Søk i denne bloggen

mandag 11. mai 2015

Queen happy going home

For tida klør eg i fingrane etter å bestille ferie på skyscanner. Men sidan eg skal vere litt meir fornuftig i år, og bruke ferie til å flytte, blir det nok mindre turer enn eg skulle ønske. Kva gjer ein då? Jo, ein mimrer. Heldigvis har eg flust av minner som står i kø for å få oppmerksomhet frå meg. Idag kom eg over eit gammalt innlegg som eg skreiv når eg var på venninne-tur til Tyrkia. Eg var så heldig å få feira bursdagen min der, og dette har nesten blitt tradisjon. Bursdag = stikke av til utlandet for å sleppe bursdagsmaset.

Det var en glimrande tur for det meste, men nokre av dei mindre hyggelige bitane blir servert nedanfor:

Eg er i mine siste timene av en perlende opplevelses-pakke full av ekte alkymi. Strender av vanlig sand kjennes som silke, skittent vatn som livets kilde og normale tyrkerer har gitt meg meir tru på at verda funker fint på mange måter. Eg har kjent kloakk-lukt daglig, dusja i sinnsforstyrra vatn (vekselvis kald og varmt, alt etter som) og holdt ut slitsomme plage-ånder. En av desse, var  'tunge-mannen' som skulle servere mat til oss fredag kveld.

Fredagen hadde så langt vore ganske bra. Eg hadde farga håret mitt mørkt, kommunisert med en nydelig karamell-unge og sugd til meg nokre soldråper, men var tross dette i vekas første miserable humør. Dette av forskjellige grunner, blant anna dårlig søvn og minimalt matinntak. Klokka var sju når vi kom til resturanten, og humøret mitt steig nokre grader sjølv om irritasjonen murra like under overflata. Den skjøre roen varte ikkje lenge, sidan ein kelner av tvilsomt kaliber kom gåande mot oss med mange gjeste-avskrekkande replikker på lur. Det første eg la merke til var tunge-utstikkinga. Kvar gang han sa noko som han trudde var morsomt, som at han kunne smøre inn sine delikate kropps-deler med matrester for oss, stakk han ut tunga før den gikk kjapt inn igjen. Ubehaget steig, sidan han samtidig smilte på en særs uattraktiv måte. Eg bestemte meg for å ignorering han, for mitt indre trafikk-lys var farleg nært rødt. Eg klarte det ei stund, men illusjonen sprakk snart i sømmene.
Du har ikkje vore på tur om du ikkje har kyssa en papegøye

God mat, fint hotell og fantastiske venninner

Vi sat og prata ei stund om slange-mannen og eg kryssa fingrane for at eg fikk minst mulig med han å gjere. Dessverre kom han alt for fort tilbake for å ta bestillingene våre. Det første eg fikk vite at vegetar-retten eg valgte, ikkje var god, noko som var greit nok sjølv om det også irriterte meg litt, men så begynte vi å bestille drikke. Eg og Torunn ville dele ei flaske med vin, og ville ha den som ikkje kosta så mykje. Han fortalte med ei bedrevitande mine at vi IKKJE KUNNE VERE SÅ DUMME å bestille så dårleg vin, samtidig som tunga og gliset dukka opp igjen som om vi var i ein dårleg skrekkfilm. Eg bryr meg lite om korleis vin smakar sidan eg knapt kjenner forskjell på raud og kvit. Så lenge det ikkje er heimebrente varer, er eg fornøgd. Dette prøvde eg å formidle på ein roleg måte.  Det er forsåvidt greit å spørre to eller ein gong til om ein er sikker på valet, særlig om det blir gjort på en hyggelig måte, men når han for SJETTE gang påstod at han visste best, og vi kunne ikkje ta den dårlige, forferdelige vinen, bobla blodet og eg svarte frekt tilbake at vi gikk om han ikkje lot oss få bestille det vi ville. På tross av enda meir tydelig understrekning og rett-ut tale, ga han seg ikkje. På dette punktet måtte eg berre lukke munnen og sjå ned, for tårene trua med å renne ned på den ikkje-eksisterande maten. Han forstod ikkje at eg verkeleg var trøtt, forbanna og trist, men etter enda nokre uelegante tunge-bevegelser forsvant han til slutt. Eg klarte faktisk å blokkere han frå tankene mine resten av kvelden, og hadde en fin kveld videre. Vi gikk på karaoke, og eg fikk synge til klokka 12, da bursdagen min blei ringa inn.

Bursdagen min blei ei tåredryppande affære. Eg fikk tre happy birthday sanger, der den eine blei framført av sikkert 20 resturant-gjester, to kaker, mange klemmer, fantastiske helsinger fra dei eg er glad i og ikkje minst ein minnerik kveld med venninnene mine. Utan det sosiale er vi berre små, og den dagen var eg i overkant rørt av alle som ville vise at dei brydde seg.


Translate

La vita è bella

About me: