slukka fort motoren, fant kikkerten frå bagasjerommet og lente seg framover. Heilt utruleg! Der var Andrea og typen hennar. Andrea i ein vakker raud anorakk, som stod i stil med den bleike og mjuke huda hennar. Lars, stod ved siden av. Såg ikkje Lars kjent ut? Dei var i ferd med å få på seg skia. Det gjekk ein skjelving gjennom den omreisande seljaren. Ikkje fordi han frøys, men av opphisselse. Dei hadde berre eit lite forsprang. Han skjønte at han ikkje ville klare stien med scooteren, noko som var like greitt då han ikkje ville tiltrekke seg merksemd frå dei to. Han fant fram trugene frå bagasjerommet og gjorde seg klar. Målet hans var i sikte.


Translate

La vita è bella

About me: