Søk i denne bloggen

fredag 24. juli 2015

Festivalhjartet banker på Skjerjehamn


Eg har alltid hatt respekt for mennesker som setter seg eit mål, og jobber hardt for å få det til. Utkantfestivalen er for meg eit eksempel på mennesker som brenner for noko, og som oppfyller andre sine drømmer på linje med sine egne. 


For tre år sidan var eg så heldig å få helse på festivalsjefen for utkantfestivalen, og for tredje år på rad har eg fått studere korleis ein person kan skape noko heilt spesielt saman med andre eldsjelder. Ein festival krever mykje planlegging og godvilje frå alle involverte. Ein festival er eit stort hjarte som slår, eit fint maskineri som krever vedlikehald og kunnskap for å virke som det skal. Frivillige er dei som får hjula til å gå rundt, utan dei hadde det vore umulig å få til noko som helst.

I timesvis jobber frivillige med små og store oppgåver, uansett vær. Det som kanskje imponerer meg aller mest er korleis alle komponentene i festivalhjartet fungerer saman. Dersom en person er sliten, er det straks ein annan som ser dette og tar over ei oppgåve. Det er mange oppmuntrende klapp på skuldra, og ei stå-på haldning som en berre må bøye seg i støvet for. 


Etter berre to dager kan eg allereie konstatere at festivalsjefen har klart det igjen: På tross av regnbyger leverer artistene og dei frivillige ein minnerik festival. Er det rart at forhåndssalget var betre i år enn nokre ganger før? At festivalen veks og at festivaldeltakerene trosser regnbyger, vind og kronglete veger for å sitte framfor scena og nyte kvelden? 

I år, som Ifjord, har eg møtt mange interessante mennesker. Eg har fått snakka med artister som elsker det dei jobber med, og som gir av seg sjølv både på scena og i kvardagen. Det er slike mennesker som inspirerer og som gjer at andre får lyst til å følgje sine drømmer. Festivalhjarte slår uavbrutt og gir ein gjenlyd som vibrerer i kroppen lenge etter at det siste scenelyset er slått av. Eg har møtt artister som spiller i fengsel for å glede dei innsatte (Tiebraker), frivillige som danser til musikken mens dei serverer mat, en glimrende konferansier som oppmuntrer oss til å klappe og danse, og ein festivalsjef som gjennom månader med planlegging og hardt arbeid, har fått festivalhjarte til å banke i takt med musikken. 



Translate

La vita è bella

About me: